A Night At The Opera: Studioalbum av Queen

A Night at the Opera er det fjerde studioalbumet til det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i november 1975.

A Night at the Opera
Studioalbum av Queen
Språk engelsk
Utgjeve 21. november 1975
Innspelt August – november 1975 i Sarm, Roadhouse, Olympic Studios, Scorpio og Lansdowne i London og Rockfield i Monmouthshire
Sjanger
Lengd 43:10
Selskap EMI / Parlophone (Europe)
Elektra (US)
Produsent Roy Thomas Baker, Queen
Queen-kronologi 
Sheer Heart Attack
(1974)
A Night at the Opera A Day at the Races
(1976)
Singlar frå A Night at the Opera
  1. «Bohemian Rhapsody»
    Utgjeve: 31 Oktober 1975
  2. «You're My Best Friend» / «'39»
    Utgjeve: 18. mai 1976

Det vart produsert av Roy Thomas Baker i lag med Queen, og var det dyraste albumet som var spelt inn då det kom ut. Albumet har henta namn frå Marx-brørne-filmen A Night at the Opera, som bandet såg ein kveld i studioet medan dei spelte inn albumet. Albumet vart opphavleg gjeve ut på EMI i Storbritannia, der det nådde toppen av UK Albums Chart i fire veker, og Elektra Records i USA, der det nådde fjerdeplassen på Billboard 200 og vart det første albumet til bandet som selde til platina i USA. Verda over har albumet seld over seks millionar eksemplar.

A Night at the Opera inneheld mange musikkstilar, frå balladar og songar i varieté-stil, til hardrocksongar og progressiv rock. Det inneheldt òg den mest suksessrike singelen til bandet, «Bohemian Rhapsody», som vart den første singelen deira som nådde toppen i Storbritannia, og ein av dei mestseljande singlane både i Storbritannia og i verda.

Utgjeving og ettermæle

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusicA Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar 
Chicago TribuneA Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar 
Encyclopedia of Popular MusicA Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar 
Pitchfork Media8.9/10
PopMatters9/10
Q (1993)A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar 
Q (2006)A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar 
The Rolling Stone Album GuideA Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar 
UncutA Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar A Night At The Opera: Utgjeving og ettermæle, Innhald, Songar 
The Village VoiceB–

Albumet var det dyraste som var spelt inn då det kom ut, og May har sagt at om ikkje A Night at the Opera hadde blitt ein suksess, så hadde Queen gitt seg. Albumet vart ein stor suksess og debuterte på toppen av den britiske albumlista og låg i alt fire veker på toppen av lista. I USA nådde det fjerdeplassen, den høgaste plasseringa deira til då. I 1977 vart «Bohemian Rhapsody» nominert til to Grammy-prisar for beste popsong av ei gruppe og beste vokalarrangement.

I eit intervju på den tida sa Kris Nicholson i Rolling Stone at sjølv om dei som andre heavy metal-grupper hadde ein hang til å «manipulere dynamikk», så er Queen i ein liga for seg sjølv innan sjangeren og skilde seg ut med å nytte «usannsynlege effektar: akustisk piano, harpe, acapella-vokal, ingen synthesizerar. I lag med gode songar.» Melody Maker kalla albumet «eit album du må ha», og oppfordra lyttarane til «å skru opp og nyt», medan Winnipeg Free Press skreiv: «Potensialet til gruppa er praktisk talt endelaust, og indikerer at Queen kjem til å ta plass blant dei handfulle, verkeleg store banda i rocken i dag.»

AllMusic og Stephen Thomas Erlewine kalla albumet «eit sjølvmedviten latterleg og oppblåst hardrock-meisterverk» og «progrock med humoristisk sans og dynamikk». Erlewine meinte at Queen «aldri gjorde det betre noko gong». Rockehistorikaren Stephen Lambe har hevda at albumet er progressiv rock i boka si Citizens of Hope and Glory: The Story of Progressive Rock. Han skreiv: «Sjølv om det er langt frå progressiv rock, var dette det mest grandiose og ambisiøse albumet bandet hadde gjeve ut til no, fulle av flotte songar og prog-påverknader.» Han sa albumet var «eit fint symbol på det lengste progrockrørsla strekte seg». The Dutch Progressive Rock Page konkluderte av A Night at the Opera «kryssar musikalske grenser og kombinerer mange musikkstilar, som gjer det til eit verkeleg progressivt album».

