Lise Klaveness: Norsk advokat og fotballspelar

Lise Klaveness (fødd 19.

april 1981) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Meland. Ho vann sølv med Noreg under Fotball-EM 2005. Klaveness spelte 73 landskampar og skåra ni mål i åra 2002-11.

Lise Klaveness
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. april 1981 (42 år)
Meland kommune
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball for kvinner 2007

Utmerkingar

Fritt Ords honnør, Rettssikkerhetsprisen, Fredrikkeprisen, Peer Gynt-prisen

Midtbanespelar Klaveness spelte 1997-99 på IL Sandviken og der etter ein sesong kvar i Bjørnar IL og Athene Moss. Frå 2002 til 2011 var ho aktiv i Asker SK/Stabæk IF, med unnatak for sesongane 2006-07 då ho hjelpte svenske Umeå IK til to seriemeistertitlar. I 2010 vart ho toppskårar i den norske Toppserien frå sin offensive midtbaneposisjon og sentral bak Stabæks triumf i serien. Etter å ha vunne NM-finalen 2011 la ho opp.

Klaveness debuterte på Noregs landslag i 2002 og var med i VM-troppane 2003 og 2007. I 2005 hadde ho ei viktig rolle då Noreg tok seg til finalen i Fotball-EM 2005, der det vart norsk tap 1-3 mot Tyskland. Hausten 2007 vraka landslagssjef Bjarne Berntsen henne frå landslaget på ein måte som vekte mishag hos landslagskollegaer. Klaveness fekk ny tillit då Eli Landsem tok over som landslagssjef frå 2010. Ho la opp etter 2011-sesongen.

Lise Klavenes er utdanna jurist. No har arbeidd som ekspertkomentator innan fotball for NRK.

I 2018 vart ho direktør for elitefotball i toppleiinga i Noregs Fotballforbund etter Nils Johan Semb.

I 2022 vart Lise Klavenes valt til fotballpresident.

I 2022 mottok ho Fritt Ords Honnør for talen på det internasjonale fotballforbundet Fifa sin kongress i Qatar torsdag 31. mars 2022.

Merittar

  • EM-sølv: 2005
  • Noregsmeister: 2005 med Asker SK og 2011 med Stabæk IF
  • Svensk seriemeister: 2006 og 2007 med Umeå IK
  • Svensk cupmeister: 2007 med Umeå IK
  • Norsk seriemeister: 2010 med Stabæk IF

Kjelder

Tags:

19. april1981Fotball-EM 2005Meland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

27. februarWiki CommonsTromsø kommuneVinje kommuneErik AndersenH.C. AndersenLee PerryArbeidshestVenceslaus Ulricus HammershaimbK2Fjell i Nord-TrøndelagBeat av King CrimsonGlenn HughesElsa BeskowInterneringApeLivlegeBud PowellKlima i AustraliaOrkidéfamilienYRenate StecherDet ukrainske alfabetetAlpine greiner under Vinter-OL 1952Motiv i bildeNM i alpine greiner 1956Det norske flaggetMalena ErnmanHello WorldWatergate-skandalenJobs bokSkotsk musikkGaston RoelantsMandarinandBergenStyresettOseaniaMegawattMS «Gullving»Ray Parker jr.Bram StokerKrysantemumMuhammedHound DogDima BilanGene KrupaMonterey Pop FestivalHaakon Magnus av NoregSauLiv Bernhoft OsaSVulkanar i ItaliaHaloklinErika MahringerPylorusJani SoininenAfghansk matSandy DennyInuittisk kulturHammar og sigdVladimir NabokovAn-MagrittTømmerklaveMoldovaEngelskKontinuumAleksander den storeCecilie LøveidUN-nummer28. februarRudolf NilsenAnnuitetsfaktorMahabharataKommunismeToscanaSahil Gupta bollywood indian actor🡆 More