< Det fyrste hundreåret > varte frå og med år 1 til og med år 100 etter den gregorianske kalenderen.
Hundreåret høyrer i europeisk historie med til antikken. Romarriket fortsette ekspansjonen og fekk under denne perioden sterkare og sterkare innflyting i Europa, Nord-Afrika og den nære austen, og i år 41 la det under seg England og Wales. Reformene som Augustus sette i gang stabiliserte Romarriket etter borgarkrigane som hadde rast i det førre hundreåret.
I Kina fortsette Han-dynastiet å dominere, berre avbrote av 14 år med Xin-dynastiet under Wang Mang. Hanstyret fekk makta att i år 23. Stigbøyelen blei truleg funnen opp her i dette hundreåret.
Under styret til Tiberius vart Jesus, som dei kristne held for å vere Guds son, krossfesta i Judea. Dei fylgjande tiåra vart bodskapen hans boren vidt omkring av tilhengjarane hans. Den romerske staten starta forfylgjinga av dei kristne, noko som skulle fortsetje i fleire hundreår.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article 1. hundreåret, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.