Ötztaleralpane er ei fjellkjede i sentrale område av Alpane i Austerrike.
Ho ligg øvst i Ötztal, ein sidedal til dalen elva Inn renn gjennom, sørvest for Innsbruck. Fjelltoppane i fjellkjeda dannar grensa mellom Austerrike og Italia. I vest grensar fjellkjeda mot Reschenpasset, medan ho i aust grensar til Stubaieralpane med Timmelsjoch i mellom.
Det høgaste punktet i Ötztalalpane er Wildspitze, som òg er det nest høgaste fjellet i Austerrike (etter Großglockner).
I september 1991 vart leivningane etter ein mann, som fekk kallenamnet Ötzi funne nær Hauslabjoch mellom fjelltoppane Fineilspitze and Similaun.
Dei høgste fjelltoppane i Ötztaleralpane:
Wildspitze | 3 768 m | Schalfkogel | 3 537 m | |
Weißkugel | 3 739 m | Hochvernagtspitze | 3 535 m | |
Hintere Brochkogel | 3 628 m | Watzespitze | 3 532 m | |
Hintere Schwärze | 3 624 m | Mutmalspitze | 3 522 m | |
Similaun | 3 599 m | Weißseespitze | 3 518 m | |
Vordere Brochkogel | 3 565 m | Fineilspitze | 3 514 m | |
Ötztaler Urkund | 3 556 m | Fluchtkogel | 3 497 m | |
Marzellspitze | 3 555 m | Firmisanschneide | 3 491 m | |
Innere Bärenbartkogel | 3 553 m | Hochwilde | 3 480 m | |
Ramolkogel | 3 549 m | Hintere Seelenkogel | 3 470 m |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ötztaleralpane, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.