Kaptein Sabeltann

Kaptein Sabeltann er ein oppdikta sjørøvar skapt av den norske forfattaren og låtskrivaren Terje Formoe.

Figuren debuterte i teaterstykket Kaptein Sabeltann og skatten i Kjuttaviga i Kristiansand Dyrepark sommaren 1990, der Formoe på den tida arbeidde som marknads- og underhaldningssjef. Stykket viste seg populært og fekk ein oppfølgjar i 1994, Kaptein Sabeltann og hemmeligheten i Kjuttaviga, som Formoe vann musikkprisen Spellemannprisen for same året. I ettertid det har det kome fleire nye førestillingar. Kaptein Sabeltann er ein av dei største økonomiske suksessane innan underhaldning for barn i Noreg. I tillegg til teaterstykka, omfattar merkevara bøker, blad, dataspel, TV-seriar, filmar og musikkalbum.

Kaptein Sabeltann
Frå Kaptein Sabeltann og den forheksede øya i 2016. Kyrre Haugen Sydness som Kaptein Sabeltann, Paul Fjell Gundersen som Pinky og Mathea Pedersen Kilane som Sunniva. Kai Kenneth Hanson og Frank Ole Sætrang i rollene som Pelle Pirat og Pysa Pirat.
Foto: C. Hill, 2016

I Kaptein Sabeltann-universet er Sabeltann sjølv kaptein for ein bande sjørøvarar som seglar saman i skipet sitt, «Den Sorte Dame», på leit etter skattar. Framståande figurar blant sjørøvarane er Pelle, ein tjukk og klumsete pirat, Langemann, den nestkommanderande på skipet, og Pinky, ein unggut som kjempar for å bli akseptert av dei andre sjørøvarane. Sentrale stader er Kjuttaviga, der karakterar som sjømannen Ruben, Tante Bassa og Sunniva bur, og Abra Havn, der sjørøvarane held til utanom toktene.

Bakgrunn og utvikling

Terje Formoe vart tilsett i Kristiansand Dyrepark i 1983, og fekk suksess med barnesongar, som «Her kommer Julius» frå 1983, og ulike barneførestillingar. Seinare vart han tilsett i Dyreparken som marknads- og underhaldningssjef, der han over fleire år analyserte kva som heldt på interessa til barnefamiliane, medan han for seg sjølv planla å skrive sitt eige teaterstykke for Dyreparken. Hausten 1989 starta han arbeidet på eit konsept basert på sjørøvarar, som han tenkte ville passe bra til scena som låg på bakkenivå og nært vatn. Formoe laga skisser av Kapteinen, dei grunnleggande karakterane og ideen om ein skatt i Kjuttaviga. Kapteinen fekk namnet Sabeltann, som han syntes klang godt og ville kunne fungere på fleire språk. Formoe fekk hjelp frå regissør og skodespelar Svein Haagensen, og skreiv fleire skodespelarar han hadde arbeidd med tidlegare inn i teaterstykket. Deretter komponerte han songar til stykket i løpet av ei friveke.

9. juli 1990 vart det første stykket med Kaptein Sabeltann framført, der Formoe sjølv spelte hovudrolla som kapteinen. Etter kvart som Formoe fekk meir erfaring på scena, steig ambisjonsnivået og framsyningane utvikla seg gradvis gjennom åra. Formoe hadde frå starten ein treårsplan for å utvikle Kaptein Sabeltann som merkevare: Det første året skulle han spele i Dyreparken, andre året skulle han gje ut ein kassett med songane og skodespelet, og det tredje året skulle han opptre på TV-skjermen for å bli landskjend.

I 1991 ville Formoe prøve å halde Sabeltann-førestillingar om natta, sidan han som barn drog på ferie med familien sin til Italia, og hugsa at han vart imponert over nattførestillingane på Markusplassen i Venezia. Nattemørkeret ville mellom anna løfte fram lys- og røykeffektar, og sidan teaterstykka vart spelte i ferietida, kunne barna vere oppe seint. Dette vart ein suksess, og sidan 1992 har alle førestillingane med Kaptein Sabeltann vorte spelte om natta. I åra etter har det vore utvikla stadig nye teaterstykke basert på Sabeltann-universet.

I februar 1992, under opninga av Spellemannprisen 1991, opptredde fleire av figurane frå Sabeltann-universet på scena medan dei framførte songen «Sjørøverne kommer». Veka etter kom den første plateutgjevinga med Sabeltann-songane ut i butikkane og vart den fjerde mest selte plata i Noreg i 1992. Plata heldt fram med på selje i 1993 og vart den mestseljande i Noreg det året. Totalt greidde plata å selje over 250 000 eksemplar.

