Brund, brunst eller østrus er ei tid hjå mange pattedyr der dei viser seksuell aktivitet og paringstrong.
Hjå nokre dyr blir ho også kalla laupetid eller løpetid.
Brunst opptrer med regelmessige mellomrom i samanheng med periodiske forandringar i kjønnsorgana. Hjå ville dyr opptrer han oftast i eit bestemt tidsintervall, brunsttida. Hjå mange artar finst det ein utprega brunst både hjå hannar og hoer, hjå andre artar er aktiviteten til hannane konstant, medan hoene har ein typisk brunst. Brunsten til hoene varer i vanlegvis frå éin til nokre få dagar, og kan finna stad fleire gonger i løpet av brunsttida. Hjå hannane er brunsten meir langvarig. Nokre artar er brunstige éin gong om året, reinsdyr og småfe om hausten, hest om våren og forsommaren, pelsdyr om vinteren. Andre, til dømes hund og katt, har to til tre brunsttider om året. Storfe og svin kan para seg til alle årstider.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Østrus, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.