Nerveselle: Elektrisk eksiterbar celle i nervesystemet

Nerveseller eller nevron er seller som finst i nervesystemet, både i sentralnervesystemet og det perifere nervesystemet.

Dei kan ha roller som sansing, informasjonshandsaming og signaloverføring. Dei har ein sellelekam med eit ymsande tal utvekster kalla dendrittar og akson.

Nerveselle: Elektrisk eksiterbar celle i nervesystemet
Illustrasjon av ei nerveselle
Nerveselle: Elektrisk eksiterbar celle i nervesystemet
Mikroskopbilete av ei Purkinje-nerveselle frå ein musehjerne

Nerveseller har berre eitt akson, men mange dendrittar. Dendrittane er manggreina og leier informasjon til nervesella. Aksonet kan ha få eller mange greiner og leier informasjon bort frå nervesella.

Akson kan verta særs lange; hjå menneske opp til 1 meter. Akson møter andre seller ved punkt kallar synapsar, der den neste sella vert gjort merksam på impulsen i den førre sella og vil handsama denne informasjonen.

Aksona hjå mange organismar er dekte av feittrike lag kalla myelin. Desse laga isolerer aksonet slik at det elektriske signalet, kalla aksjonspotensial, kan fara snøggare langs aksonet. Hjå nokre artar er diameteren til aksona auka for å oppnå den same verknaden. I sentralnervesystemet er det oligodendrocyttar som dannar myelinet, og i det perifere nervesystemet er det Schwann-seller. Myelin finst hjå mange ulike grupper organismar (til dømes hjå ledmakkar og krepsdyr), men er mest utvikla hjå ryggradsdyra. Myelin finst hjå alle ryggradsdyra utanom kjevelause fiskar.

I det perifere nervesystemet dannar nerveseller nervar. Ei nerveselle og myelinet hennar vert saman kalla ein nervefiber, og buntar av nervefibrar vert haldne saman av bindevev.

Kjelder

Nerveselle: Elektrisk eksiterbar celle i nervesystemet  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

AksonDendrittDet perifere nervesystemetNervesystemetSelleSentralnervesystemet

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

PåskeøyaPokljukaVerdscupen i skiskyting 2024BosutWillie NelsonUSAInternasjonal telefonkodeFarmorTutankhamonAndre verdskrigWaffen-SSWayback Machine1986BarentshavetNummererte småplanetar/1–1000BibelbeltetVerdas språk etter utbreiingOslo kommune14. septemberRussararDigital object identifierTropisk syklonHyseGry HammerT-banen i OsloUN-nummerJon FosseHenningsværbrueneAtacamaRustfritt stålROBEKKattugleVallaheianeSkandinaviaMoskvaProstitusjonDen afghansk-sovjetiske krigenSvastikaNonElektrisk isolatorAtomubåtar som har gått nedJa, vi elsker dette landetDonald SutherlandFareskiltVladimir LeninBoris JohnsonCristiano RonaldoHertuginneFiskebankeAmmanAmfidromisk punktAngela Burdett-CouttsWikiKirgisistanLasse KjusFrederik X av DanmarkA Whiter Shade of PaleBosnia-HercegovinaKjell Magne BondevikViking FotballklubbAndre påskedagFred AstaireÅttringHaitiLangfredagAmiensAndSiamDen store brennevinsdagenNatriumhydroksidWashington County i OregonChampions LeagueAndre verdskrigen🡆 More