Thailand

(norsk: Thailand, thailandsk)

ราชอาณาจักรไทย
Ratcha Anachak Thai

Det thailandske flagget Det thailandske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Phleng Chat»
Geografisk plassering av Thailand
Offisielle språk Thai
Hovudstad Bangkok
Styresett
Monarki
Vajiralongkorn (Rama X)
Srettha Thavisin
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
513 120 km² (50.)
0,4 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
68 414 135 (20.)
133,3 /km² (65.)
Etablert
1238
Nasjonaldag 5. desember
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
1 107 000 mill. USD (20.)
16 700 USD (77.)
Valuta Baht
Tidssone UTC +7
Telefonkode +66
Toppnivådomene .th

Thailand er eit kongedøme i Søraust-Asia. Landet ligg ved austsida av Thailandbukta og grensar til Malaysia, Myanmar (Burma), Laos og Kambodsja.

Namn

Ordet «thai» (ไทย) betyr ifølgje George Coedès «fri mann», til forskjell frå dei erobra opphavlege folkegruppene som vart gjort til liveigne. Den thailandske akademikaren Jid Phumisak (จิตร ภูมิศักดิ์) skreiv i 1976 at thai betyr «menneske» då forskinga hans på språk i landlege område viste at folk der ofte nytta ordet thai om menneske i staden for khun som var meir utbreidd blant thailenderar.

Thailand, eller Muang Thai/Prathet Thai som det heiter på thai, vart tidlegare kalla Siam. Både namna Muang Thai og Prathet Thai tyder «landet til frie menneske» eller «landet til menneske». Det tidlegare namnet Siam kom truleg frå folkegruppa shan, og vart brukt fram til 1949. Thailand vert ofte òg kalla «Smilets land», ettersom folka der har ord på seg for å vera smilande og vennlege.

Historie

Byen Sukhothai vart grunnlagd i 1238 i det noverande fylket Sukhotai, men det er usemje om staden utvikla seg til eit kongedøme.

Byen Ayutthaya vart grunnlagd kring 1350, og vart hovudstaden til kong U-thong, den fyrste herskaren av Kongedømet Ayutthaya.

Trass i stadig press frå europeiske makter frå 1500-talet vart Siam aldri erobra og kolonisert av dei, som det einaste landet i området.

I 1767 fall hovudstaden etter å ha vore kringsett av burmesarane i 14 månader, og vart brunnen ned.:218

Det noverande kongedømet vart til i 1767. Landet utførte mange reformer på 1800-talet, og var særleg ope for britiske handelsinteresser, slik at fleire historikarar har kalla det «ein uformell del» av det britiske imperiet. Det konstitusjonelle monarkiet vart til som eit resultat av den siamesiske revolusjonen av 1932. Japanske væpna styrker invaderte Thailand den 8. desember 1941. Etter nokre timar med kamp inngjekk statsminister Phibun våpenkvile, og inngjekk ein allianse med Japan.

Mellom 1985 og 1995 hadde landet den største vekstraten i verda, med eit årleg snitt på nesten 9%. Dette fekk ein brå slutt i 1997, då intens valutaspekulering med den thailandske bahten førte til at kursen kollapsa og landet gjekk inn i ei økonomisk krise saman med heile Søraust-Asia. På den andre sida førte den låge baht-verdien til ein auke i turismen.

    Massakre i 1992
Thailand 
Ein folkemasse som demonstrerer i Bangkok.

Frå 17. mai til 20. mai opplyste styresmaktene at 52 menneske vart drepne. Frivillig helsepersonell rapporterte at meir enn 100 menneske vart drepne i Bangkok. Perioden vert kalla «Svart mai». Kong Bhumibol Adulyadej brukte innflytinga si til å stoppa påfølgjande samanstøyt mellom hæren og demonstrantar.

Politikk

Kongen har lita makt, men han har framleis ein viktig rolle som øvste leiar for buddhismen og samlande nasjonalt symbol for landet. Kongen og familien hans opptrer dagleg på ulike arrangement og er høgt verdsette. Å kritisere monarkiet eller medlem av kongefamilien kan rammast av lova om majestetsfornærming i Thailand kalla Lèse-majesté-lova. I 2021 vart ei kvinne dømd til 43 år i fengsel for å ha brote denne lova.

Militærjuntaen gav formelt frå seg makta i 2019. Den nye regjeringa hadde sitt fyrste møte den 30. juli 2019.

Økonomi

Korrupsjon

På Transparency International si list Corruption Perception Index frå 2018 var landet rangert på 96. plass. Det hadde dermed 95 land framfor seg på lista som vart rekna som mindre korrupte.

Næringsliv

Dei viktigaste industriane i landet er gummi, fiske, tømmer, naturgass og turisme.