I 1996 vart det satsa på filmlerretet med spelefilmen Drømmen om Kaptein Sabeltanns rike, og i 2004 med teiknefilmen Kaptein Sabeltann. i 2011 vart det laga ein TV-serie, Kaptein Sabeltann – Kongen på Havet, og i 2014 ein ny langfilm, Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama. I 2019 vart den dataanimerte langfilmen Kaptein Sabeltann og den magiske diamant publisert på kinoar i Noreg.

Førestillingar

Kaptein Sabeltann 
Kjuttaviga Amfiscene i Kristiansand Dyrepark. Biletet viser kulissene til Shangri La i førestillinga Kaptein Sabeltann og jakten på den magiske diamant.

Barne- og familieforestillinga Kaptein Sabeltann og skatten i Kjuttaviga vart skriven i 1989 og første gong spelt i Dyreparken i Kristiansand 9. juli 1990. Den første førestillinga var ein suksess, og vart spelt frå 1990 til og med sommaren 1993. I 1990 og 1991 vart førestillinga spelt på dagtid, utanom ei test-førestilling i 1991 som vart spelt på kveldstid. Sesongen etter, i 1992, vart det bestemt at førestillingane skulle spelast på kveldstid, med sommarnettene og naturområdet rundt Kjuttaviga amfiteater som rekvisittar.

Det har vore førestillingar nesten kvart år sidan, mellom anna oppfølgjaren Kaptein Sabeltann og hemmeligheten i Kjuttaviga som kom i 1994. Terje Fomoe vart tildelt ein Spellemannpris for musikken. Dette var også første førestilling der skuta til Sabeltann, Den Sorte Dame, vart brukt.

Allereie i 1994 hadde Terje Formoe planar om ei heilaftens førestilling i sesongen 1995, men dette vart ikkje noko av då det i 1995 vart brot mellom Dyreparken og Terje Formoe. Førestillinga Kaptein Sabeltann og hemmeligheten i Kjuttaviga vart spelt ein sesong på Hvalstrand i Asker med tittelen Kaptein Sabeltann og Grusomme Gabriels Skatt. Kjuttaviga er bukta i Kristiansand Dyrepark der førestillingene tidlegare var spelt. Året etter var Sabeltann-førestillingane tilbake i Kristiansand, denne gongen med den første heilaftens førestillinga, Kaptein Sabeltann og jakten på den magiske diamant. Denne vart spelt sesongane 1996 og 1997. I sesongane 1998 og 1999 vart dei to første førestillingane slått saman til ei heilaftens førestilling, under namnet Kaptein Sabeltann og skatten i Kjuttaviga.

Dette var siste gongen dei fleste skodespelarane som hadde vore med sidan starten i 1990 var med, inkludert Terje Formoe, som etter sesongen i 1999 slutta å spele rolla som kaptein Sabeltann.

I 2000 hadde førestillinga Kaptein Sabeltann og den forheksede øya urpremiere. Denne gongen hadde Svein Roger Karlsen rolla som kaptein Sabeltann, ei rolle han spelte til og med sesongen 2009. Denne førestillinga vart også vist sommaren 2001. Same året døydde skodespelaren Svein Haagensen. Haagensen hadde vore med frå starten i 1990, i rolla som mellom andre sjømannen Ruben og jungelfyrsten Maga Kahn.

I sesongane 2002 og 2003 vart Kaptein Sabeltann og jakten på den magiske diamant sett opp på nytt. I 2003 vart det også utgjeve ein animasjonsfilm med Kaptein Sabeltann. Manuset til denne filmen bygde delvis på dei to første førestillingane. I sesongene 2004 til og med 2006 var førestillinga Kaptein Sabeltann og grusomme Gabriels skatt. Denne førestillinga bygde delvis på manuset til animasjonsfilmen.

9. juli 2007 var det også ei relansering av førestillinga Kaptein Sabeltann og den forheksede øya, som tidlegare hadde vort vist i 2000 og 2001. I alt 62 500 billettar vart lagde ut for sal, derav 58 000 vart selde på førehand. Førestillinga vart også framført i 2008 og vart vist for siste gong i 2009. Etter sesongen i 2009 slutta også Ingolf Karinen. Han hadde då spelt som Pelle Pirat i 19 år, og var fram til då den einaste skodespelaren som hadde vore med samanhengande sidan starten i 1990. I 2010 vart det kjent at Kyrre Haugen Sydness skulle overta rolla som kaptein Sabeltann etter Svein Roger Karlsen.

