Eit synonym eller ei liketyding er eit ord som har same eller liknande tyding som eit anna ord.
Synonym er substantiv, verb, adverb eller adjektiv. Det er relativt sjeldan at to ord har eksakt lik tyding, difor blir ofte nyansane tatt fram i ordbøker og leksikon. Nokre språkforskarar meiner at ingen synonym har nøyaktig lik tyding fordi dei har oppstått på ulik måte, har ulik klang, andre assosiasjonar, ulik formell samanheng - ein advokat vil bruke andre ord i eit juridisk dokument enn i daglegtale om same tema.
Ei ordbok med synonym blir kalla ei synonymordbok (sjå også tesaurus). Det motsette av eit synonym er eit antonym. Synonym og antonym er såleis antonym.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Synonym, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.