Kristi Fødsel

Kristi fødsel er utgangspunktet for den tidsrekninga som vert nytta i det meste av verda, og har utspring i kristendommen.

    AD er omdirigert hit. For andre tydingar, sjå AD

Årstal vert oppgjeve som anten før Kristi fødsel (f.Kr.) eller etter Kristi fødsel (e.Kr). Dersom eit årstal ikkje har noka slik presisering, er det alltid tale om tida etter Kristi fødsel.

Kristi Fødsel
Dionysius Exiguus utarbeida tidsrekninga basert på Kristi fødsel for å halde rekning med tidspunktet for påske

A.D. eller AD, som står for Anno Domini (latin: «i Herrens år») eller Anno Domini Nostri Iesu Christi «i vår Herres, Jesu Kristi, år», viser til året etter Kristi fødsel.

Kyrkja og tidsrekninga

Tidsrekninga legg til grunn eit historisk år for Jesu Kristi fødsel som forskinga seinare har kome til var noko for seint. Han vart mest sannsynleg fødd i tida frå år 4 til 6 år før «år null» (sjå tidspunktet for Jesu Kristi fødsel).

Denne tidsrekninga vart føreslege av munken Dionysius Exiguus i år 525, men var ikkje innført før på 700-talet. I byrjinga vart denne tidsrekninga mest nytta ved pavehoffet i Roma, men etter kvart fekk ho større utbreiing og fortrengde på 900-talet og 1000-talet dei andre tidsrekningane i Vest- og Sentral-Europa. Tidlegare nytta ein i store delar av Europa ei tidsrekning som tok utgangspunkt i dagen då den romerske keisaren Diokletian tok over keisartrona, (20. november 284).

I mellomalderen og renessansen hadde ein på latin ikkje noka tilsvarande nemning som Anno Domini for tida før Kristi fødsel, i det heile er den engelske munken Beda den fyrste til å peike ut eit år som eit som låg i tida «før Kristi fødsel». Han nytta nemninga ante incarnationis dominicae tempus («før tida då Herren vart lekamleggjort») i verket Historia ecclesiastica gentis Anglorum (I.2) i 731. Dei fleste tilsvarande tidlege nemningane på latin tok utgangspunkt i lekamleggjeringa av Kristus (incarnatio Christi) eller då svangerskapen tok til (conceptio Christi), ikkje fødselen hans ni månader seinare.

Nummerering av år

Tidsrekninga vart innført utan noko år 0, det vil seie at ein i staden for år 0 før og år 0 etter Kristi fødsel kalla det for «fyrste år før Kristi fødsel» bakover til eitt fullt år, og «fyrste år etter Kristi fødsel» fram til eitt fullt år. Ein hadde enno ikkje noko omgrep for talet eller mengda «null» (det tydde berre «ingenting»), difor hadde ein heller ikkje noko eige talsymbol for det blant romartala. Denne tenkjemåten høver godt med førestillinga om talrekka, der null berre er eit punkt midt mellom –1 og 1. Ein får då denne årrekka: år 1 f.kr. → 1 e.kr. → år 2 e.kr. ...

Dette skapte ein del diskusjon ved overgangen frå år 1999 til 2000, då dette vart feira som «2000 år sidan Kristi fødsel», medan det eigentleg var 1999 år sidan «nullpunktet».

I astronomisk tidsrekning er det upraktisk å ikkje ha eit år 0. Ein har derfor lagt til eit år 0 før år 1 e.kr. Vidare vert det nytta eit minusteikn «–» for å oppgje år før Kristi fødsel, ikkje «f.kr.» . Dette fører til ein skilnad på eitt år for alle år før Kristi fødsel. Til dømes: –1 tilsvarar år 2 f.kr.

Referansar

Sjå også

Bakgrunnsstoff

Tags:

Kristi Fødsel Kyrkja og tidsrekningaKristi Fødsel Nummerering av årKristi Fødsel ReferansarKristi Fødsel Sjå ogsåKristi Fødsel BakgrunnsstoffKristi FødselTidsrekning

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Communist Party of Great BritainMøteplassDen arabiske verdaEpidotKapunHar SedomSkrellarMarioVM i fotball 1986Freden i WestfalenMellomalderenVerdscupen i langrennPhilly Joe JonesKnut HolmannDatamaskinSambandsbataljonenA Whiter Shade of PaleMarilyn MonroeEtiopiaTor Edvin DahlÅrNapoléon BonaparteArtDomenetapDet norske U21-herrelandslaget i fotballTrentino-Alto AdigeDen julianske kalenderenPurreSamvirkelagErosOrkidéfamilienRomantikkenNM i alpine greiner 1951SjarlatanHospitality ClubRudolf NilsenOberösterreichCarles PuigdemontMark St. JohnWaltzing MatildaHans Erik TofteRunar Myrnes BaltoOffentleg eigedomPrositTyrkiaRenate StecherSkogbonadenMallorcaBrigitEuroSlemmestadSpeleautomatSweet Home AlabamaJugendstilJohn Scott HaldaneHenrik WergelandApeGrunde AlmelandCommodore 16LønnDet polsk-litauiske samveldetEli Kari GjengedalArne HjeltnesAlderspensjonOstemasseTømmerklaveErik AndersenSamiske kommunarSkigardsviseTequilaUnileverTarjei VesaasOstehøvel🡆 More