Verb: Ord som gjerne skildrar ei gjerning

Verb eller gjerningsord er ein ordklasse typisk knytt til noko som skjer, og kan i norsk definerast som ord som endrar form etter kva tidsreferanse setninga har.

Verba utgjer ein open ordklasse. I ulike språk kan verba ha ulik form som skil seg etter tid, aspekt, modus og valens; og dessutan kjønn, person og tal i høve til nokre av argumenta sine — slik som subjekt, objekt og anna. Mange verb målber handling (kaste, lesa, vurdere), hending (glitre, hende, rotne) eller eksistens i ein tilstand (vera, finnast, leva, blotne).

Verb: Valens, Verbbøying
Japanske verb for «å gje» og «å ta imot». Kva verb ein bruker blir bestemt av statusen til gjevaren og mottakaren.

Valens

Valensen eit verb har målber kor mange rollar (subjekt, objekt, omsynsledd) eit verb kan ha. I norsk reknar vi konvensjonelt med tre typar valens:

Univalente verb

Eit univalent verb kan berre ha subjekt, og ikkje nokon type objekt eller omsynsledd:

  • Ho spring (vi seier ikkje «ho spring hunden» eller «ho spring hunden trim»)
  • Dei datt (vi seier ikkje «dei datt ordføraren» eller «dei datt grannen ei bok»)

Bivalente verb

Eit bivalent verb kan ha subjekt og éin type objekt (anten direkte objekt eller omsynsledd):

  • Han et fisk (vi kan ikkje seie «han et fisken mat»)
  • Vi ser kaninane (vi kan ikkje seie «vi ser kaninane ei gulrot»)
  • Ho hjelpte studentane (vi kan ikkje seie »ho hjelpte studentane leksene»)

Trivalente verb

Eit trivalent verb kan ha subjekt, objekt og omsynsledd:

  • Dei gav kyrne høy

Andre typar valens

På nokre språk kan ein ha nullvalente verb — verb der verbet ikkje tek subjekt:

  • llueve (spansk) ‘det regnar’.

Verbbøying

Verbbøyinga blir delt i finitte og infinitte verbformer, finitte verb er verb som kan danne setningar, mens infinitte verb sjølv er argument for finitte verb. Formelt sett er skilnaden at finitte verbformer er bøygd i modus, mens infinitte ikkje er det.

Finitte verbformer

Modus

    For meir om dette emnet, sjå modus.

Modus er ein grammatisk kategori som klassifiserer utsegna. Den nøytrale modusen er indikativ. Imperativ blir brukt i befalande setningar, konjunktiv i setningar der talaren vil signalisere at ho ikkje står attom det som blir formidla.

Tid (tempus)

Aspekt

Infinitte verbformer

Infinitte verbformer er argument til finitte verbformer. Infinitte verbformer oppfører seg enten som substantiv eller som adjektiv. Den første typen kallast infinitivar (i argumentposisjon) eller eller gerundium (oftast i ikkje-argumentposisjon), den andre partisipp.

Infinitivar

Gerundiumsformer

Partisippformer

Sjå Partisipp

Kongruens

Verb: Valens, Verbbøying  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Verb ValensVerb bøyingVerbAspekt i grammatikkenGrammatisk kjønnModusOpen ordklasseOrdklassePersonbøyingTalbøying

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ÁrtaBærum SportsklubbJantelovenAksel SandemoseFilmen EllingDei fire årstideneFranz LisztFylkesveg 751Erik AndersenReligiøse debattar om Harry Potter-serienMaren LundbySydneyGrønlandDen gamle verdaUkrainaJerry DouglasNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973Mayo ClinicAndrej KrautsjankaOdinNord-AmerikaLittle WalterCupheadMoldedialektFriluftslivRichie FaulknerHanumanErnst JosephsonJørgensdagenKilelérFA-cupfinalen i fotball 2001KolonialhandelSamisk språkhistoriePierre-Simon LaplaceMariann Vestbøstad MarthinsenClaudio MonteverdiZinédine ZidaneWikimediaSjangerAnita O'DayUnicornKvigeGlenn HughesSlaget om StalingradTwitterStatkraftAusterrikeLonnie MackPárgaGyllen fallskjermDeltaOrUrinsyregiktSiderA Touch of ClassLuganoLise AmundsenPRISMInger Lise GjørvC++Fredrik SolvangFlammepunktHotel Union ØyeWehrmachtSteve PorcaroSvastikaKristin SkogheimLatin-AmerikaAnne-Kat. HærlandCommunist Party of Great BritainKoyaanisqatsiEllen DeGeneresMesopotamiaTamreinHenrik WergelandNykøbing Mors🡆 More