Ticket To Ride

Yes It Is

Ticket to Ride
Singel av The Beatles
frå albumet Help!
B-side

Språk engelsk
Utgjeve
  • 9. april 1965 (UK)
  • 19. april 1965 (US)
Innspelt 15. februar 1965, EMI, London
Sjanger Powerpop, jangle pop, folk rock
Lengd 3:10
Selskap Parlophone (UK), Capitol (US)
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
Britisk The Beatles-kronologi 
I Feel Fine
(1964)
Ticket to Ride Help!
(1965)
Amerikansk The Beatles-kronologi
Eight Days a Week
(1965)
Ticket to Ride Help!
(1965)


«Ticket to Ride» er ein song av The Beatles frå albumet Help! i 1965. Han vart spelt inn 15. februar 1965 ved Abbey Road Studios og gjeve ut to månader seinare. Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 384. plass over dei 500 største songane gjennom tidene.

Songen vart hovudsakleg skrive av John Lennon (og tilskriven Lennon/McCartney) og kva Paul McCartney medverka med er omstridd. Lennon sa at McCartney innverknad var avgrensa til korleis Ringo Starr spelte trommer. McCartney hevdar derimot at dei nærast skreiv han i lag. Lennon sa at då songen skiftar tempo i slutten (med teksten «My baby don't care») var ein av favorittdelane hans av songen. Dette var òg den første songen til Beatles der McCartney spelte sologitar.

Utgjeving

«Ticket to Ride» vart gjeve ut på singel 9. april 1965 (19. april i USA) med «Yes It Is» som B-side. Han nådde toppen av singellista både i USA, Storbritannia og Noreg. I Noreg låg han fire veker på førsteplassen og i alt 14 veker inne på Topp 10.

Ettermæle

She's got a ticket to ride,
She's got a ticket to ri - hi - hide,
She's got a ticket to ride, but she don't care.

Både Richie Unterberger i Allmusic og forfattar Ian MacDonald skildrar «Ticket to Ride» som ein viktig milepåle i den musikalske utviklinga til the Beatles. Rytmen er hardare og tyngre enn på tidlegare Beatles-songar. MacDonald skildra han som psykologisk djupare enn noko anna The Beatles hadde gjort før og ekstraordinær for si tid. Etter at Beatles vart oppløyst uttalte Lennon at dette var den første heavy metal-songen nokon gong med eintonig basslinje, repeterande trommer og tunge gitarlinjer.

Medverkande

I følgje Ian MacDonald:

Andre versjonar

  • Carpenters i 1969. Nådde 54. plass på amerikanske Billboard Hot 100
  • Vanilla Fudge i 1967.
  • Hüsker Dü på konsertar.
  • The Fifth Dimension i 1967.

Salslister

The Beatles version

Liste (1965) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40) 8
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 10
Canada Top Singles (RPM) 1
Nederland (Mega Single Top 100) 1
Irland (IRMA) 1
Noreg (VG-lista) 1
UK Singles (Official Charts Company) 1
US Billboard Hot 100 1
US Cash Box Top 100 Singles 1
Vest-Tyskland - Media Contro-lista 2

The Carpenters-versjonen

Liste (1969) Plassering
US Billboard Hot 100 54
US Adult Contemporary (Billboard) 19

Kjelder


  • Everett, Walter (2001). The Beatles as Musicians: The Quarry Men through Rubber Soul. New York, NY: Oxford University Press. ISBN 0-19-514105-9. 
  • Everett, Walter (2009). The Foundations of Rock: From "Blue Suede Shoes" to "Suite: Judy Blue Eyes". New York, NY: Oxford University Press. ISBN 978-0-19-531024-5. 
  • MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). ISBN 1-84413-828-3. 
Føregangar
«Poupée de cire, poupée de son»
France Gall
Toppen av VG-lista
The Beatles

4 veker, veke 17–20 1965
Etterfylgjar
«King of the Road»
Roger Miller

Tags:

Ticket To Ride UtgjevingTicket To Ride EttermæleTicket To Ride MedverkandeTicket To Ride Andre versjonarTicket To Ride SalslisterTicket To Ride KjelderTicket To Ride

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Spesifikk varmekapasitetKjetil A. LieWehrmachtKožufHollandFantasy RecordsArto BryggareIrakisk geografiEuropaAndTorbjørn Røe IsaksenHumleHellasThorleif HaugAsker kommuneInitials B.B.Nicolette LarsonEkornCupvinnarcupfinalen i fotball 1969BizkaiaGrunnstoffet tinn27-årsklubbenAlbert GleizesHolbækPilaffTromsø kommuneCelsiusHound DogTsjernobylFA-cupfinalen i fotball 2001Aspmyra stadionNintendo 3DSDet norske herrelandslaget i fotballMark KirchnerMP3MenneskeanatomiRSSSmash!Peter ElliottCascadaRob DruppersKrag-Jørgensen-rifleBhutankrigenKrysantemumElvis PresleyItaliensk salatDet indiske kastesystemetJan Werner DanielsenSunnmøreFabian RießleDer ingen skulle tru at nokon kunne buSvartebokaCC AmfiMontserrat CaballéRoger AlbertsenCupvinnarcupfinalen i fotball 1979KinesiskReguleringsventilEirik Salsten1998 TitiusIs This the Life We Really Want?BrøytAzerspace-1/Africasat-1aBiologisk familieNato-alfabetetSkrikMånekakeKarel LismontMAfghanistanAyn RandJofamilienForvandlinga🡆 More