(norsk: Eswatini, eswatinisk)
Umbuso weSwatini Kingdom of Eswatini | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Nkulunkulu Mnikati wetibusiso temaSwati» | ||||||
Motto | Swati: Siyinqaba (Vi er festninga) | ||||||
Offisielle språk | Swati og engelsk | ||||||
Hovudstad | Mbabane | ||||||
Styresett | Monarki Mswati III Cleopas Sipho Dlamini | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn | 17 364 km² (155.) 0,9 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik | 1 467 152 (151.) 84,5 /km² (98.) | ||||||
Sjølvstende - Dato | Frå Storbritannia 6. september 1968 | ||||||
Nasjonaldag | 6. september | ||||||
BNP – Totalt () – Per innbyggjar | mill. USD (.) USD (.) | ||||||
Valuta | Lilangeni | ||||||
Tidssone | UTC +2 | ||||||
Telefonkode | +268 | ||||||
Toppnivådomene | .sz
|
Eswatini eller eSwatini, tidlegare Swaziland, er eit kongedøme i det sørlege Afrika. Staten er ein av dei minste i Afrika, og ligg mellom Sør-Afrika og Mosambik på austsida av fjellkjeda Drakensberg. Namnet er kalla opp etter bantufolket swazi.
Eswatini er inndelt i fire provinsar: Hhohho, Lubombo, Manzini og Shiselweni.
Fjella i landet gjev store skilnader i temperatur og nedbør. I dei høgareliggande områda mot vest er vinteren tørr og mild, og nettene vert ofte kalde. Sommaren er varm med litt meir nedbør, men temperaturane vert sjeldan veldig høg. Mbabane har ein årleg nedbørsnormal på 1401 mm. Landet heller mot aust, og grenseområda mot Mosambik er lågland med nesten tropisk klima. Sommaren her er varm og fuktig.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Eswatini, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.