100-Talet Fvt.: Hundreår

100-talet f.Kr.

varte frå 199 f.Kr. til 100 f.Kr. Det kom etter 200-talet f.Kr. og blei følgd av 1. hundreåret f.Kr.

100-Talet Fvt.: Verda på 100-talet f.Kr., Hendingar, Fødde
Rosettasteinen blei laga dette hundreåret.
100-Talet Fvt.: Verda på 100-talet f.Kr., Hendingar, Fødde
Skisse av den austlege halvkula ved slutten av 100-talet f.Kr.

Verda på 100-talet f.Kr.

Afrika

Amerika

Asia

100-Talet Fvt.: Verda på 100-talet f.Kr., Hendingar, Fødde 
Utvidinga av Romarriket på 100-talet f.Kr.

Europa

Hendingar

  • 198 fvt: Hæren åt den selevkidiske kong Antiokhos III av Syria (Antiokhos den store) jaga Ptolemaios V av Egypt frå Judea og Samaria.
  • 196 fvt: Hærføraren Hannibal blei vald til sjefmagistrat i Kartago.
    • Romarriket opplevde eit slaveopprør i Etruria.
    • Romarane og Filip V av Makedonia blei einige om ein fredsavtale.
    • Rosettasteinen, med dekret av Ptolemaios V av Egypt på tre språk, blei laga.
  • 190 fvt: Romerske styrkar slo ein selevkideflåte leidd av Hannibal Barca, som utkjempa sitt siste slag.
  • 180 fvt: Antiokhos IV av Syria (Antiokhos Epiphanes) blei selevkideherskar.
  • 179 fvt: Antiokhos IV invaderte Egypt og sette inn Ptolemaios Fyskon som sin konge.
  • 168 fvt: Under styret åt Antiokhos IV av Syria blei Tempelet i Jerusalem plyndra, jødar massakrerte og jødedommen blei forboden.
  • 167 fvt: Antiokhos IV av Syria gav ordre om å reise eit altar for Zevs i Tempelet i Jerusalem. Mattitjáhu og dei fem sønene hans, Johanán, Sjimón, El‘azár, Jonatán og Jehudá leidde eit opprør mot Antiokhos. Jehudá blei kjend som Jehudá Makkabbí (Jehudá hammaren).
  • 166 fvt: Mattitjáhu døydde i Jerusalem og Jehudá Makkabbí tok over plassen hans som leiar av det jødiske folket. Hasmonear-dynastiet vart etablert; det kom til å vara fram til 63 fvt.
  • 165 fvt: Det jødiske opprøret mot Selevkid-dynastiet vann. Tempelet i Jerusalem]] blei frigjort og atterinnvigd. Dette er rekna som opphavet til den jødiske lyshøgtida hanukká.
  • 160 fvt: Den jødiske leiaren Judas Maccabaeus blei overvunnen av selevkidehæren til Bacchides.
100-Talet Fvt.: Verda på 100-talet f.Kr., Hendingar, Fødde 
Statue av Marcus Æmilius Lepidus i Reggio Emilia.
  • 159 fvt: Marcus Æmilius Lepidus blei utnemnd til leiar av det romerske senatet for femte gong.
  • 153 fvt: I Romarriket feira ein nyttår den 1. januar for første gong (mot tidlegare i mars)
  • 152 fvt: Jonathan Makkabaeus blei utnemnd til øvsteprest i Jerusalem og godteken som konge av Judea av selevkidherskarane.
  • 151 fvt: Keisar Agnimitra av sungadynastiet i India tok trona etter far sin.
  • 142 fvt: Det andre jødiske samveldet vart etablert. Selevkidane godkjende det jødiske sjølvstyret. Selevkidarkongen hadde eit formelt overherredømme som var anerkjent av hasmonearane. Dette vart innleiinga til ein periode med geografisk utviding, folkevekst og religiøs, kulturell og sosialt sett positiv utvikling.
  • 140 fvt: Han Wudi blei keisar av Kina.
  • 139 fvt: Det romerske senatet anerkjente det jødiske sjølvstyret over Judea.
  • 134 fvt: Ei ny stjerne dukka opp i stjernebiletet Skorpionen.
    • Hellas: Astronomen Hipparkus lagar ein katalog over synlege stjerner og lysstyrkane deira.
    • Romarriket: Tiberius Grakkus blir vald til folketribun i Roma.
  • 133 fvt: Romarriket: Tiberius Grakkus initierer eigedomsreformer og blir myrda.
  • 130 fvt: Antiokhos VII av Syria omleira Jerusalem, men trekte seg så attende.
  • 129 fvt:Antiokhos VII av Syria døydde. Judea frigjorde seg fullstendig frå det syriske styret.
  • 128 fvt: Kina: Kanalen mellom den kinesiske hovudstaden Han og Huangelva blei ferdig.
  • 119 fvt: Xiongnuane, erkefiendar av Kina, blei drivne ut av Gobiørkenen av Wei Qing og Huo Qubing som leidde 20 000 soldatar.
  • 119 fvt: Den romerske kolonien Narbo Martius (Narbonne) blei grunnlagd i Gallia Transalpina.
  • 115 fvt: Partia og Kina blei einige om ein handelsavtale.
  • 112 fvt: Den romerske republikken erklærte krig mot Jugurtha av Numidia.
  • 111 fvt: Roma blei herja av ein bybrann.
  • 110 fvt: Jugurtha av Numidia vann over den romerske hæren under Aulus Postumius Albinus.
  • 108 fvt: Romerske styrkar under Caecilius Metellus kjempa mot Jugurtha av Numidia.
  • 107 fvt: Den romerske generalen Gaius Marius kom til Nord-Afrika for å få fortgang i kampen mot Jugurtha av Numidia.
  • 106 fvt: Kina og Persia oppretta diplomatisk samband.
  • 105 fvt: Romarane lei sitt største nederlag sidan slaget ved Cannae i 216 f.Kr. då kimbrarar og teutonarar desimerte to romerske arméar i slaget ved Arausio. 80 000 romarar og 32 000 hjelpetroppar og fylgjesmenn skal ha falle.
  • 104 fv.: Aristobulus I av Judea blei ny konge etter Johannes Hyrcanus.
    • Athenion starta eit slaveopprør i Segesta.
    • Gaius Marius blei romersk konsul, den første av fem periodar på rad.
  • 103 fvt: Alexander Jannaeus blei konge etter Aristobulus I av Judea.
    • Ein romersk hær på 14 000 gjekk i land på Sicilia for å slå ned slaveopprøret der.
  • 102 fvt: Kina erobra Kokand i Usbekistan.
    • Den romerske konsulen Gaius Marius vann ein avgjerande siger over germanske stammar i Aix-en-Provence.
  • Eit slaveopprør på Sicilia blei undertrykka av den romerske konsulen Manius Aquillius, som personleg avretta opprørsleiaren.