I 2010 vart førestillinga Kaptein Sabeltann og grusomme Gabriels skatt (spelt i 2004, 2005 og 2006) nok ein gong spelt, men denne gongen var det Terje Formoe som spelte Sabeltann for første gong sidan sommaren 1999.

I 2011 var det urpremiere på førestillinga Kaptein Sabeltann og havets hemmelighet. Denne førestillinga er eit framhald av Kaptein Sabeltann og grusomme Gabriels skatt og Kaptein Sabeltann og den forheksede øya.

I perioden 1990 til 2008 har berre fire førestillingar vorte avlyste på grunn av regn, tre gonger i 1992, og 12. juli 1993.

Frå starten og fram til 2009 vart det selt omkring ein million billettar til Sabeltann-førestillingane.

Kaptein Sabeltanns verden

Kaptein Sabeltann 
Inngangsportalen til underhaldningsanlegget Kaptein Sabeltanns verden i Dyreparken.
Kaptein Sabeltann 
Geir-Atle Johnsen utkledd som Kaptein Sabeltann under ei oppvising i Dyreparken i 2005

I Kristiansand Dyrepark er det i tillegg til amfiscenen der Sabeltann-førestillingane blir vist, bygd opp ein liten «karibisk sjørøvarlandsby», ein kulisseby med småbutikkar og kioskar, kalla «Kaptein Sabeltanns verden», og eit bryggeanlegg med sjørøverskutene «Den sorte dame» og «Grevinnen».

Utgjevingar og produkt

Bøker

  • 1993: Kaptein Sabeltann og 40 andre sanger, songbok
  • 1993: Kaptein Sabeltann og gutten som ville bli sjørøver, illustrert av Gro Vik Fiadu og Morten Myklebust
  • 1994: Kaptein Sabeltann og jakten på sultanens skatt!, illustrert av Morten Myklebust
  • 1994: Kaptein Sabeltann lukter gull
  • 1995: Kaptein Sabeltann og Joachim : på eventyr med Den sorte dame, bildebok illustrert av Morten Myklebust
  • 1995: Kaptein Sabeltann : hvor er nøkkelen? : en myldrebok, idé, tekst og teikningar av Egil Nyhus
  • 1996: Kaptein Sabeltanns store sangbok, illustrert av Egil Nyhus
  • 2001: Kaptein Sabeltann og heksegryta, myldrebok med idé, tekst og teikningar av Egil Nyhus
  • 2002: Pinky blir en av Kaptein sabeltanns menn
  • 2003: Kaptein Sabeltann og Pinky på tokt med Den sorte dame, bildebok illustrert av Egil Nyhus
  • 2005: Kaptein Sabeltann og Pinky på skattejakt i Kjuttaviga, bildebok illustrert av Egil Nyhus
  • 2005: Kaptein Sabeltanns sangbok: Hiv o'hoi snart er skatten vår!, illustrert av Egil Nyhus
  • 2007: Kaptein Sabeltanns sangbok 2 : Kongen på havet
  • 2008: Kaptein Sabeltann pekebok, illustrert av Egil Nyhus
  • 2008: Terje Formoe/Egil Nyhus: Kapteins Sabeltanns 10 MYNTER AV GULL – Norges første sprett-opp-bok
  • 2009: Terje Formoe/Egil Nyhus: Miriams forheksede hus – myldrebok med luker
  • 2009: Formoe/Nyhus: Kaptein Sabeltann og bokstavjakten - alfabetbok
  • 2010: Pinky og Sunniva i Kaptein Sabeltanns Verden
  • 2011: Kaptein Sabeltann og Pinky på den forheksede øya
  • 2012: Kaptein Sabeltann, Pinky og Ravn i Abra Havn - bok om den tredje episoden frå tv-serien "Kaptein Sabeltann-kongen på havet"
  • 2013: Kaptein Sabeltann og blindpassasjerene - bok om den første episoden frå TV-serien
  • 2012: Formoe/Nyhus: Kaptein Sabeltanns puslespillbok
  • 2013: Kaptein Sabeltann og heksegryta - gjenutgitt med klistremerke
  • 2013: Formoe/Nyhus: Min første bok om Kaptein Sabeltann
  • 2013: Formoe/Nyhus: Kaptein Sabeltann - Den Sorte Dame
  • 2014: Formoe/Nyhus: Kaptein Sabeltann og skattekartet
  • 2014: Formoe/Nyhus: Kaptein Sabeltann - to sanger og åtte kjente sanger