I 2006 skreiv Q at dei følte at dei aldri toppa albumet, som magasinet sa «framleis er praktfullt, monumentalt» som britisk rock sin «største ekstravaganse». Uncut skreiv om «rekkjevidda til det tullete mangfaldet til bandet». Mojo kalla albumet «eit imperialistisk ekstravaganse, eit overflodshorn». Pitchfork Media og Dominique Leone sa at bandet toppa sine samtidige på albumet utan å avgrense seg sjølv eller spare på noko. I følgje Rhapsody og Mike McGuirk, vert A Night at the Opera ofte rekna som eit av dei største rockealbuma gjennom tidene. McGuirk følte at kombinasjonen av heavy metal, innspelingseffektar, det sofistikerte teatralske, og britisk prakt gjorde albumet vinnande å lytte til. BBC sa om plata: «Jula 1975 vil alltid bli hugsa som jula til Queen. Og A Night at the Opera er framleis den finaste stunda deira.»

Lovord

Publikasjon Land Lovord År Plassering
1001 Albums You Must Hear Before You Die UK 1001 Albums You Must Hear Before You Die 2005 *
ABC AUS Poll: Top 100 Albums 2007 28
BBC UK Poll: Top 100 Albums 2006 9
Channel 4 UK Poll: Greatest 100 Albums 2005 13
Classic Rock UK The 100 Greatest Rock Albums Ever 2001 25
The 100 Greatest British Rock Albums Ever 2006 17
The 200 Greatest Albums of the 70's (20 greatest of 1975) 2006 *
Kerrang! UK Poll: The 100 Best British Rock Albums Ever 2005 19
NME UK Poll: Greatest 100 Albums of All Time 2006 19
Q UK The 50 Best British Albums Ever 2004 17
Rolling Stone Mexico Poll: The 100 Greatest Albums of All Time 2004 11
USA Poll: Readers' Top 100 Albums 2002 82
USA The 500 Greatest Albums of All Time 2003 231
Virgin UK Poll: All Time Top 1000 Albums 1998 87

(*) syner til ei uordna liste.

Nyutgjevingar

Albumet vart først gjeve ut på ny i USA på Hollywood Records den 3. september 1991 med to bonusspor, som ein del av ein komplett nyutgjevinga av alle Queen-albuma.

Den 30. april 2002 vart albumet gjeve ut igjen på DVD-Audio med ein 5.1-kanals miks i Dolby Digital og DTS-kringlyd. Han inneheld òg den originale videoen frå 1975 av «Bohemian Rhapsody».

Den 21. november 2005 vart gjeve ut igjen på ny på Hollywood Records i høve 30-årsjubileet til albumet og den første singelen, «Bohemian Rhapsody». Denne kom med ein DVD-Video-plata med same innhald og dei originale videoane, gamle og nye konsertopptak (mellom anna «'39» frå Queen + Paul Rodgers-turneen og Brian May på taket av Buckingham Palace som spelar «God Save the Queen») og lydkommentarar av alle fire medlemmane.

I mai 2011 gav Universal Music ut albumet på ny med ekstra bonusplate. I lag med dette kom ei 5.1-kanalsutgåve av albumet på Blu-ray Audio.

Innhald

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Death on Two Legs (Dedicated to...)»Freddie Mercury3:43
2.«Lazing on a Sunday Afternoon»Mercury1:08
3.«I'm in Love with My Car»Roger Taylor3:05
4.«You're My Best Friend»John Deacon2:50
5.«'39»Brian May3:25
6.«Sweet Lady»May4:01
7.«Seaside Rendezvous»Mercury2:13
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
8.«The Prophet's Song»May8:17
9.«Love of My Life»Mercury3:38
10.«Good Company»May3:26
11.«Bohemian Rhapsody»Mercury5:55
12.«God Save the Queen» (Instrumental)Trad. arr. May1:11
Bonusspor på Hollywood Records-versjonen frå 1991
Nr.TittelLengd
13.«I'm in Love with My Car» (Remix av Mike Shipley 1991)3:28
14.«You're My Best Friend» (Remix av Matt Wallace 1991)2:52
Bonusplate på Universal Records-utgåva frå 2011
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Keep Yourself Alive» (lenge tapt nyinnspeling, juni 1975)May4:04
2.«Bohemian Rhapsody» (acapella-mix av operadelen.)Mercury1:03
3.«You're My Best Friend» (akkompangment miks)Deacon2:57
4.«I'm in Love with My Car» (gitar- og vokalmiks)Taylor3:18
5.«'39» (konsertopptak frå Earl's Court, juni 1977)May3:46
6.«Love of My Life» (søramerikansk konsertopptak, juni 1979;)Mercury3:43
Bonusvideoar på luksusutgåva på iTunes i 2011
Nr.TittelLengd
7.«Bohemian Rhapsody» (originalversjonen utan flammar) 
8.«Seaside Rendezvous» (30-årsjubileum 2005) 
9.«Love of My Life» (konsertopptak Milton Keynes '82) 

Songar

Death on Two Legs (Dedicated to....)

