Mount Everest: Verdas høgaste fjell

Mount Everest (sanskrit Sagarmatha, tibetansk Chomolungma) er det høgaste fjellet i verda, med ei høgd på 8 848 moh.

(målt på snødekket). Høgda på snø og is kan variera mykje, og ulike målingar har hatt litt ulike resultat.

Mount Everest
fjell
Mount Everest: Høgd, Historie, Kjelder
Everest sett frå Kala Patthar i Nepal
Land Mount Everest: Høgd, Historie, Kjelder Nepal, Mount Everest: Høgd, Historie, Kjelder Kina
Del av Himalaya, Seven Summits, eight-thousander, Ultratopp
Fjellkjede Himalaya
Høgd 8 850 moh.
Koordinatar 27°59′17″N 86°55′31″E / 27.98806°N 86.92528°E / 27.98806; 86.92528
Lettast tilkomst Søraustryggen
Førstestiging Edmund Hillary
 - dato 29. mai 1953

Mount Everest
27°59′18″N 86°55′30″E / 27.9882361°N 86.9250181°E / 27.9882361; 86.9250181
Mount Everest: Høgd, Historie, Kjelder
Mount Everest: Høgd, Historie, Kjelder
Wiki Commons: Mount Everest

Mount Everest ligg i fjellkjeda Mahalangur Himal i Himalaya, på grensa mellom Folkerepublikken Kina og Nepal, og grensa mellom dei to landa går midt gjennom toppunktet.

Administrativt ligg den nepalske delen av Mount Everest i Sagaramatha nasjonalpark i Provins nr. 1. Den kinesiske delen tilhøyrer den autonome regionen Tibet.

Høgd

Den offisielle høgda til Mount Everest er 8 848 m (29 029 ft), og er anerkjend av både Kina og Nepal. Denne høgda blei funnen ved ei indisk oppmåling i 1955 og stadfesta ved ei kinesisk oppmåling i 1975. I 2005 måla Kina høgda til sjølve fjellet, og kom fram til at det var 8844,43 m. Etter dette diskuterte Nepal og Kina kva som skulle vera den offisielle høgda. I 2010 blei dei einige om at den offisielle høgda framleis skulle vera 8 849 m, medan Nepal anerkjenner den kinesiske oppmålinga av berghogda på 8 844 m.

I 1999 blei fjellet målt av National Geographic til 8 850 moh.

Historie

Klatring

Toppen blei nådd for første gong den 29. mai 1953 av Edmund Hillary frå New Zealand og Tenzing Norgay frå sherpa-folket i Nepal, via søraustryggen.

Mount Everest: Høgd, Historie, Kjelder 
Klatringar til toppen av Mount Everest per år fram til 2010

Ved slutten av klatresesongen 2010 hadde rundt 3,142 klatrarar nådd toppen i 5,104 ekspedisjonar. 77 % av deese klatringane hadde funne stad sidan 2000. I 2007 blei det registrert eit rekordtal på 633 klatringar utført av 350 tilreisande klatrarar og 253 sherpaer. Deretter blei det gjort 426, 462, 543 og 537 oppstigningar dei neste åra i høvesvis 2008, 2009, 2010 og 2011.

I mai 2019 sette klatreleiaren Kami Rita frå Nepal rekorden for flest klatringar til toppen av Mount Everest då han klatra til toppen for 23. og 24. gong.

I mars 2020 satte nepalske og kinesiske styresmakter stopp for klatring den sesongen på grunn av risiko for sjukdommen covid-19.

Hovudklatreruter

To hovudklatreruter er

  • Søraustrygg-ruta (frå Nepal)
  • Nordaustryggen frå Tibet (òg kjend som Mallory-ruta).

Den fyrste klatringa til topps gjekk via Stilledalen (eller Western Cwm), Lhotse-veggen og vidare til Søraustryggen. «Leir 4» på denne ruta ligg i Sørskaret (South Col), i 7920 meters høgd.

Nye klatreruter er mellom anna den via sørvestveggen i 1975.

Femten ruter (inkludert variasjonar) vart nytta før 1997.

Spesielle oppstigningar
  • 1975: Den fyrste kvinnen til topps var Junko Tabei.
  • 1980: Den fyrste til å klatre til topps, utan oksygen-flasker, var Reinhold Messner.
Fyrste mann og kvinne frå ulike land
  • 1953: Toppen blei nådd for første gong av Edmund Hillary og Tenzing Norgay.
  • 1956: Den første sveitsaren var anten Ernst Schmied eller Juerg Marmet. Dei kom til toppen samstundes.
  • 1975: Den fyrste kvinna til topps var Junko Tabei frå Japan.
  • 1985: Bjørn Myrer Lund eller Odd Eliassen var fyrste nordmann på fjelltoppen
  • 2004: Randi Skaug var den fyrste norske kvinna på toppen.
Mount Everest: Høgd, Historie, Kjelder 
Område opptil om lag 40 kilometer frå Everest-fjelltoppen

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Mount Everest: Høgd, Historie, Kjelder  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Mount Everest HøgdMount Everest HistorieMount Everest KjelderMount Everest BakgrunnsstoffMount EverestFjellMoh.SanskritTibetanskVerda

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Trond KirkvaagTemplinCan’t Buy Me LoveLev TolstojOzonlagetJerry ReedMS «Gullving»Alf-Jørgen AasFreden i TeusinaTrykkDen amerikanske grunnlovenDen arabiske verdaKråkebolleToralf EnganPyramidekabalJugendstilGine Cornelia PedersenLondonLandskappleikenTone Damli AabergeTorskElsa BeskowFredrik SolvangKon-Tiki-ekspedisjonenSambandsbataljonenSamleieAnne HoltRhinenOseania2001KölnCarl XVI Gustaf av SverigeNM i alpine greiner 1958Lotta i BråkmakergataTrygve Slagsvold VedumJuletreOrlogsflaggAntisemittismeBergenLiving on My OwnAnne GullestadBram StokerNATOSkigardsviseLatviaÅkerbærSophie Román HaugHugo HaaseMaskinentreprenørenes ForbundDet danske flaggetWattensGaysirJødedommenKonrad AdenauerScrabbleAustraliaKvekaraneNM i alpine greiner 1950CJean CalvinSun RecordsCarles PuigdemontRandi FørsundVince GillNiels Wilhelm GadeNasjonaldagTangensHåkon IV av NoregRakiaNyreportHandball-VM 2019 for mennFantasyLiverpool FCKapunSigbjørn Obstfelder🡆 More