Teikneseriar og blad (utval)

  • 1994: Kaptein Sabeltann og jakten på sultanens skatt!, illustrert av Morten Myklebust, utgitt med nytt omslag jula 2006
  • 2000–2005: Kaptein Sabeltann aktivitetsblad, fire utgjevingar i året, oppgaver og teikningar blant anna av Egil Nyhus og Asbjørn Tønnesen
  • Kaptein Sabletanns adventskalendrar, årlege utgjevingar frå kring 2003
  • 2006: Kaptein Sabletanns verden, månadleg blad med fast teikneserie skriven av Dag E. Kolstad og teikna av Arild Midthun, Asbjørn Tønnesen og Jimmy Wallin
  • 2014: To blad med tema frå Kaptein Sabeltann og skatten i Lama Rama

Spel

  • 1997: Kaptein Sabeltann og den store ildprøven, CD-rom, regi ved Simen Svale Skogsrud
  • 2004: Kaptein Sabeltann, CD-rom, produsert av Artplant AS, utgitt av Pan Vision i Stockholm, basert på Terje Formoe sine figurar
  • 2007: Kaptein Sabeltann og Grusomme Gabriels forbannelse, CD-rom, produsert av Artplant AS, utgitt av NSD.
  • 2011: Kaptein Sabeltann og ildprøvene, Nintendo DS, produsert av Ravn Studio AS, utgjeve 1. juli.
  • 2014: Kaptein Sabeltann på nye tokt, iPhone/iPad, produsert av Ravn Studio AS.

Andre biprodukt (utval)

  • Kaptein Sabeltann-is, ein saftis som vart lansert i 1998 av iskremprodusenten Hennig Olsen. Sabeltann-isen er mest kjend som ein saftis med smak av cola og appelsin/sitron. Isen vart seinare lansert med smak av appelsin og sitron, og ein annen pinne-is med smak av jordbær/bringebær. Den aller første Sabeltann-isen kom ut som pinneis (kremis), trekt i sjokolade.
  • Kaptein Sabeltann-leverpostei
  • Kaptein Sabeltann-potetgull kalla «Piratgull». Vart meldt til Forbrukerrådet for kvelningsfare av plastmyntane som låg oppi posene.[treng kjelde]
  • Kaptein Sabeltann-brød (to ulike typar brød, grovbrød og sandwichbrød), i samarbeid med bakerikjeda Bakers
  • Kaptein Sabeltann familietran, i samarbeid med Norwegian Choice AS, lansert i 2006

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Kaptein Sabeltann Bakgrunn og utviklingKaptein Sabeltann FørestillingarKaptein Sabeltann s verdenKaptein Sabeltann KjelderKaptein Sabeltann BakgrunnsstoffKaptein SabeltannKristiansand DyreparkSpellemannprisen 1994Terje Formoe

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Langt undertøyNorske dialektarLevestandardCand.scient.Benjamin NetanyahuTranskjønnBlind FaithArja SaijonmaaHarvey MandelDen store depresjonenTsarByggFacesLockheed U-2KirkenærGardasjøenSpråkChakraGarij NapalkovKuppBibelbeltetVerdscupen i skihopping 2009Eurovision Song Contest 2003Let It Snow! Let It Snow! Let It Snow!14. aprilUltramafittGrant WoodIndre KvarøySymbol i hinduismenSverigeSilkehønsG20Nord PoolKlanenVM i fotball 1986IeperBetaRonja RøverdatterDiktFrisk brisDen cubanske revolusjonenPye RecordsGråorJødarNynorsk WikipediaSexyRowan AtkinsonKnut Jørgen Røed ØdegaardBent Fabricius-BjerreTil ungdommenFrozenFirmamentFascismeAnne LindmoKyprosBjørnøyaKløyvd infinitivDen USA-amerikanske hærenKristiansund BallklubbFilmserien Harry PotterSør-Norge Aluminium ASÅkermans VerkstadGunnhild SundliTønsberg kommuneEtiopiaMaiECarl LarssonStig ClaessonOrSportsklubben Gjøvik-LynJohn SentamuLagerthaEvening Star av Judas PriestDyreidrettWario Land 3Terje RypdalOzelotOdin🡆 More