A Steady Drip, Drip, Drip

A Steady Drip, Drip, Drip
Studioalbum av Sparks
Utgjeve 15. mai 2020
Studio Sparks (Los Angeles, California)
Sjanger
Lengd 54:26
Selskap BMG
Produsent Ron Mael, Russell Mael
Sparks-kronologi 
Hippopotamus
(2017)
A Steady Drip, Drip, Drip Annette
(2021)

Singlar frå A Steady Drip, Drip, Drip
  1. «Please Don't Fuck Up My World»
    Utgjeve: 16. desember 2019
  2. «Self-Effacing»
    Utgjeve: 19. februar 2020
  3. «I'm Toast»
    Utgjeve: 13. mars 2020
  4. «One for the Ages»
    Utgjeve: 27. mars 2020

A Steady Drip, Drip, Drip er det 24. studioalbumet til den amerikanske rockegruppa Sparks. Det vart spelt inn i pausar mellom filprosjejkta til Sparks, og er spelt som eit fullt rockeband i ei rekkje musikalske stilar. Albumet vart generelt kritikarrost for både tekstane og musikken..

Albumet kom ut digitalt 15. mai 2020 på BMG Rights Management og gjekk inn på den britiske iTunes-lista på åttandeplassen. Det gjekk òg inn på lista i USA, Tyskland, Frankrike og Canada - og nådde 13. plassen på den britiske Official Album Downloads Chart Top 100.

Den fysiske utgjevinga av albumet vart utsett på grunn av covid-19-pandemien og kom først 3. juli 2020. Det kom samstundeds med YouTube-premieren på ein musikkvideo av Cyriak Harris for songen «The Existential Threat», og den fysiske utgjevinga av A Steady Drip, Drip, Drip gjekk inn på sjuandeplassen på den britiske albumlista. Det vart den andre topp 10-plasseringa deira på rad og den fjerde totalt. Albumet gjekk òg inn på Billboard 200-lista i USA for første gongen sidan In Outer Space i 1983.

Bakgrunn

Etter Hippopotamus i 2017 la Sparks ut på turné, og fortsette arbeidet som manusforfattarar og komponistar for den komande musikalen Annette med Adam Driver og deltok i ein dokumentarfilm om karrieren sin regissert av Edgar Wright.

Mellom desse prosjekta var det tid til å skrive og spele inn A Steady Drip, Drip, Drip. Ron Mael sa i eit intervju: «Me hadde arbeidd så lenge på filmen Annette og det var ei tid då det var rolegare medan dei ordna forskjellige saker kring forretningssida av filmen. I staden for å berre sitje og vente, ønskte me å gå attende og spele inn individuelle songar. Materialet kom ganske lett denne gongen.»

Stil

Som Hippopotamus, studioalbumet som kom før dette, er A Steady Drip, Drip, Drip spelt inn som eit rockeband. Randall Roberts skildra det i Los Angeles Times som «moderne, elektronisk-driven kunst-pop», og reflekterer den tradisjonelle stilmessige variasjonen til Sparks med «pop, rock, New Wave, synth-pop, disco, dance, electro, orkestermusikk, opera» med Russell Mael sin fleirspora vokal, akkompagnert av rocka gitarar og trommer.

Russell Mael sa i The Quietus: «A Steady Drip, Drip, Drip er ein god introduksjon til Sparks [...] det er eit av dei albuma som er over heile kartet lydmessig og tekstmessig er det verkeleg òg kompromisslaust. Det er ikkje skremmande på nokon måte.» Albumet vart kjent for sine mange førekomstar av ordet «fuck», noko som er noko uvanleg i katalogen til Sparks - Los Angeles Times siterte Ron Mael og sa: «Vi heldt ut i 23 album».

Tekstmessig blir innhaldet i songane skildra av David Cheal i Financial Times som «morosam, smart, bua, skeivt, tørt, vittig, smart, rart, og til tider faktisk ganske rørande». Louder Than War-skribenten Tim Cooper samanlikna skrivinga til Ron Mael med den til Cole Porter eller Ivor Novello, «bruker vett i form av ordspel og metaforar, men likevel er emnet og uroa hans alltid moderne; aldri meir enn på 'iPhone', ein song viss refreng er noko me alle kan føla med: 'Legg frå deg den jævla iPhonen din og høyr på meg.'»

Avslutningssporet til albumet «Please Don't Fuck Up My World» vart av Heather Phares i AllMusic skildra som ei «gripande økologisk bøn» som «klarer å bruka eit barnekor til ein ikkje-motbydeleg effekt», er òg uvanleg i musikken til Sparks for å ha ein openlyst politisk bodskap. Ei rekke andre songtekstar, med frasar som «All interaction's now suspended» og «Threat outside, let me hide, just until the danger passes, then I'll go outside ... the Existential Threat is at your patio door and do not let it in», vart spelt inn før utbrotet av COVID-19-pandemien, og verka uhyggeleg føreseiande i ettertid.