«Death on Two Legs» vert omtalt som Freddie Mercury sitt hatbrev til den tidlegare manageren til Queen, Norman Sheffield, som i fleire år hadde behandla bandet dårleg og misbrukt rolla si som manageren deira frå 1972 til 1975. Dette vart sidan avvist i ein sjølvbiografi som Sheffield publiserte i 2013 kalla Life on Two Legs: Set The Record Straight der Sheffield nekta for rykta og refererer til kopiar av dei originale kontraktpapira mellom Quen og Sheffield. Sjølv om songen ikkje har nokre direkte referansar til han, vart Sheffield rysta då han høyrte songen i Trident Studios då albumet kom ut og saksøkte bandet og plateselskapet for ærekrenking. Saka enda i forlik, og dette avslørte seinare sambandet hans til songen.

Under konsertane introduserte Mercury som regel songen til «ein verkeleg jævel av ein herre», men denne linja vart sensurert i versjonen som finst på konsertalbumet Live Killers i 1979.

I dokumentaren Classic Albums om innspelinga av A Night at the Opera sa Brian May at bandet først var noko forbløffa over den bitre teksten til Mercury og vart av Mercury skildra som «så hemngjerrig at Brian følte seg slem av å syngje han».

Som med «Bohemian Rhapsody», vart det meste av gitarpartia på songen først spelt på piano av Mercury, for å syne May korleis han ønskte det på gitar. «Death on Two Legs» stod på setlista til Queen til og med The Game-turneen i 1980, og vart så droppa.

Lazing on a Sunday Afternoon

«Lazing on a Sunday Afternoon» er ein song av Mercury. Han spelte piano og song all vokal. Solovokalen vart sungen i studio og reprodusert gjennom hovudtelefonar i ei tinnbøtte ein annan stad i studio. Ein mikrofon fanga opp lyden frå bøtta, som gav det ein hol «megafon»-lyd. Gitarsoloen skal ha blitt spelt på vokalsporet, sidan det ikkje var fleire spor igjen å bruke.

I'm in Love with My Car

«I'm in Love with My Car» er ein song av Roger Taylor. Songen vart først rekna som ein spøk av May, og trudde ikkje Taylor var seriøs då han spelte inn ein demoversjon av songen.

Taylor spelte gitar på den originale demoen, men denne vart sidan spelt inn på ny av May på hans Red Special. Taylor song solovokal på studioversjonen og seinare konsertversjonar. Rusinga av ein bil mot slutten av songen vart spelt inn med den dåverande bilen til Taylor, ein Alfa Romeo. Tekten var inspirert av ein av scenearbeidarane til bandet, Johnathan Harris, som hadde ein Triumph TR4 som visstnok var hans «livs kjærleik» Songen er dedisert til han og på plateomslaget står det: «Dedicated to Johnathan Harris, boy racer to the end».

Då den første singelen skulle ut, likte Taylor så godt denne songen at han innstendig bad Merury (som skreiv den første singelen «Bohemian Rhapsody») om å gje han ut som B-sida til singelen, og skal ha låst seg inn i eit skap fram til Mercury gjekk med på dette. Denne avgjersla skapte seinare mykje strid i bandet, for sjølv om songen berre var B-sida til singelen, skapte han like høge honorar for Taylor som hovudsingelen gjorde for Mercury.

Songen vart ofte spelt på konsertar i 1977-1981. Taylor song songen bak trommene sine, medan Mercury spelte piano og song korvokal. Han vart spelt på Queen + Paul Rodgers Tour i 2005 og Rock the Cosmos-turneen i 2008. Taylor spelte igjen songen på konsertar med The Cross og på soloturnane sine, der han spelte rytmegitar i staden for trommer.

You're My Best Friend

«You're My Best Friend» var den første singelen til Queen skriven av John Deacon. Han skreiv songen medan han lærte seg å spele piano. Han spelte eit Wurlitzer elektrisk piano (som Mercury kalla eit «frykteleg» instrument i eit intervju) på innspelinga, og spelte inn bassen seinare. Songen vart skriven for kona hans, Veronica Tetzlaff. Songen nådde topp 10 på singellista.