Geografi

Thailand er eit tropisk land med fleire ulike økosystem. Den sentrale delen av landet består av grøderike elvesletter, norddelen er fjellendt og skogkledd, nordaustdelen av landet er eit stort platå, og sørdelen er ei smal, kystprega halvøy som er del av Malayahalvøya.

Klima

Med fjellområde både i aust og i vest unngår Thailand dei store nedbørsmengdene monsunen kan føre med seg. Det er likevel fuktig her, men òg solrikt, særleg om vinteren som har lite regn. Sjølv på sommaren er det relativt lite regn, men fjellområda kan få regn- og torevêr litt oftare.

Dei høgareliggande områda i nord kan verta ganske kjølige om sommaren, og temperaturen går ofte ned mot 15 °C, og av og til heilt ned mot 5 °C. Bangkok og deltaområdet i nærleiken har varme ettermiddagar året rundt, men kveldane er litt mindre fuktig om vinteren. Mars og april er ofte svært varme, før monsunen set inn. Bangkok har ein årleg nedbørsnormal på 1397 mm.

Kraeidet i sør har om lag dei same temperaturane året rundt med regn på austkysten om vinteren og på vestkysten om sommaren. Mai til oktober er den våtaste tida på året i denne delen av Thailand, med kraftigast regn på slutten av sommaren. Thailand vert sjeldan råka av tyfonar, men kan stundom merke restane av gamle system, som kan gje litt vind og auka nedbør.

Thailand 
Ein buddhistisk munk ved eit andehus.

Folkesetnad

Størstedelen av det thailandske folket er etniske thaiar eller laotar; dei siste bur hovudsakleg i Isan-regionen nordaust i Thailand, der dei utgjer rundt ein tredjedel av folketalet. Det bur òg ei stor gruppe utflytte kinesarar i landet, som har spela ein stor rolle i økonomien til landet. Andre folkegrupper er malayar i sør, monar, khmerar og ei rekke ulike urfolk.

Hovudreligionen er theravada-buddhisme (95 %), med ein liten del kristne, hinduar og andre religionar, og ei gruppe muslimar sør i landet. Mange av desse ønskjer sjølvstende eller å slutta seg til det muslimske nabolandet Malaysia, noko som har ført til uro i områda dei bur i.

Administrativ inndeling

Thailand 
Kart over fylka i Thailand.
Thailand 
Kart over sentrale byar i Thailand.

Thailand er administrativt delt inn i 76 provinsar eller fylke (changwat). Provinsane vert delt inn i fem grupperingar. Kvar provins er delt inn i mindre distrikt, eller kommunar. Thai-namnet er amphoe. I år 2000 var det 795 slike amphoe-distrikt, 81 under-distrikt (konge amphoe) og 50 distrikt i Bangkok (khet).

Namnet på kvar provinshovudstad (mueang) er i daglegtale lik namnet på fylket. (Eit unnatak finst i Phayao-fylket.)

Nord

Aust

Sør

Nordaust

Sentral- Thailand

Offentlege høgtidsdagar

  • Den kongelege pløyings-seremonien vert halden på Sanam Luang i Bangkok tidleg i mai for å markera byrjinga på risdyrkinga.
  • Den 23. oktober feirar dei Chulangkon-dagen eller Chulangkorn-dagen.
  • Den 5. desember er nasjonaldagen, som er fødselsdagen til avdøde kong Bhumibol Adulyadej.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Thailand  Commons har multimedium som gjeld: Thailand
Thailand  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Thailand NamnThailand HistorieThailand PolitikkThailand ØkonomiThailand NæringslivThailand GeografiThailand Offentlege høgtidsdagarThailand KjelderThailand BakgrunnsstoffThailand

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Akershus fylkeBuckminsterfullerenGullarsKristningSamleieNorrøntBarentshavetHundrePåskeeggPåskehareKnut Marius Djupvik-stanSkjørbuksurtKjerringBibelbeltetKirkenærDen afghansk-sovjetiske krigenKåre Magnus BerghIsbjørnAlenBjørnGry HammerHjortetakksaltBitcoinOttomanSkirennaren Jo EggenDet norske flaggetHerjedalenPrince Edward IslandNasjonalplantarGodzillaMelhus kommuneBjørnøyaPablo NerudaSkalmen fyrstasjonEPA-traktorDen sahrawiske arabiske demokratiske republikken2020StrilamålDen sørlege regionen i EtiopiaKattT-banen i OsloArnold SchwarzeneggerHydrometerKnapstadWillie NelsonBrusselGrunnstoffliste etter namnPolenOrientråkeMalleTsjekkia2. aprilDigital object identifierJesusDanmarkTelemark fylkeJonas Strand GravliNynorskLepsøyaSjokoladen HobbyNoregBelgiaStillitsLønnJordaOle PausAC/DCOrNedbørDusjanbeProstitusjonHenrik Ibsen🡆 More