Thoriumkraftverk er ein type kjernekraftverk der torium vert nytta som brensle i staden for uran.
Bruk av torium i kjernekraftverk har vore prøvd ut sidan 50-talet, men har aldri vorte utvikla til kommersiell bruk. Nokre forskarar meiner at atomreaktorar som vert drivne av torium er vesentleg tryggare enn konvensjonelle kjernekraftverk som nyttar uran eller plutonium.
Ein kan nytte torium i tradisjonelle reaktorar, men det er ikkje attraktivt økonomisk. Av dei tradisjonelle reaktorarane som er best eigna til toriumbrensle er dei som er tungtvassmodererte. Elles er saltsmeltereaktoren sett på som ein god kandidat til å gå på torium.
Det har òg vore foreslått å bygge såkalla underkritiske reaktorar som blir kritiske ved å tilføre eksterne nøytronar som kjem frå ei såkalla spallasjonskjelde. For å få dette til nyttar ein ein aksellerator til å produsere protonar som bombarderer eit eigna metall. I denne prosessen blir det så frigjort nøytronar som gjer reaktoren kritisk. Bruk av partikkelakselerator skal eliminere risikoen for kritikalitetsulykker, men ikkje for nedsmeltingsulykker. I lettvassmodererte og -kjølte reaktorar er det fysisk umogleg med kritikalitetsulykker.
Ein toriumreaktor skal òg produsera langt mindre langliva radioaktivt avfall samanlikna med ein tradisjonell reaktor.
Noreg har store førekomster av torium. Fleire har difor kome med framlegg om bygging av eit slikt kraftverk i Noreg. Men det norske toriumet er vanskeleg utvinnbart i høve til det ein finn i andre land og vil neppe danne grunnlaget for energiverk i dette hundreåret.
Det norske selskapet Bergen Energi søkte våren 2006 den norske regjeringa om konsesjon for bygging av eit toriumkraftverk i Noreg. Søknaden fekk avslag etter kort tid.
I 2007 vart det nedsett eit utval av regjeringa som greidde ut bruken av torium til energiproduksjon.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Thoriumkraftverk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.