'39

«'39» var eit forsøk frå May på å skrive ein «sci-fi skiffle». «'39» fortel soga om ei gruppe romforskarar som legg ut på ei eitt år lang reise, men då dei kjem attende, skjønar dei at det har gått hundre år på grunn av tidsdilatasjon-effekten i den spesielle relativitetsteorien til Einstein, og alle dei hadde kjær er anten døde eller veldig gamle.

May syng songen på albumet, med korvokal av Mercury og Taylor. På konsertane song Mercury songen. May bad bassisten John Deacon om spele kontrabass på songen som ein spøk, men eit par dagar seinare dukka Deacon opp i studio med instrumentet, og hadde alt lært seg å spele instrumentet.

Sidan Queen hadde kalla opp to av albuma sine, A Night at the Opera og A Day at the Races etter to filmar av Marx Brothers, vart Queen invitert heim til Groucho Marx i Los Angeles i mars 1977 (fem månader før han døydde). Bandet takka han og framførte «'39» acappella.

George Michael framførte «'39» under Freddie Mercury Tribute Concert i april 1992. Michael omtalte songen som hans favorittsong av Queen, or brukte å spele denne på gata på London Underground.

Sweet Lady

«Sweet Lady» er ein rask rockelåt skriven av May. Songen er ein uvanleg rockesong i 3/4-takt (med 4/4 i mellomspelet). Taylor har fortalt at det var den vanskelegaste songen han hadde spelt trommer på.

Akkompagnementet vart truleg spelt inn live, sidan ein kan høyre strengane på skarptromma til Taylor vibrere med bassgitaren til Deacon.

Seaside Rendezvous

«Seaside Rendezvous» var skriven av Mercury, og er kjend for mellomspelet der Mercury og Taylor imiterer instrument, som klarinett, tuba og trompet. «Steppinga» vart framført av Mercury og Taylor ved hjelp av fingerbøl på fingrane deira.

The Prophet's Song

«The Prophet's Song» var ein song skriven av May og opphavleg kalla «People of the Earth». På showet In the Studio with Redbeard, som omhandla A Night at the Opera, forklarte May at han skreiv songen etter ein draum han hadde hatt om ein stor flaum, medan han var på sjukehus under innspelinga av albumet Sheer Heart Attack. Han brukte fleire dagar på setje songen saman og han inneheld ein vokal kanon sungen av Mercury. Vokalen og den seinaste instrumentale kanonen vart produsert av delay-effektar. Det er ein tung, mørk song med tydeleg preg av progressiv rock og ein krevjande solovokal. Han er over åtte minuttar lang og den lengste songen til Queen.

May forklarte i ein dokumentar om albumet at den fartsauke-effekten i midten av gitarsoloen vart skapt ved å starte ein spolebandopptakar med eit lydband på, samstundes som den originale bandopptakaren vart stoppa.

Draumen May hadde var om Syndfloda, og teksten har referansar frå Bibelen og soga om Noas ark.

Love of My Life

«Love of My Life» vart skriven for kjærasten til Mercury på den tida, Mary Austin, og er ein av dei mest framførte songane hans med versjonar spelte inn av artistar som Extreme med May, Scorpions og Elaine Paige. Mercury spelte piano (inkludert ein klassisk solo) og song all vokal med høg presisjon fordelt på fleire spor.

Brian May arrangerte songen så han kunne spele songen på ein akustisk 12-strengs gitar for konsertane hans.

«Love of My Life» var ein så stor konsertfavoritt at Mercury ofte stoppa å syngje og let publikum ta over. Han vart særleg populær i Sør-Amerika der bandet gav songen ut på singel. Då Queen og Paul Rodgers framførte songen, let han publikum syngje heile songen.

Good Company

«Good Company» vart skriven og sungen av May, som song all vokal og speler ein «genuin aloha»-ukulele.

May klarte å gjenskape ein Dixieland-aktig jazzband-stil med gitaren sin. Brian May skreiv songen på ein banjo-ukulele, men spelte inn songen med ein vanleg ukulele.

Bohemian Rhapsody

«Bohemian Rhapsody» vart skriven av Mercury med den første gitarsoloen komponert av May. All piano, bass og trommer, i tillegg til vokalarrangement, vart laga av Mercury dag for dag og skriven ned «i blokker» (med notenamn i staden for notar) på ein telefonkatalog. Dei andre medlemmane spelte inn sine respektive instrument utan å ane korleis sporet deira kom til å bli i den endelege miksen. Den no kjende operaseksjonen var opphavleg meint å vere eit kort mellomspel av «Galileo»-ar som knytte ballade-delen saman med hardrock-delen av songen.

