Tanzania

(norsk: Tanzania, tanzaniansk)

Jamhuri ya Muungano wa Tanzania

Det tanzanianske flagget Det tanzanianske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Mungu ibariki Afrika»
Motto Swahili: Uhuru na Umoja (Fridom og einigheit)
Geografisk plassering av Tanzania
Offisielle språk Swahili
Hovudstad Dodoma (Dar es Salaam)
Styresett
President
Visepresident
Statsminister
Republikk
Samia Suluhu Hassan
-
Kassim Majaliwa
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
947 300 km² (30.)
6,2 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
53 950 935 (26.)
57 /km² (124.)
Sjølvstende
Frå Storbritannia
9. desember 1961 (Tanganyika)

19. desember 1963 (Zanzibar)

Nasjonaldag 26. april
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
138 300 mill. USD (74.)
3 300 USD (156.)
Valuta Tanzaniansk shilling
Tidssone UTC +3
Telefonkode +255
Toppnivådomene .tz


Tanzania er ein stat i Afrika. Sidan 1996 har hovudstaden vore innlandsbyen Dodoma, medan den tidlegare hovudstaden, kystbyen Dar-es-Salaam, framleis hyser mange regjeringskontor.

Historie

Kystlinja til Tanzania har vore prega av mykje strid, fyrst frå portugisarar og arabarar, seinare mellom ulike europeiske makter. Landet var tidlegare ein del av Tysk Austafrika, etter at fastlandet blei kolonisert av i 1891 og direkte styrt frå Tyskland. Landet Tanzania er eit resultat av den politiske unionen mellom fastlandet Tanganyika og øyane Zanzibar og Pemba. Dei to delane fekk sjølvstende frå Storbritannia kvar for seg, fastlandet i 1961 og øyane i 1963

Geografi

Kilimanjaro, det høgaste fjellet i Afrika, ligg i Tanzania, og landet har kystline mot Victoriasjøen.

Zanzibar er ei kjend øy som høyrer til Tanzania og ligg rett utanfor kysten.

Tanzania 
Kart over Tanzania

Geologisk er Tanzania hovudsakleg bygt opp av prekambriske vulkanittar, granittar og gneisar som dannar store platåmassiv på 800–1500 moh. Dei høgaste områda består av yngre, vulkansk material.

Høglandsplatået er avgrensa i aust av kystsletta, i vest og nord av den store austafrikanske søkkegropa (Riftdalen). Langs kanten av søkkegropsystemet er landmassen heva og dannar markerte høgderyggar. I seinkingssona ligg fleire høge vulkanar, mellom anna det høgaste fjellet i Afrika, Kilimanjaro.

I søkkegropsystemet finn ein Dei store sjøane, bl.a Tanganyika- og Malawisjøen som dannar delar av grensa mot vest. Botnen av Tanganyikasjøen ligg 358 m under havoverflata, og er det lågaste punktet i Afrika. I nord, mot grensa til Uganda, ligg Victoriasjøen, 1134 moh.

Søraust og austom Victoriasjøen ligg det store savanneområdet Serengeti med Serengeti nasjonalpark, som har eit rikt dyreliv. Søraust for Serengeti ligg det store Ngorongoro-krateret, ein kaldera med ein diameter på 22,5 km. Den opne grassletta inne i kalderaen er beitemark for store dyreflokkar, både ville og dyr og kvegflokkane til masaiane. Dette er òg ein nasjonalpark. Det sentrale platålandskapet søkk trinnvis mot den låge kystsletta ved Indiahavet.

Kystsletta ved Indishavet vart heva i løpet av tertiær og kvartær og sokk seinare. Hamnene i Dar-es-Salaam og Kilwa er lagde i «drukna» elvemunningar. Kystsletta er delvis dekt av yngre, marine sediment, og delvis av korallrev. Sletter breier seg ut i eit trekanta lågland bak Dar-es-Salaam og langs det nedre løpet til Rufijielva.

Utanfor kysten ligg ei rekkje øyar, skilt frå fastlandet av den 35 km breie Zanzibar-kanalen. Hovudøyane er Zanzibar (1637 km²) og Pemba (974 km²), som begge hevar seg ca 90 moh. Øyane består av heva korallrev og er dekt av leire og sand.

Tanzania vert drenert av ei rekkje elvar og den lengste er Rufiji på 282 km.

Slettelandskap

Høglandsplatået utgjer mesteparten av arealet i Tanzania. Fjellplatået tilhøyrer det afrikanske skjoldet og er ein sørleg analog til det austafrikanske høglandet. Serengetisavanna dekkjer 30 000 km² og består av fleire nasjonalparkar og viltreservat. Riftdalen strekkjer seg gjennom det vestlege Tanzania og omfattar dei store sjøane med mellom anna Tanganyikasjøen.

Fjell

Langs kanten av søkkegropa finst fleire av dei høgaste fjella i Afrika, medan i Aust-Tanzania finst Eastern Arc Mountains med toppar over 2000 moh.

