Pysj, pysjamas eller pyjamas (frå engelsk pyjamas/pajamas av hindustani pāijāma, 'bukser') er ein type nattklede av bukser og ei kort skjorte eller trøye.
Tradisjonelt høyrde lange bukser til pysjen, men i nyare tid har ein også teke i bruk kne- og kortbukser.
Pysjen kom til Europa frå tropene på siste halvdel av 1800-talet, og fortrengde etter kvart nattskjorta. Frå 1880-åra byrja kvinner å bruka pysjamas, men kleda blei først vanlege blant kvinner i 1920–30-åra. På denne tida oppstod også strandpysjamas, ein dagdrakt for kvinner med bukser.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pysj, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.