Æsops Fablar

Æsops fablar, Esops fablar eller på latin Aesopica (gresk Μῦθοι Αἰσώπειοι) er ei samling moralske forteljingar eller fablar frå den greske antikken som ifølgje folketradisjonen opphavleg skal ha blitt fortald av Æsop, ein frygisk slave som levde på øya Samos frå 620 til 560 f.Kr.

Dei korte, poengterte fablane handlar ofte om dyr med menneskelege eigenskapar, men òg om folk, plantar og naturkrefter, og representerer folkeleg vidd og livsvisdom. Dei er både underhaldande og preikande, og har blant anna blitt nytta som moralske lærestykke i barneoppsedinga. Fablane blei fyrst skrivne ned av Demetrios frå Faleron på 300-talet f.Kr, men samlinga har sidan blitt gjendikta, omdikta og utvida, og blitt fortalt både på vers og som prosa i ei mengd versjonar i den vestlege litteraturen. Framleis blir det gjeve ut nye utgåver av den gamle greske folkeboka over heile verda, som oftast som barnebok med nye illustrasjonar og ulikt utval av forteljingar.

Æsops Fablar
Three Hundred Aesop's Fables, ei engelsk utgåve av Æsops fablar frå 1867, gjendikta av George Fyler Townsend (1814–1900). Hans versjonar av fablane er blant anna utstyrt med tydelege moralske sluttkonklusjonar og er blitt stildannende for mange seinare utgåver.

Historikk

Æsops Fablar 
Dette tresnittet frå Vita et Fabulae, ei tysk utgåve av Æsops fablar trykt i Augsburg rundt 1479, viser den greske historieforteljaren Æsop og detaljar frå livet hans
Æsops Fablar 
Illustrasjon frå ei engelsk utgåve av Æsops fablar, The Æsop for Children frå 1919 illustrert av Milo Winter (1886-1956). Teikninga viser den kjende fabelen Skjelpadda og haren der den raske, innbilske haren tapar kappløpet mot den langsame, men iherdige skjelpadda.
Æsops Fablar 
Illustrasjon frå omkring 1900 til fabelen om Reven og druene. Fabelen, som er skrive inn i teikninga, har gjeve opphavet til ordtaket «Høgt heng dei og sura er dei» (på engelsk sour grapes). Han fortel om reven som ikkje kan få fatt på druene som hengjer for høgt og bortforklarer det med at den likevel ikkje var interessert. Moralen er at ein vanvørdnader det ein ikkje kan oppnå, og at «skuffelsens druer alltid er sure». Druene er i norske versjonar ofte bytta ut med rognebær, som er sure uansett.
Æsops Fablar 
Relieff i Schloss Sondershausen i Thüringen i Tyskland frå 1616 med motiv frå Æsop sin fabel om ulven og storken.

Ein veit ikkje noko om Æsop bortsett frå at han skal vera opphavet til dei gamle greske fablane. Mange av historiene i samlinga, til dømes Reven og druene («høgt heng dei og sure er dei!»), Skjelpadda og haren og Gjetarguten og ulven (eller Guten som ropte ulv) er enno velkjende forteljingar i dag.

Æsops fablar var opphavleg munnlege forteljingar som må ha vore populære langt tilbake i tid i det gamle Hellas. Den fyrste skriftlege samlinga ein kjenner til blei skriven ned i prosaform av Demetrios Falereus på 300-talet f.Kr.. Denne har seinare gått tapt. Den romerske fabeldiktaren Babrius skreiv fablane på vers på gresk på 100-talet e.Kr., og denne samlinga eksisterer enno. Det finst òg ei latinsk utgåve skriven ned av den romerske fabeldiktaren Fædrus, som gjorde fablane til ein del av sine eigne samlingar på vers ein gong mellom år 1 og 50 e.Kr. Hans samling blei toneagjevande for all seinare fabeldikting. Ein munk frå 1300-talet, Maximus Planudes, ordna ei biografisk samling av Æsops fablar.

