«Endurance»: Polarskute

«Endurance» var ein tremasta skonnertbark.

«Endurance»: Bygging av skipet, Eigarskap, Siste ferda
«Endurance» for fulle segl i Weddellhavet
Karriere (Noreg)
Namn: «Endurance»
Verft: Framnæs Mekaniske Værksted i Sandefjord
Sjøsett: 1912
Lagnad: Knust av pakkisen i Weddellhavet og sokk i eit hol i isen i 1915.
Generelle mål
Deplasement: 350 tonn
Lengd: 44 m
Breidd: 7,6 m
Framdrift: 350 hk, kolfyrt dampmaskin og segl
Fart: 10,2 knop
Mannskap: 28

Skipet vart bygd ved Framnæs Mekaniske Værksted i Sandefjord i 1912. «Endurance» var ekspedisjonsskipet til Ernest Shackleton under hans transantarktiske ekspedisjon i 1914. Skipet vart 21. november 1915 knust av pakkis i Weddellhavet i Antarktis.

Bygging av skipet

Skipet vart teikna av Ole Aanderud Larsen og bygd ved Framnæs Mekaniske Værksted i Sandefjord i sjøsett 17. desember 1912. Skipet vart bygd under leiing av skipsbyggar Christian Jacobsen.

Skipa vart opphavleg døypt «Polaris» og var konstruert for seglingar i polare farvatn med lettare pakkis. Skipet var ikkje konstruert for opphald i ismassar med stort trykk. Skipa var bygd i eik og edelgran. Lengda på skipet var 44 meter (144 fot), 7,6 meter brei (25 fot) og vog 350 tonn. I tillegg til segl hadde «Endurance» ein kolfyrt dampmaskin på 350 hk, som oppnådde ein toppfart på 10,2 knop (19 km/t).

Eigarskap

«Endurance» vart bygd for Adrien de Gerlache og Lars Christensen, som hadde planar om å frakte turistar til polare strøk for jakt på isbjørn. Økonomiske problem gjorde at de Gerlache trekte seg frå prosjektet og Christensen selde skipet til Ernest Shackleton for GB£ 11 600, som var mindre enn byggekostnaden. Shackleton omdøypte skipet til «Endurance» etter Shackletonfamilien sitt motto «Fortitudine vincimus» (engelsk: By endurance we conquer).

Siste ferda

Shackleton segla ikkje med «Endurance» frå Plymouth, England 6. august 1914 då skipet sette kurs for Buenos Aires i Argentina med kaptein Frank Worsley i kommando, men mønsret på der saman med andre mannskap. Kryssinga av Atlanterhavet var den første store seglinga for skipet og turen over tok meir enn to månader.

26. oktober 1914 segla skipet frå Buenos Aires til siste hamna før Antarktis, kvalfangststasjonen Grytviken på øya Sør-Georgia, der skipet kom fram 5. november. 5. desember segla skipet frå Grytviken i retning sørlege delen av Weddellhavet.

To dagar etter avgangen frå Sør-Georgia møtte «Endurance» pakkis og framdrifta gjekk ned. I vekesvis følgde «Endurance» havstraumane i pakkisen og la bak seg under 45 km per dag. 15. januar 1915 var «Endurance» 320 km frå målet sitt, Vahselbukta. Neste dag såg ein tette pakkismassar om morgonen og om ettermiddagen bles det opp til storm. Det var vanskeleg å få framdrift under slike vêrtilhøve og «Endurance» søkte ly bak eit berg, der skipet vart liggjande i tre dagar.

18. januar byrja vinden å løye og «Endurance» som berre var ein dags seglas frå målet, sette toppseglet og motoren på sakte. Pakkisen hadde blåse bort og «Endurance» gjorde sakte framsteg. Men etter ei stund støytte «Endurance» nok ein gong på pakkis. Shackleton avgjorde å jobbe seg gjennom pakkisen. Stormen kom tilbake og bles frå ei nordleg retning mot land og varte i seks dagar. 24. januar hadde vinden pakka saman pakkisen i Weddellhavet mot land og rundt «Endurance». Berre ein storm frå sør kunne løyse opp ismassane. «Endurance» flytte rundt i ismassane til skipet omsider vart knust av ismassane 21. november 1915.

