T er den tjuande bokstaven i det latinske alfabetet og hadde same form i latin og gresk.
Alfabetet | |||||
A | B | C | D | E | |
F | G | H | I | J | |
K | L | M | N | O | |
P | Q | R | S | T | |
U | V | W | X | Y | |
Z | Æ | Ø | Å |
Han stammar frå det fønikiske alfabetet. Det hebraiske namnet på bokstaven er taw, og grekarane overtok dette namnet. Romarane overtok frå etruskarane namnet te.
I den eldre runerekka er t det 17. teiknet, og i den yngre det 12. teiknet. I det yngre runealfabetet vert t òg nytta for d. [t] er i norsk ein ustemt dental eller alveolar lukkelyd (plosiv). I norsk er han aspirert, det vil seie følgd av eit pust, i framlyd og uaspirert i innlyd og etter s. Ein variant er den retroflekse uttalen i austnorsk av til dømes ert.
Tâw var den siste bokstaven i det vest-semittiske alfabetet, og i det hebraiske.
«T – bokstaven» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article T, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.