Julekaker

Julekaker er småkaker det er vanleg å baka eller kjøpa til jul.

Dei blir også serverte og etne ved juletider, typisk frå advent til og med romjula.

Julekaker
Ei skål julekaker.
Julekaker
Kakebakst er ein tradisjonell del av førjulstida. Her lager ein krumkake.
Julekaker
Lebkuchen er ei tysk julekake.

Norske kakesortar

Eit omgrep knytt til julekakene er «dei sju slaga» eller «dei sju sortane», der ein var meint å baka sju ulike kakeslag før jul. Ein kan velja sju slag frå fleire meir eller mindre juleaktige kaker. I ei avstemming i Aftenposten i 1992 blei desse sju slaga valde ut som nødvendige julekaker: Smultring/hjortetakk, sandkake, sirupssnipp, berlinerkrans, goro, krumkake og fattigmann.

Andre kakeslag som mange meiner høyrer jula til er brune pinnar, havre- eller kokosmakron, julekake, jødekake, kransekake (stenger), kling eller lefse, Mor Monsen, nøtterose, peparkake, peparnøtt, rosett- og bordstabelbakkels og serinakake.

I samband med betre tilgang på sjokolade er det også blitt vanleg å laga konfektkaker som delfiakake og risbolle til jul. Til jul i dag kan ein også laga store kaker og ikkje berre småkaker.

I andre land

I tysk tradisjon er Lebkuchen, ei mjuk peparkakeaktig kake, ei utbreidd julekake.

Av større kaker laga til jul finn ein den engelske plum-puddingen, som blir tent på ved servering, og franske Bûche de Noël, 'julekubbe', ei kake laga for å sjå ut som ein vedkubbe lik den ein har hatt for skikk å pynta og brenna til jul i fleire europeiske land.

Sjå og

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Julekaker  Commons har multimedium som gjeld: Julekaker

Tags:

Julekaker Norske kakesortarJulekaker I andre landJulekaker Sjå ogJulekaker KjelderJulekaker BakgrunnsstoffJulekakerAdventBakingJulRomjulSmåkaker

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

1989Den norske språkstridenDei fire årstideneKopplamAC/DCDei fem K-ane i sikhismenBay City RollersNattlysande skyerKristian ØdegårdEnkeltbekkasinKristoffer ColumbusChristianiaNew York byNæringslivSirkelVassøyna i GulenDeltaHauge i DalanePico da NeblinaTransportørPeriferieininga SérresBokmålBrideshead RevisitedDet buddhistiske livshjuletParlamentarisme i kommunarAnne RimmenParlamentarismeAftonbladetCascadaSylfestGrønlandMogopFin GnattElizabeth II av StorbritanniaAustvågøyEx-utstyrThor HeyerdahlGutzon BorglumUruguayDen dominikanske republikkenNéa ZíkhniIngrid Alexandra av NoregAlexander KiellandFascismeCarl LarssonIdeologiParagrafNazistFirehundreårsnattaMarian DrăgulescuRanværingMatriarkSamisk språkhistorieKristopher SchauAudun LysbakkenGro Harlem BrundtlandTonari no TotoroEkvatorMarco PoloGuden RaKvargTraktorRådyrTorinoSkei i JølsterØystein SundeInnlandPetter WavoldSkulderbladTigerIrakOverflatisk veneKarl-Heinz Rummenigge🡆 More