Norsk Raudliste For Artar

Norsk raudliste for artar er eit oversyn over artar innanfor rika plantar, dyr og sopp som er vurderte å ha risiko for å kome bort i Noreg.

Raudlisting inneber ei kategorisering av artane basert på eit sett av presise kriterium for å evaluere risiko for å døy ut innanfor omådet for dei norske politiske forvaltingseiningane.

Den norske raudlista stør opp om forvalting i samsvar med naturmangfaldlova og indirekta SN-konvensjonen om biologisk mangfald (CBD), til dømes i kommunal aralplanlegging.

I 2003 utvikla Verdas naturvernunion, IUCN, eit sett med transparente, kvantitative kriterium for å vurdere vernestatusen til artar på regionalt og nasjonalt nivå. Utarbeiding av den norske lista er basert på metodikken bak IUCN si globale raudliste over truga artar. Lista er eit døme på ei regional raudliste med statusen til artar i eit bestemt land eller område. Vurderingane blir gjort saman med vitskaplege institusjonar og andre med faglig spisskompetanse. Til dømes for 2021-utgåva, deltok 19 ekspertkomitéar med 94 medlemmer.

Frå og med 2006 har Artsdatabanken utarbeidd og publisert den nasjonale raudlista for Noreg. Ho har blitt revidert kvart fjerde til sjette år, siste gang i 2021. Tidlegare hadde Direktoratet for naturforvalting ansvar for den norske nasjonale raudlista.

Gjeldande norsk nasjonal raudliste er frå 2021. Dei fremste ekspertane i landet har vurdert risikoen for om 23 578 ulike artar i Noreg kan døy ut. Totalt er 2878 artar blitt kategoriserte som truga i den nye raudlista. Tala inkluderer 371 vurderte og av dei 59 truga takson på underart og varietetsnivå av karplantar og mosar.

Kategoriar for Norsk raudliste

Raudlistekategoriar

    EX – Utdøydd (extinct)
    EW – Utdøydd i vill tilstand (extinct in the wild)       
    RE – Regionalt utdøydd (regionally extinct)
    CR – Kritisk truga (critically endangered)
    EN – Sterkt truga (endangered)
    VU – Sårbar (Vulnerable)
    NT – Nær truga (near threatened)
    DD – Datamangel (data deficient)

Kategoriar for ikkje-raudlista

    LC – Livskraftig (least concern)
    NA – Ikkje egna (not applicable)
    NE – Ikkje vurdert (not evaluated)

Raudlisteartar i kategoriane Kritisk truga (CR), Sterkt truga (EN) og Sårbar (VU) blir rekna som truga artar i norsk natur. I omgrepet raudlista artar ligg òg artar kategorisert som regionalt utdøydde (RE) og nær truga (NT).

Norsk raudliste 2021

  • Norsk raudliste for artar 2021 vart publisert av Artsdatabanken 24. november 2021. Oversyn over resultata for alle artsgrupper:
Gruppe RE CR EN VU NT LC Vurderte Truga % truga
Algar 3 5 18 24 281 331 26 8 %
Amfibium og reptilar 1 1 2 7 11 2 18 %
Armfotingar 12 12
Blautdyr 1 3 5 8 666 683 8 1 %
Edderkoppdyr 12 32 13 563 620 44 7 %
Fiskar 2 6 4 4 188 204 12 6 %
Fuglar 3 11 18 33 28 141 234 62 26 %
Hydrozoa 3 3
Insekt 89 103 437 702 647 9045 11023 1242 11 %
Karplantar 8 44 122 131 167 901 1373 297 22 %
Koralldyr 2 6 66 74 2 3 %
Krepsdyr 4 8 18 1006 1036 12 1 %
Lavaer 49 97 123 57 1075 1401 269 19 %
Leddormar 4 7 1 614 626 11 2 %
Mangefotingar 1 3 6 48 58 4 7 %
Mosdyr 1 7 8
Mosar 44 75 124 60 777 1080 243 23 %
Pattedyr 2 3 8 6 8 44 71 17 24 %
Pigghudingar 139 139
Sekkdyr 74 74
Soppar 4 28 161 279 296 2441 3209 468 15 %
Spretthalar 7 26 9 258 300 33 11 %
Stormanetar 5 5
Svampar 1 90 91
Totalar 107 288 960 1504 1359 18448 22666 2752 12 %

Tala i tabellen gjeld vurderingar på artsnivå og tar ikkje med Svalbard.

Oversyn innanfor gruppene:

Tidlegare nasjonale raudlister

  • Norsk raudliste frå 2015 inneheldt 4438 artar totalt for Fastlands-Noreg og norske havområde. 16 477 andre artar var blitt vurderte og kategoriserte som livskraftige.

Kjelder

    Notar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Norsk Raudliste For Artar Kategoriar for Norsk raudlisteNorsk Raudliste For Artar Norsk raudliste 2021Norsk Raudliste For Artar Tidlegare nasjonale raudlisterNorsk Raudliste For Artar KjelderNorsk Raudliste For Artar BakgrunnsstoffNorsk Raudliste For ArtarBiologisk rikeDyrPlantarSopp

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

CØEventyrHandball-EM 2012 for mennGeorge DukeIsbreTangerineKaffisurrogatArgentinaJohn Maynard SmithKråkebolleFinanstilsynetBergenIram HaqTschaggunsAristotelesBjørnTone Damli AabergeOberösterreichArtNordland fylkeStore norske leksikon28. februarGeorgiaOmanRomsonden PsycheWilliam ByrdNM i alpine greiner 1960Cristiano RonaldoVerdas landOzonlagetFilmen EllingGunnar SønstebyMellomalderenOrkidéfamilienNakkeslengskadeJuletreØrsta kommuneFrostkjensleTittelKarbondioksidQianxinanStavanger kommuneJordbruksrevolusjonenHedmark fylkeAnne GullestadPrositPauli NevalaGneisNM i alpine greiner 1951PuddelrockDima BilanStreptokokkhalsinfeksjonAndre verdskrigenMari Maurstad27-årsklubbenIngvild BrynArif MardinNarkotikaDen julianske kalenderenGiroNetflixJødedommenSvastikaCembaloDar kjem dampenSeladonLundefuglMenneskeanatomiKon-Tiki-ekspedisjonenLinn UllmannNM i alpine greiner 1940Fredrik SolvangSki-VM 2009Sambandsbataljonen🡆 More