Kilimanjaro er det høgaste fjellet i Afrika og blant dei største stratovulkanane i verda. Vulkanen er sovande og samansett av tre hovudkjegler, Kibo, Mawenzi og Shira, og mange mindre vulkankjegler.

Meru er det fjerde høgaste fjellet i Afrika og det nest høgaste i Tanzania. Han er ein delvis aktiv stratovulkan.

Dei høgaste toppane er vulkanske. Dei fleste av fjelltoppane er utsløkte vulkanar som dannar kalderaer, som Ngorongoro, og nokre er semiaktive vulkanar som Kibo og nokre er aktive som Alte Doinyo Lengai. Mange av kratera har kratersjøar som t.d. Ngozi. Mange av dei høgaste toppane er dekt av snø og det finst isbrear i høgfjellet, t.d. Furtwängler og Rebmann på toppen av Kilimanjaro.

Elver

Kagera er det lengste tilløpet til Victoriasjøenog blir rekna som kjeldeelva til Nilen. Ruvuma er grenseelv mellom Mosambik og Tanzania. Rufiji er den lengste elva i landet. Kalambo er ei elv og ein foss på grensa mellom Zambia og Tanzania med stor fallhøgd.

Innsjøar

Tanganyikasjøen og Victoriasjøen tilhøyrer Dei store sjøane. Andre sjøar er Natronsjøen, Eyasi, Makati og Manyara. Victoriasjøen er den største innsjøen i Afrika. Han er kjelde til Nilen og den nest største ferskvassjøen i verda. Tanganykiasjøen er den nest største innsjøen i Afrika og den nest djupaste på jorda.

Klima

Mykje av Tanzania er høgareliggande område som gjer at temperaturforholda vert ganske behagelege. Nedbøren kan derimot kome ganske uregelmessig, noko som tidlegare har ført til svoltkatastrofar. Som regel får ein tørkeperiodar i samband med El Niño-episodar. Det meste av låglandet og dei høgareliggande områda, inkludert Serengeti, får om lag 500 mm nedbør i året. Det meste av dette kjem i samband med torevêr i perioden frå november til mai. I områda der den søraustlege passatvinden bles opp mot fjella får ein derimot mykje meir nedbør, særleg i høgda rundt 2000-3000 m. Dei sørlege områda av fjellet Kilimanjaro får i overkant av 3000 mm i året.

Austkysten av Victoriasjøen og Tanganyika får òg ein god del nedbør i samband med torevêr, men her, som i det meste av Tanzania, er det i tillegg ein god del sol. Temperaturane varierer lite i løpet av året, og dei fleste områda bortsett frå dei høgaste har ein maksimumstemperatur mellom 25 og 31 °C året rundt. Dei lågaste temperaturane har ein i juni-august i samband med tørketida.

Ein sjeldan gong kan ein tropisk syklon ved Mosambik gje kraftig vind og store nedbørsmengder på kysten av Tanzania. Like utanfor kysten får øyane Zanzibar og Pemba om lag dobbelt så mykje nedbør som kystbyen Dar es Salaam

Økonomi

Tanzania er eit av dei fattigaste landa i verda. Jordbruk er den viktigaste næringa og står for halvparten av av BNP, 85 % av eksporten og sysselset 80 % av arbeidskrafta. Skiljet mellom rike og fattige er stort.

Verdsbanken og IMF har avsett fond for å rehabilitera den økonomiske infrastrukturen til Tanzania og lindra fattigdommen i landet. Sidan 1990-talet har det opplevd økonomisk vekst, mellom anna gjennom utvinning av gull, olje og naturgass.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tanzania  Commons har multimedium som gjeld: Tanzania

Tags:

Tanzania HistorieTanzania GeografiTanzania KlimaTanzania ØkonomiTanzania KjelderTanzania BakgrunnsstoffTanzania

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

DekarSur nedbørYL-gruppeBrødskiveEddadiktApeKuppTwitterTraneBuddhistiske høgtider19. aprilURLSol InvictusPožega-SlavoniaCelsiusSibirVatikanstatenStord kommuneZakopaneIndre AgderFreddie MercuryBarentshavetJonsokÅrstidA Whiter Shade of PaleFrode GryttenIngvild KjerkolEuropaMatriarkJohann Sebastian BachVardø kommuneMaud av NoregChampions LeagueBloggROBEKEirin FaldetOrKaspihavetMari MaurstadSverigePyrenéhalvøyaJordanErling SteinveggSylfestGoogle MapsVeneziaPilfinkEnkeltbekkasinStrilamålAndre verdskrigenArabisk musikkSør-KoreaLagerthaInvesteringKattNasjonaldraktSlaveDiktWaitangitraktatenChris BrownBjørnRomersk kamilleRoald AmundsenPalestinaAserbajdsjanDet russiske alfabetetTutankhamonIALA maritime bøyesystemJa, vi elsker dette landetSaltVinkelfartKonkursAsker TurlagNasjonaldyrMåltid🡆 More