Det moralfilosofiske sluttpoenget i fablane til Æsop, på gresk kalla epimythion («fabelord»), blei lagt til i ettertid og høyrar ikkje til dei opphavlege greske versjonane. Ifølgje Platon versifiserte Sokrates Æsops fablar i tida før avrettinga si, og han kan dermed vera opphavsmannen til det moralfilosofiske sluttpoenget.

Det er blitt føreslått at ein sura eller eit kapittel i Koranen med tittelen Luqman kan referera til Æsop, som var ein velkjend figur i Arabia på profeten Muhammed si tid.

Den første trykte boka på engelsk med Æsops fablar blei omsett og gejven ut av William Caxton i 1484. Den tidlegaste svenske utgåva er frå 1603.

Fleire forfattarar har gjendikta eller blitt inspirert av fablane til Æsop. Den franske diktaren Jean de La Fontaine (1621–1695) gav frå 1668 til 1694 ut tolv bøkar under samletittelen Fables, korte, ofte humoristiske dyrehistorier på vers direkte inspirert av Æsop-forteljingane og andre antikke og folkelege fablar. Hans enkle, men formfullendte fablar er blitt nokre av dei mest siterte versa i Frankrike. Også den russiske diktaren Leo Tolstoj har skrive frie versjonar av fleire av Æsops fablar.

Norske utgåver

Av norske utgåver av Æsops fablar kan ein nemna Tilla og Otto Valstad si omsetjing frå 1918 (gjenutgitt i modernisert språkdrakt i 1962), Herman Wildenvey si Æsops fabler i norske dikt frå 1941, Hanna Wiig si Esops fablar og Johs. A. Dale si nynorsk-utgåve av den same teksta, begge frå 1951 (gjenutgjeve i 1970) og med illustrasjonar av Reidar Johan Berle, og Mentz Schulerud so Æsops fabler. 143 moralske forteljingar frå 1975 (gjenutgjeve med litt færre fablar i 1990 og 1995). Æsops fablar har òg blitt omsette til norsk frå fleire internasjonale utgåver, ofte med store illustrasjonar og eit mindre utval fablar.

Sjå òg

  • Æsop
  • Panchatantra, ein vidt utbreidd, klassisk samling indiske dyrefabler

Referansar

Tags:

Æsops Fablar HistorikkÆsops Fablar Norske utgåverÆsops Fablar Sjå ògÆsops Fablar ReferansarÆsops FablarAntropomorfismeBarneoppsedingDyrFabelFrygiaGreskIllustrasjonLatinMoralProsaSámosVersÆsop

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Sola kommuneFridthjov AnderssenTaigaspissmusNato-alfabetetFinnøySveitsSibirSaltenHangzhouEngelskDadaismeTotenElvin BishopMats SundinLangeFlodhestVebjørn SelbekkKlarälvenSjøløverHar SedomBisfenol AKvalsafariDet britiske imperiet15. aprilKrøllparentesKunsteventyrVarmekapasitetDen islamske statenVibeke SkofterudDen store depresjonenDet ukrainske alfabetetOslo kommuneMexicoProfessor emeritusDordi NordbyJordbruksrevolusjonenÉdessa i HellasVåren av Aasmund Olavsson VinjeKilkísAdolf HitlerSosialistisk VenstrepartiOktoberrevolusjonenStorbritanniaPelle PolitibilOut of Time av R.E.M.RelasjonVerdas landSirkelCarl Fredrik HillKristoffer ColumbusTidlegare kommunevåpen i NoregKaspihavetStathmós MouriónZuluÆPestaPhiladelphus coronariusJernAndElizabeth II av StorbritanniaMarikkenAnders BessebergDiktBook of KellsA Whiter Shade of PaleCrystal TalieferoFlammepunktNynorsk WikipediaTraneStortingetSunnhordlandske ord og vendingarWikipediaDen franske revolusjonenKopplamJarnbanetog🡆 More