80.
motoriserte infanteribrigade, òg kalla «arktisk brigade», er ein del av kystforsvaret til Nordflåten i det russiske forsvaret, men òg eit manøverelement til OSK Nord. Brigaden vart formelt sett opp 31. desember 2014, og er fredstidslokalisert til landsbyen Alakurtti i Murmansk oblast nær Kandalaksja og grensa til Finland. Fram til 1997 var 54. motoriserte infanteridivisjon forlagt til området, men vart då omdøypt til 62. motoriserte infanteribrigade. I 1998 vart denne brigaden redusert til 35. Våpen- og materiellbase, som i sin tur vart nedlagd i 2007.
Oppgåva til brigaden er å halda kontroll på russisk territorium frå Murmansk til Nysibirøyene i samarbeid med luftlandestyrkene og marineinfanteriet.. Brigaden øver stadig på og ved øyane langs nordaustpassasjen og på Tajmyr.
Militær kommando og kontroll
Manøverelement
Militær eldstøtte
Militær anna støtte
Militær logistikk
Basismateriell for transport av infanteri er transportpanservogna MT-LBV, beltevognane DT-10 og DT-30, terrengkøyretøya TM-140A og Trekol-39294, og dessutan snøskuterar.,
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article 80. motoriserte infanteribrigade, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.