Ø er ein vokal som blir brukt til å skriva dansk, norsk, færøysk og sørsamisk.
Han er den tjueåttande bokstaven i det norske alfabetet, eit tillegg til det latinske alfabetet.
Ø | |||
Ø i Helvetica og Bodoni | |||
Bruk | |||
---|---|---|---|
Skriftsystem | Latinsk skrift | ||
Opphavsspråk | Latin | ||
Fonetisk bruk | ø œ | ||
Unicode | U+00F8 | ||
Historie | |||
Utvikling | Utvikla frå Œ eller frå ligatur av O og I
| ||
Anna | |||
Skriveretning | Venstre til høgre |
Alfabetet | |||||
A | B | C | D | E | |
F | G | H | I | J | |
K | L | M | N | O | |
P | Q | R | S | T | |
U | V | W | X | Y | |
Z | Æ | Ø | Å |
Bokstaven oppstod som ei samanskriving av o og e, der midstreken på E blei skriven tvers over O-en. Det gjorde en for å uttrykkje [ø] - ein lyd ein uttaler midt imellom dei to (dvs. at han er både runda som [o] og fremre som [e]). Ө er ein tilsvarande bokstav i det kyrilliske alfabetet, medan Ö blir brukt av fleire andre språk for same lyd.
På dansk og gammaldags norsk kan ø vera eit ord som tyder øy. Ein finn denne tydinga i norske stadnamn som Hankø, Vækerø og Tromsø, og i dei fleste danske øynamna, til dømes Læsø, Samsø og Hans Ø.
I mengdelære tyder Ø den tomme mengda.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ø, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.