Fødde

100-Talet Fvt.: Verda på 100-talet f.Kr., Hendingar, Fødde 
Hipparkos utvikla trigonometri og rekna ut modellar for rørslene til sola og månen.
  • ca. 190 fvt: Hipparkos, gresk astronom og matematikar
  • 158 fvt: Publius Rutilius Rufus, romersk konsul
  • 157 fvt: Gaius Marius, romersk general og politikar
  • 154 fvt: Gaius Gracchus, romersk politikar, yngre bror av Tiberius Gracchus
  • ca. 154 fvt: Sima Qian, kinesisk historikar
  • 135 fvt: Posidonius, gresk filosof.
  • 120 fvt: Berenike III av Egypt
  • 118 fvt: Lucullus, romersk konsul
  • 117 fvt: Ptolemaios XII av Egypt
  • 112 fvt: Ban Chao, kinesisk general
  • 110 fvt: Gaius Marius den yngre
  • 109 fvt: Spartakus, romersk slaveopprørar
  • 106 fvt: Cicero, romersk politikar og forfattar
    • Pompeius den store, romersk general og politikar
    • Servius Sulpicius Rufus, romersk politikar
  • 102 fvt: Quintus Tullius Cicero, romersk general
  • 100 fvt: Gaius Julius Cæsar, romersk keisar

Døde

100-Talet Fvt.: Verda på 100-talet f.Kr., Hendingar, Fødde 
Veggmåleri av den kinesiske oppdagaren Zhang Qian.
  • 180 fvt: Keisarinne Lü Zhi av Han
  • 159 fvt: Terentius, romersk forfattar
  • 151 fvt: Pusyamitra Sunga, indisk sungakeisar
  • 150 fvt: Demetrius I av Syria
  • 134 fvt: Tiberius Grakkus
  • 130 fvt: Marcus Pacuvius, romersk diktar (rundt dette året)
  • 129 fvt: Antiokhos VII av Syria
  • 125 fvt.: Selevkos V Filometor
  • 125 fvt: Demetrius II av Syria
  • ca. 120 fvt: Hipparkos, gresk astronom
  • 120 fvt: Polybius, gresk historikar
  • 118 fvt: Kong Micipsa av Numidia
  • 116 fvt: Ptolemaios VIII av Egypt
  • 113 fvt: Zhang Qian, kinesisk oppdagar
  • 110 fvt: Edersceal av Irland
  • 104 fvt: Kong Jugurtha av Numidia (avretta av romarane)
<   100-talet fvt.  >



Tags:

100-Talet Fvt. Verda på 100-talet f.Kr.100-Talet Fvt. Hendingar100-Talet Fvt. Fødde100-Talet Fvt. Døde100-Talet Fvt.1. hundreåret fvt.200-talet fvt.Fvt.

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

IsraelRaude hundar27-årsklubbenGotlandGoogleKvitveisHar SedomRunerNamnedagGullparakittAdolf HitlerLeif ØstliSnøleopardCurriculum vitaeAtombombene over Hiroshima og NagasakiVulkanKarinDet australske flaggetKondariótissaEselMediaWikiHarald V av NoregDag HammarskjöldBrusselAlanis MorissetteLønnChristiania-stanKlima i AustraliaSenterpartietDomenetapOsloMagnus HirschfeldKrøllalfaAli Baba og dei førti røvaraneAndreas ScheiPolenPannemerke i hinduismenGmailKjerringa med stavenSunndalsøraTrykkBokmålTutti FruttiAtenDío-ÓlymbosKjell Kristian RikeGjest BaardsenSvartedauenBrynjulf Jung TjønnOzelotProvinsen UtrechtKine HellebustCarl LarssonEntropiSyriaLotka-Volterra-likningArne GarborgIP-adresseJosef StalinMuldyrTaigaspissmusMoldedialektVinkelfartJonas Gahr StøreAutoritetsdataØstfold fylkeSionismeIndisk rupiBjørkefinkJean-Pierre ThiolletKirsti BergstøThe 2nd LawTalordLitauen🡆 More