Skrekkfilm: Filmsjanger

Skrekkfilm er ein filmsjanger der målet med filmen er å framkalla sterke negative kjensler, som frykt eller avsky, hjå sjåaren.

Historia dreier seg ofte om vondskap forårsaka av ein person, ei makt eller ei hending, gjerne i samband med overnaturlege fenomen. Sjangeren er nesten like gammal som filmkunsta sjølv, og kan sporast tilbake til kortfilmar laga av Georges Méliès i 1890-åra.

Skrekkfilm: Filmsjanger
Skremt Ingrid Bergman i Dr. Jekyll and Mr. Hyde frå 1941.

Skrekkfilmane er kjende for svært vonde og mektige personar. Gjengangarar i sogene er skremmande vesen som vampyrar, zombiar og andre former for gjenoppståtte døde, demonar, spøkelse, varulvar, eldgamle forbanningar, besetting, satanisme, kannibalar og utanomjordiske vesen. Seriemordarfilmar blir gjerne også plassert i skrekkfilmsjangeren.

Visse historier frå engelsk litteratur er blitt laga som skrekkfilmar fleire gonger, som Frankenstein (først filmatisert i 1908), Dr. Jekyll og Mr. Hyde (først filmatisert i 1910) og Dracula (først filmatisert i 1922, som Nosferatu).

Skrekkfilmen er ofte assosiert med låge budsjett og mindre kjente skodespelarar, men det er også blitt laga filmar innan sjangeren av store filmstudio og respekterte regissørar. Kjende filmar innan sjangeren er Invasion of the Body Snatchers, regissert av Don Siegel i 1956, Rosemary's Baby, regissert av Roman Polanski i 1968 og Motorsagmassakren, regissert av Tobe Hooper i 1974.

Kjelder

Fotnotar

Skrekkfilm: Filmsjanger  Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

1890-åraFilmOvernaturlegSjangerVondskap

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Claudio LangesEddadikt16. maiVåren av Aasmund Olavsson VinjeSnaptunsteinen2006AlaskaAluminiumLitle LangøyaZoologiSkjoldbruskkjertelenKrigDronninga av SabaNasjonale minoritetar i NoregCamilla CollettManuela Di CentaStrategispelBook of KellsElbaJonsokAusterrikeLysNicolette LarsonLønnNorske dialektarPilEddiksyreSovjetunionenDet indiske kastesystemetNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973VM i alpine greiner 2019Britisk pund918TeknologiPalermoH.C. AndersenTorgeir Knag Fylkesnes24. aprilAndreas BlochQueenKaspihavetAlbert EinsteinItaliaEnaresjøenHarriet BackerSandnessjøenØrsta kommuneNihilismeMP3Sandy DennyAleksandr RagulinDet osmanske riketDu FuJohn P. HammondTEMPESTEyvind JohnsonFredrik SkavlanSpeidarrørslaLouis PasteurTenaza PeakGezer regionale kommuneRegjeringa Bondevik IITeltTyrkiaMaiken Caspersen FallaMøreOlivettiHumlerBeltaneOrKognitivismeNordsamiskEkteskapKjerringa med stavenVerdas land🡆 More