Utgjeving

Opphavleg var albumet planlagt utgjeve 15. mai 2020, men berre den digitale versjonen av albumet kom ut på den datoen, medan dei fysiske formata (vinyl, CD, farga vinyl) vart forseinka til 3. juli 2020, på grunn av COVID-19-pandemien. Interessant nok krev vinylutgåva at lyttaren speler plata med 45 RPM sjølv om albumet er ei 12" dobbelplate. Samtidig med den fysiske utgivinga av albumet, hadde ein offisiell musikkvideo for songen «The Existential Threat» premiere på YouTube med animasjon laga av den engelske frilansanimatoren og komponisten Cyriak Harris.

Mottaking

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic82/100
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusicA Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip 
American SongwriterA Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip 
Clash9/10
Exclaim!9/10
Financial TimesA Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip 
The Irish TimesA Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip 
musicOMHA Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip 
The TelegraphA Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip 
The TimesA Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip A Steady Drip, Drip, Drip 
Uncut9/10

A Steady Drip, Drip, Drip har ein poengsum på 82 av 100 på nettstaden Metacritic, basert på 16 meldingar, noko som indikerer «universell heider». Mat Smith skreiv i magasinet Clash og karakteriserte det som «klassiske Spark-augneblinkar, fulle av komedie, smarte ordspel, behendige utforskingar av alle dei utalde problema i verda, med arrangement som høyrest like aktuelle og friske ut som ein doggvåt vårfryd.» Lyd- og musikkpublikasjon MusicnGear uttalte at albumet «mogleg godt kunne tenna fantasien du hadde som barn; og minne deg om den fulle uhemma fridommen som kan komma med kreativitet.»

Etter den digitale utgivinga kom albumet inn på den britiske iTunes-lista på åttandeplassen, og dessutan iTunes-listene i Frankrike, Canada, USA og Tyskland på høvesvis nummer 19, 32, 44 og 47. Ho kom inn på UK Official Album Downloads Chart Top 100 på nummer 13, og gjekk deretter inn på britisk topp 10 på sjuandeplassen då dei fysiske formata vart utgjevne i juli 2020, og gjentok dermed plasseringa til forgjengaren Hippopotamus. I tillegg gjekk albumet til topps på UK Official Independent Albums Chart.

Innhald

Alle songar er skrivne av Ron Mael og Russell Mael.

Nr.TittelLengd
1.«All That»4:44
2.«I'm Toast»3:32
3.«Lawnmower»3:39
4.«Sainthood Is Not in Your Future»4:13
5.«Pacific Standard Time»4:23
6.«Stravinsky's Only Hit»4:10
7.«Left Out in the Cold»4:18
8.«Self-Effacing»3:42
9.«One for the Ages»3:49
10.«Onomato Pia»2:52
11.«iPhone»4:01
12.«The Existential Threat»3:24
13.«Nothing Travels Faster Than the Speed of Light»4:25
14.«Please Don't Fuck Up My World»3:14
Total lengd:54:19

Medverkande

Andre medverkande:

  • Steven Nistor – trommer
  • Evan Weiss – gitar
  • Eli Pearl – gitar
  • Patrick Kelly – bass
  • Ryan Parrish – saksofon
  • Alex Casnoff - ekstra klaverinstrument på «One for the Ages»
  • Coldwater Canyon Youth Choir - ekstra vokal på «Please Don't Fuck Up My World»

Salslister

Salslister for A Steady Drip, Drip, Drip
Liste (2020) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria) 29
Nederlandske album (MegaCharts) 88
Den franske albumlista (SNEP) 159
Tyske album (Offizielle Top 100) 24
Skotske album (OCC) 2
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade) 25
Britiske album (OCC) 7
UK Independent Albums (OCC) 1
75

Fotnotar

Kjelder

Tags:

A Steady Drip, Drip, Drip BakgrunnA Steady Drip, Drip, Drip StilA Steady Drip, Drip, Drip UtgjevingA Steady Drip, Drip, Drip MottakingA Steady Drip, Drip, Drip InnhaldA Steady Drip, Drip, Drip MedverkandeA Steady Drip, Drip, Drip SalslisterA Steady Drip, Drip, Drip FotnotarA Steady Drip, Drip, Drip KjelderA Steady Drip, Drip, Drip

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Erik AndersenKredittkortBlåLibanonFriesland i NederlandLofotenKristoffer ColumbusRabagastKrapina-ZagorjeDag HammarskjöldSverigeTorinoElon MuskInformasjonskapselBeverBiologisk systematikkTraneKjempeviseslåttenOperasjon BarbarossaVatikanstatenInnlandJoseph HaydnNordfjordeidLyse klosterCowboy-LailaSauInga frå VarteigRingdrottenHøgaste fjell i EuropaZakopaneSim sala bimSzilveszter CsollányStolen generasjonEsperantoRomanen BeatlesMogopDet tyske herrelandslaget i fotballSvenska flaggans dagRudolf BlodstrupmoenUruguayCharles DarwinAnna MolbergAdolf HitlerRoland BrücknerThe Rolling StonesHenrik WergelandHalsnøyMusvåkJordaHalloKjerringa med stavenNangijalaNorske fylkeskommuneslagordPolarlysØrnOnamJanne HolménSvart kattHjerneJordbruksrevolusjonenKirgisistanRussiskNazistKrøllalfaNettlesarAtenSamisk kulturIndiaHenri av LuxembourgPico da Neblina🡆 More