Programvare: Uhandgripeleg, eksekverbar del av ein datamaskin

Programvare er data i form av instruksjonar som styrer kva slags operasjonar ein sentralprosessoren i ei datamaskin skal utføra.

Ulike program kan ha forskjellig funksjonalitet, som å handsama grafikk på skjermen, simulera fysiske system, kommunisera med andre datamaskinar og så vidare.

Programmet er som regel lagra på eit platelager eller eit anna lagringsmedium. Før det kan køyrast må eit programmet lastast inn i RAMminne, slik at det snøgt kan hentast inn i prosessoren, via systembussen. Program er som oftast oppbygd av fleire modular, plasserte i programvarebibliotek. Nokre bibliotek er dynamisk linka til programmet som nyttar det. Slike bibliotek vert ikkje lasta inn i RAM før det er bruk for koden dei inneheld.

Klassifisering

Ein skil mellom ulike typar program, etter kva dei vert nytta til og korleis dei vert nytta. Grensene mellom dei er ikkje alltid klåre.

Systemprogramvare

Systemprogramvare er programvare som brukaren ikkje nyttar direkte, men som utfører viktige funksjonar som må til for at ei datamaskin skal fungera. Typiske døme er operativsystem, drivarar, nettverksstablar, og så vidare.

Administrasjonsverktøy

Dette er program som vert nytta for å administrera ei datamaskin, som til dømes verktøy for å installera og/eller oppdatera programvare, administrasjonsverktøy for å endra innstillingar, sikkerheitskopieringsprogram og så bortetter.

Brukarprogram

Brukarprogram er program som brukaren av datamaskina brukar direkte, som til dømes teksthandsamarar, rekneark, nettlesarar, lydavspelarar, simulatorar, og så vidare. Det er brukarprogramma dei fleste brukarane har mest kontakt med. Dei fleste brukarprogram nyttar underliggande systemprogramvare, som drivarar, protokollstablar og så vidare, utan at brukaren treng vita om det.

På grunn av at det finst så mange ulike brukarprogram er det uråd å nemna alle. Ein kan likevel klassifisera dei mest vanlege i nokre generelle kategoriar:

  • Kontorprogram: teksthandsamarar, rekneark, presentasjonsprogram og så vidare
  • Multimedia:
    • Lydhandsamingsprogram: spelarar, redigeringsprogram, instrument og så vidare
    • Videohandsamingsprogram: spelarar, redigeringsprogram og så vidare
    • Grafikkeditorar: for å editera rastergrafikk og to- og tredimensjonal vektorgrafikk
  • DAK: krinskort-DAK, mekanikk-DAK, og så vidare
  • Simulatorar: for numerisk simulering, krinssimulering og så vidare
  • Kommunikasjonsprogram: den delen av dei som høyrer til på lag 7 i OSI-modellen (applilasjonslaget)
  • Undervisningsprogram
  • Spel

Programvareutviklingsverktøy

Utviklingsverktøy er program for utvikling av programvare, som:

  • Kompilatorar
  • Assemblerar
  • Linkerar
  • Debuggerar
  • Profileringsverktøy
  • Integrert utviklingsmiljø (kombinerer alt over)

Sjå òg

Tags:

Programvare KlassifiseringProgramvare Sjå ògProgramvare

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Angela Burdett-Coutts1974SamvirkelagAsteroidemånePåskekyllingYHarald EiaPotsdamIrskDonald SutherlandKapp VerdeSnøskuterRøyskattRay CharlesSigurd NesdalGoogleKvartalPåskehareHundre års ensomhetMari MaurstadÅkernesetNordmøreEselAnette Hovind JohansenGrunnstoffliste etter namnVince GillSteve StevensUkrainaPortugisiskCarles PuigdemontMBarentshavetProfessor emeritusBosutOslo kommuneVM i fotball 2010Henrik Ibsen1. juliHardy-gutteneHuai'anFrederik X av DanmarkRSSEmmanuel MacronÅttringIltalehtiBrøytDen julianske kalenderenJesusNihilismeDet norske flaggetKnut Marius DjupvikBirger EriksenKjerringKoptisk kristendomHalloNiLondon Borough of HillingdonHar SedomBjordalDonauPolenNobelprisen i litteraturLepsøyaOkraQueenNummererte småplanetar/2001–3000Karen DaltonChristianiaStord kommuneDjengis khanLørenskog kommuneOle PausBangladesh🡆 More