Abdoulaye Wade: Senegalesisk politikar

Abdoulaye Wade (fødd 29.

mai">29. mai 1926) er ein jurist og politikar. Han var president i Senegal frå 1. april 2000 til 2. april 2012. I 1974 stifta Wade det liberale partiet Parti Démocratique Sénégalais (Det senegalesiske demokratiske partiet), som han har leia sidan. Han var i fleire tiår opposisjonsleiar og har både vore fengsla og i eksil.

Abdoulaye Wade
Abdoulaye Wade: Senegalesisk politikar
Fødd29. mai 1926 (97 år)
Kébémer
Statsborgar avSenegal
Yrkepolitikar, advokat
InstitusjonarUniversité Cheikh-Anta-Diop
Utdanna vedLycée Condorcet
Université de Franche-Comté
EktefelleViviane Wade
BarnKarim Wade
MedlemAcadémie des sciences d'outre-mer
Alle verv
  • Senegals president (2000–2012) Sjå dette på Wikidata

Karriere

Wade stilte for første gong som presidentkandidat i februar 1978 mot president Léopold Sédar Senghor, og fekk 17,4 % av røystene. Han stilte igjen i 1983, 1988 og 1993, og kom kvar gong på andre plass, bak president Abdou Diouf. I februar 2000 kom han igjen på andre plass i første runde av presidentvalet, men sidan ingen kandidatar fekk reint fleirtal vart det ein andre valomgang 19. mars. Wade vann med 58,5 % av røystene. Han vart president 1. april same året.

Det første året som president måtte Wade samarbeida med eit sosialistisk fleirtal i nasjonalforsamlinga. I 2001 fekk partiet hans fleirtal i parlamentsvalet. Etter ei ny grunnlov som vart vedtatt i 2001 vart presidentperioden redusert frå sju til fem år, frå og med neste presidentperiode. I desember 2004 vart det skrive under ein fredsavtale som skulle gjera slutt på tjue år med krig i Casamance-regionen sør i Senegal. Wade har kome under kritikk frå menneskerettsorganisasjonar som Amnesty International for trakassering og trugsmål mot journalistar og opposisjonelle.

Ved presidentvalet i 2007 vann Wade, som kandidat for Det senegalesiske demokratiske partiet, ein klar siger i første runde, med 55.9 % av røystene.

Abdoulaye Wade: Senegalesisk politikar 
Abdoulaye Wade med George W. Bush i 2003.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Abdoulaye Wade: Senegalesisk politikar  Commons har multimedium som gjeld: Abdoulaye Wade

Tags:

192629. maiSenegal

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Bobby BareDen sørlege vasslangenEukaryotarSpelet HundreBrad PittStilarkHepatitt C-virusMaren LundbyTegan and SaraDet norske flaggetEiffeltårnetTidvatnBukspyttkjertelenRefraksjonHenrik II av EnglandDei fem K-ane i sikhismenNoreg under sommar-OL 2008Communist Party of Great Britain22. aprilNord-KoreaSteve PorcaroNederlandEAftonbladetKirunaDen europeiske unionenStrilHolbækDaniel RadcliffeIndonesiaNordsamiskLys24. aprilTorremolinosBengaltigerOdinAleksander den storeStar WarsBeltaneJerry DouglasTarjei VesaasLonely and BlueStrilamålEddie MurphyHotel CaliforniaNatriumSnikkarEuropiumFrankarar8. aprilHákarlSkandinaviaSvartehavetElbaLangnebbparakittRombeKommunismeNorske kommuneblomarISO 4217Verktøyet filJordaHerbert HooverDet norske alfabetetBrusselAfghanistanHarriet BackerParisAlbert GleizesWorld of Music, Arts and DanceThomas A. DorseyMiljøproblemSouth LanarkshireEnaresjøen🡆 More