Under innspelinga vart songen kalla «Fred's Thing» av bandet, og tittelen kom først under den siste innspelinga.

Trass i at han var dobbelt så lang som ein vanleg singel i1 975 og fekk blanda meldingar då han kom ut, vart songen enormt populær, og toppa listene verda over. Han låg i alt ni veker på toppen av den britiske singellista, og vert rekna som ein av dei største rockesongane i historia i dag.

Etter Freddie Mercury døydde, vart songen gjeve ut på nytt som ei dobbel A-side med «These Are The Days Of Our Lives» den 9. desember 1991 i Storbritannia og 5. september 1991 i USA.

God Save the Queen

May spelte ein versjon av «God Save the Queen», den britiske nasjonalsongen, i 1974, før Sheer Heart Attack-turneen. Han spelte først inn piano, som guide for gitaren, som han seinare fjerna og la på lag på lag med gitar. Etter songen var ferdig vart han spelt som avslutning på nesten alle konsertane deira medan dei takka publikum. May spelte songen live på taket av Buckingham Palace for gulljubileet til dronninga i 2002.

May har sagt at han spelte songen på taket av Buckingham Palace som ei hyllest til Jimi Hendrix sin versjon av «The Star-Spangled Banner».

Medverkande

    Queen
    Andre medverkande
  • Mike Stone – leiande lydteknikar
  • Gary Lyons – lydteknikar
  • John Harris – Oversyn med utstyret
  • David Costa – kunstnarisk leiar
  • Rick Curtin og Brian Palmer – spesiell takk
  • John Reid – management

Lister

Vekeslister

Liste (1975–76) Plassering
Australia 1
Austerrike 9
Canada 2
Nederland 1
Frankrike 16
Tyskland 5
Japan 9
New Zealand 1
Noreg 4
Sverige 10
UK Albums Chart 1
US Billboard 200 4

Vekeslister (nyutgjevingar)

Liste (2005) Plassering
Frankrike 11
Japan 67
Portugal 23
Spania 77
Liste (2011) Plassering
Belgia (Flandern) 96
Belgia (Wallonia) 88
Japan 73
UK Albums Chart 96

Årslister

Liste (1976) Plassering
Australia 4
Canada 15
Frankrike 88
Japan 22
UK Albums Chart 12
US Billboard Year-End 8

Salstrofé

Region Salstrofé Salstal
Argentina (CAPIF) Platina 60 000x
Argentina (CAPIF)
Hollywood Records release
Platina 60 000x
Austerrike (IFPI Austerrike) Gull 25 000x
Canada (Music Canada) Platina 100 000^
Finland (Musiikkituottajat) Gull 20,000
Tyskland (BVMI) Platina 500 000^
Japan (Oricon Charts) 150,000
Storbritannia (BPI) Platina 300 000^
USA (RIAA) 3× Platina 3 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

A Night At The Opera Utgjeving og ettermæleA Night At The Opera InnhaldA Night At The Opera SongarA Night At The Opera MedverkandeA Night At The Opera ListerA Night At The Opera SalstroféA Night At The Opera KjelderA Night At The Opera BakgrunnsstoffA Night At The OperaBillboard 200EMIElektra RecordsQueenRoy Thomas BakerUK Albums Chart

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Evening Star av Judas PriestØrtugNasjonalrettIf I Were SorryJohn ScofieldSvartehavetResettJanis JoplinPlanxtyAtenLundefuglKarel LismontArgentinaNoddy HolderPaul RodgersRusslandIngvild KjerkolKleopatraFonografHotel CaliforniaSekulærTabarcaBenjamin NetanyahuSilkehønsSprinterneLiv GulbrandsenBekardarIrakisk geografiBrasilNeápoli-SykiésLinn UllmannChristianiaØrnSilkehegreTidlegare kommunevåpen i NoregSamvirkelagVladimir PutinVitamin KRaufoss ILFilmserien Harry PotterJødarSkigardsviseKilometerBerlinblokadenHartmanns operasjonGregor MendelLangadásBill ChamplinGunnhild SundliBent Fabricius-BjerreTerry CallierValentina JegorovaParlamentarisme i kommunarOsloTregleiksmomentAmund SkiriLene Alexandra ØienBlind FaithBassistUrfolkLagerthaReligion i EnglandSpekkhoggarPeter SellersØystein SundeAbdullah II av JordanIvar AasenVulkanar i ItaliaBengalsk nyttårIrakFilchner-Ronne-isenTjeldCowboy-LailaMarikken🡆 More