Orrfugl (Tetrao tetrix) er ein fugleart av skogshøns.
Orrfugl | |
Orrhøne | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig Utbreiinga av Orrfugl | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Hønsefuglar Galliformes |
Familie: | Fasanfamilien Phasianidae |
Slekt: | Lyrurus |
Art: | Orrfugl L. tetrix |
Vitskapleg namn | |
Lyrurus tetrix |
Det er stor skilnad på høna og hanen. Høna er brunspragla. Hanen er nærmast svart med blåskinnande fjør på brystet. Halen er lyreforma, og det kvite vengjespelet er lett å kjenne igjen under flukt. Hanen veg mellom 1 og 1,5 kg og er om lag 53 cm lang.
Orrhanespelet (orrleiken) er innleiinga til forplantinga. Den er tidleg på våren og skjer på islagte vatn og opne myrar. På linje med storfuglen er orrfuglen polygam. Parringa skjer på spelplassen i mai. Høna legg 8-9 egg i eit reir på bakken og ho ruger dei ut på 25-27 dagar.
Orrfugl kan vanskeleg forvekslast med andre fuglar, men hofuglen kan likne på røya (storfuglhoa).
Kulla held saman heile sommaren. Utover hausten er dei meir spreidd. Vinterstid går dei ofte saman igjen i små flokkar og då beitande i bjørkeskogen. Ved kraftig snøver går dei ofte i dokk, slik som rypene.
Orrfuglen held til i skogsområde i heile landet, men sjeldan i Finnmark. Orrfuglen likar seg helst i litt meir opent lende enn storfuglen. Lyngrabbar og og myrparti trivst dei god i. I barmarksessongen er bær viktigaste føde, om vinteren tar dei opp mot bjørkeskoggrensa for å beite på skota.
Orrfuglen er jaktbar og kjent for godt kjøtt. Årleg vert det felt om lag 30 000 orrfugl i Noreg.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Orrfugl, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.