Conakry

Conakry er hovudstaden og den mest folkerike byen i det vestafrikanske landet Guinea.

Byen er ein hamneby ved Atlanterhavet. Han ligg på øya Tombo, og på halvøya Kaloum. Talet på innbyggarar vart estimert til 1 548 500 i 2009. Conakry er det administrative og økonomiske sentrumet i landet. Drifta av hamna utgjer ein viktig sektor i byen sin økonomi.

Conakry
by
Conakry
Land Conakry Guinea
Areal 450 km²
Folketal 1 667 864 (2014)

Conakry
9°30′33″N 13°42′44″W / 9.5091666666667°N 13.712222222222°W / 9.5091666666667; -13.712222222222
Wiki Commons: Conakry
Conakry
Kart over Guinea med Conakry i vest

Styre

Conakry er delt opp i fem kommunar, kvar leia av ein borgarmeister. Til saman dannar dei fem kommunane regionen Conakry. Frå sørvest er dette Kaloum (sentrum), Dixinn (inkludert Universitetet i Conakry og mange ambassadar), Ratoma, Matam og Matoto, der Gbessia lufthamn ligg.

Økonomi

Conakry er både det økonomiske og kommunikasjonsmessige senteret i Guinea. Næringsverksemda er i stor grad knytt til utskiping av varer produsert i landet. Jarnbanen frå aust i Guinea transporterer aluminiumoksid frå gruvene der, store mengder banan og andre matvarer, samt varer til byggjebransjen. I gjennomsnitt tener ein person frå Conakry om lag $45 i månaden.

Infrastruktur

Utkopling av straum og vatn har sidan 2000 dagleg råka innbyggjarane i Conakry. Regjering og kraftselskap skuldar tørken i februar 2001 for den samtidige mangelen på elektrisk kraft til hovudstaden, medan gammalt maskineri skal vere forklaring på den vedvarande mangelen på elektrisitet. Kritikarar av regjeringa har derimot vist til vanstyre, korrupsjon, og at den franske partneren trekte seg ut av kraftselskapet i 2002. Større delar av byen har ikkje trafikklys i kvelds- og nattetimane.

Folkeleg misnøye med forsyningssituasjonen i Conakry, knytt saman med anti-regjering-protestar, streikar, og valdsferd frå president Lansana Conté sitt styre, utvikla seg til gatekampar i byen. Valden var på det kraftigaste og nådde ein topp med generalstreiken i januar-februar 2007. Meir enn hundre menneske vart drepne då hæren slo ned protestane.

Klima

Conakry har eit tropisk monsunklima, ifylgje Köppen si klimaklassifisering. Byen har si regntid og si tørketid. Til liks med størstedelen av Vest-Afrika er tørketida i Conakry mellom desember og april påverka av harmattan. Desse månadene fell det såleis lite nedbør over byen. Derimot har Conakry uvanleg mykje nedbør i regntida, til skilnad frå mange delar av Vest-Afrika. Til saman fell det årleg nær 4 300 mm nedbør over byen.

Historie

Conakry 
Conakry i 1912

Ei legende seier bynamnet er ei samanfatting av namnet Cona, ein vinbryggar hos bagafolket, og ordet nakiri, som på sosso betyr 'den andre sida'.

Conakry vart opphavleg bygt på øya Tombo og spreidde seg over til Kaloumhalvøya, ei 36 km lang landtunge som er 200 meter brei. I 1885 hadde landsbyane Conakry og Boubinet berre 500 innbyggarar. To år seinare, 1887, overlet britane øya til Frankrike. Franskmennene grunnla byen Conakry som i 1904 vart hovudstad i Fransk Guinea. Byen blomstra opp som eksporthamn, særleg etter han fekk jarnbanesamband med Kankan. Dette opna opp for utskiping i stor skala av jordnøtter frå innlandet.

Folketalet auka frå 50 000 innbyggarar i 1958 til 600 000 i år 1980 og vidare til dagens om lag 1,5 millionar. Infrastrukturen i Conakry har heile tida vore prega av den lokale topografien, samt den relative isolasjonen frå fastlandet. Byen er plassert på staden, då det var til fordel for kolonimaktene.

I 1970 gjorde Det afrikanske partiet for sjølvstende til Guinea og Kapp Verde (PAIGC) i grannelandet Portugisisk Guinea (dagens Guinea-Bissau) opprør mot det portugisiske kolonistyret. Opprøret råka Guinea òg, då 350 portugisiske soldatar og guineanske dissidentar gjekk i land nær Conakry, angreip byen og sette fri 26 portugisiske krigsfangar som vart haldne av PAIGC. Til sist gjorde dei portugisiske styrkane retrett, etter dei hadde mislukkast med å styrte regjeringa.

Kjelder

Tags:

Conakry StyreConakry ØkonomiConakry KlimaConakry HistorieConakry KjelderConakryAtlanterhavetGuinea

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AmarantfamilienMotreformasjonUrfolkMagnetisk feltstyrkeVinter-OL 1988AndRussisk kulturJon FosseAustralopithecusJohann Sebastian BachGrenadaOksygenNautisk milTutankhamon11. februarWiki CommonsJaroslav SoukupRakiaPH-meterTsjekkoslovakiaCamilla CollettSverigeCommunist Party of Great BritainHistorisk oversyn over kommunar i HordalandZoologiSinaihalvøyaBautasteinDet britiske imperietBizkaiaEkteskapArbeidarpartietPeter F. WolfKongsberg IdrettsforeningVerkstadSerious Hits… Live!Claudio MonteverdiMarcus & MartinusAntarktisSymbol i hinduismenEuropaGunnhild SundliNorskCyanFuglarSpekkhoggarMP3EinatGåsIsaac NewtonHenning SolbergTuonelaEdderkoppar i kulturenInformasjonsattfinningAustraliaVaremerke2006Samisk språkhistorieGranDeAnna PriceFuerteventuraAtomvåpenSpesifikk varmekapasitetHovudsideVegard UlvangNoreg under sommar-OL 2008SkandinaviaNordsamiskLamaIvan KramskojFriksjonHumleStrategispelTarasåsenAnimismeNorsk folkedansMiddelhavet🡆 More