Mannskap

«Endurance»: Bygging av skipet, Eigarskap, Siste ferda 
«Endurance» blir skrudd ned i Weddellhavet 21. november 1915

Mannskapet på siste seglas med «Endurance» var følgjande 28 menn:

  • Sir Ernest Shackleton, leiar
  • Frank Wild, nestkommanderande
  • Frank Worsley, kaptein
  • Lionel Greenstreet, førstestyrmann
  • Tom Crean, andrestyrmann
  • Alfred Cheetham, tredjestyrmann
  • Hubert Hudson, navigatør
  • Louis Rickinson, teknikar
  • Alfred Kerr, teknikar
  • Alexander Macklin, skipslege


 
  • James McIlroy, skipslege
  • James Wordie, geolog
  • Leonard Hussey, meteorolog
  • Reginald James, fysikar
  • Robert Clark, biolog
  • Frank Hurley, fotograf
  • George Marston, kunstnar
  • Thomas Orde-Lees, motorekspert og materialmann
  • Harry «Chippy» McNish, tømrar


 
  • Charles Green, kokk
  • Walter How, erfaren sjømann
  • William Bakewell, erfaren sjømann
  • Timothy McCarthy, erfaren sjømann
  • Thomas McLeod, erfaren sjømann
  • John Vincent, båtsmann
  • Ernest Holness, fyrbøtar
  • William Stephenson, fyrbøtar
  • Perce Blackboro, stuert

Blackboro fekk opphavleg ikkje bli med på ekspedisjonen på grunn av den låge alderen hans og manglande røynsle. Han vart med båten som blindpassasjer og fekk hjelp av William Bakewell, som var ein ven av han, Tim McCarthy og Walter How. Då han vart funnen var skipet kome så langt til havs at Shackleton ikkje hadde noko val enn å la han vere stuert. Blackboro beviste verdet sitt og mottok polarmedaljen i bronse. I tillegg vart han det første mennesket til å setje foten sin på Elefantøya.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

«Endurance» Bygging av skipet«Endurance» Eigarskap«Endurance» Siste ferda«Endurance» Mannskap«Endurance» Kjelder«Endurance» Bakgrunnsstoff«Endurance»AntarktisEndurance-ekspedisjonenErnest ShackletonFramnæs Mekaniske VærkstedSandefjordSkonnertbarkWeddellhavet

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Kirsti SparboeK2PotetStrålingsbalansen til jordaPolenDen apostoliske truvedkjenningaDet norske alfabetetVerdas landPetter Dass-monumentetPåskekyllingTysklandUTCTreriksrøysaGresk MakedoniaKristian ØdegårdJohn KasichBrjansk oblastFilmjølkJohannespasjonen av BachLa RochelleLagerthaPortalImbitubaAlzheimers sjukdomTønsberg kommuneQ.E.D.DaddelKari SvendsenHarald EiaVM i friidrett 2023HaitiPred da se razdeniSaudi-ArabiaMusikkgruppa BlondieKasakhstanLuminansOffisielt språkRhinenLydopptakKolibriLeksikonDen industrielle revolusjonenMargit StóráGet Lucky av Mark KnopflerCornelis Vreeswijk1799HamrinsjøenMaria MenaIndonesiskFinlandEncores av Dire StraitsOslo kommuneHalle BerryEBayThe DoorsIALA maritime bøyesystemHåkjerringBrighton Rock av QueenDiskografien til QueenAll by MyselfJakob SandeBrahmaputraEselDet amerikanske flaggetLove Me av Buddy HollySunnhordlandske ord og vendingarPetter NorthugKrýa Vrýsi i PéllaRenée ZellwegerJonas Gahr StøreFlash Gordon av QueenDanmarkPanamakanalenWayback MachineYour Latest Trick🡆 More