Halloween

Halloween er det engelske namnet på allehelgensaftan, natta før allehelgensdag.

Halloween har utvikla seg til ei høgtid der ein tek for seg døden og skumle idear i form av utkleding og pynt. Halloween blir som regel feira 31. oktober. Ho er blitt ei viktig feiring særleg i visse engelskspråklege land, som Canada, USA, Storbritannia, Irland og New Zealand, og har til ei viss grad også spreidd seg til andre land.

Halloween
Eit halloweenkort frå 1904 viser ei jente med halloween-symbolet jack o'lantern og spegel til å spå om den framtidige ektemaken sin.
Halloween
Eit barn utkledt som skjelett, med veske til å samla godteri oppi, under halloween i Michigan i 1979.

Til halloween knyter ein ofte skumle eller makabre element, som hekser, attergangarar, skjelett, flaggermus og svarte kattar. Det viktigaste symbolet er blitt jack-o'-lantern, eit graskar med utskore fjes og eit levande lys inni. Det er vanleg å kle seg ut, gjerne som noko skremmande, og halda selskap i samband med halloween. Særleg i USA er det vanleg for små ungar å gå husimellom og be om godteri, ein skikk som også har spreidd seg til andre land. Ein kan også brenna bål, dukka hovud etter eple, vitja skremmande attraksjonar eller sjå skumle filmar.

Helsinga når ein går utkledd og ber om gåver er «trick or treat», på norsk omsett til 'knask eller knep'. Spørsmåla truger med at det kan bli gjort gapstrekar mot folk som ikkje gjev frå seg noko, sjølv om det mange stader er uvanleg å faktisk gjera gapstrekar.

Ordsoge

Halloween 
Ordet «halloween» opptrer i tittelen til Robert Burns sitt dikt «Halloween» frå 1785.

Ordet «Halloween» eller «Hallowe'en» kan tidfestast skriftleg til rundt 1745. Det er av kristent opphav, og tyder 'allehelgensaftan'. Ordet er avleitt frå det skotske uttrykket for All Hallows' Eve, dagen før allehelgensdag. På skotsk er ordet for eve (aftan) even, og samantrekt blir det e'en eller een. Over tid blei (All) Hallow(s) E(v)en forkorta til Hallowe'en. Sjølv om uttrykket All Hallows er funne i gammalengelsk er ikkje All Hallows' Eve stadfesta før rundt 1556.

Andre namn på halloween i England er punkie night, snap apple night og nut-cracker night.

Historie

Høgtida er den første av ei tre dagar lang feiring av helgenar og sjeler, følgd av allehelgensdag (eller helgemesse) og alle sjelers dag. I kyrkjeåret er dette tida då ein kjem i hug dei avdøde, medrekna helgenar og martyrar. Det er ei utbreidd oppfatning at mange halloweentradisjonar har opphav i keltiske haustfestar, særlig den gæliske høgtida samhain, med heidenske røter. Andre meiner at halloween byrja som ei kristen høgtid utan tilknyting til gamle høgtider som samhain. Ifølge engelsk tradisjon feirar ein halloween om kvelden den 31. oktober, dagen før 1. november, som helgemessa er lagd fast til. Helgemesse, og dermed kvelden før henne, er derimot ein bevegeleg heilagdag i den norske kyrkja.

Keltiske tradisjonar

Halloween 
Irsk halloweenmaske frå tidleg på 1900-talet ved Museum of Country Life.

Moderne halloweenskikkar er rekna for å ha blitt påverka av keltiske folketradisjonar, som i nokre høve kan ha hatt heidenske røter. Historikaren Nicholas Rogers nemner at medan ein del folkeminneforskarar har knytt høgtida til dei romerske festivalane for Pomona, gudinna for frukter og frø, eller parentalia, festivalen for dei avdøde forfedrane, er han meir typisk knytt til den keltiske høgtida samhain, som er avleidd for de gammalirske for 'sommarslutt'.

Samhain var den første og viktigaste av fire kvartaldagane i den gæliske kalenderen i mellomalderen, og blei markert på Irland, Skottland og Isle of Man. For keltarane byrja dagen ved solnedgang, slik at høgtida opphavleg byrja kvelden før 7. november i moderne kalendrar (halvvegs mellom haustjamdøgn og vintersolkverv). Samhain og walisisk calan gaeaf er nemnde i noko av den eldste irske og walisiske litteraturen. Namna har blitt brukte av historikarar for å visa til keltiske halloweenskikkar opp til 1800-talet, og er framleis dei gæliske og walisiske namna for halloween.

Halloween 
Snap-Apple Night, måla av Daniel Maclise i 1833, viser folk som fester og speler spådomsspel under halloween på Irland.

Samhain/Calan Gaeaf markerte slutten på innhaustinga og byrjinga på vinteren eller den «mørke halvdelen» av året. På same måte som beltane/calan mai var det ei overgangstid der grensa mellom denne verda og den andre blei tynnare. Dette tydde at dei overjordiske (Aos Sí) lettare kunne koma inn i denne verda og var meir aktive. Trua på at sjelene til dei døde vende heim denne eine natta i året og måtte blidgjerast ser ut til å ha gammalt opphav og går att i mange kulturar over heile verda. Under samhain rekna ein med at ein måtte blidgjera Aos Sí for å sikra at folk og dyr overlevde vinteren. Ein ofra mat og drikke, eller delar av avlinga, utandørs for dei. Sjelene til dei døde skulle også vitja heimane sine på leit etter gjestfriheit under høgtida. Ein kunne dekkja opp til dei ved middagsbordet eller ved peisen for å ønska dei velkomen.

I heile Irland og Storbritannia fanst det heimslege skikkar av ritual og leikar ein kunne bruka til å spå om framtida si, særleg når det gjaldt død og ekteskap. Eple og nøtter blei ofte brukt i desse spådomsrituala. Dei omfatta eplehenting, nøttesteiking, spegelkikking, helling av bly eller eggekvite i vatn, draumetolking og liknande. Ein tende særskilde bål som det var knytte ulike ritual til. Flammane, røyken og oska var rekna for å ha særskild vernande og reinskande kraft, og blei også brukt til å spå med. Nokre stader tende ein faklar med båla og bar dei med sola rundt heimar og åkrar for å verna dei.

Halloween 
Tradisjonell irsk halloween-lanterne av ei utskoren kålrot ved Museum of Country Life på Irland.

Frå 1500-talet, om ikkje før, omfatta høgtida vitjeskikkar i Irland, Skottland, Man og Wales. Då gjekk utkledde folk frå hus til hus og framført som regel vers eller songar i bytte mot mat. Skikken kan ha opphav i å framstilla Aos Sí, eller sjelene til dei døde, med gåver tekne imot på deira vegner som eit vern mot makta deira. I Skottland gjekk ungdommar frå hus til hus med masker, måla eller sverta fjest, og truga ofte med å gjera peik om dei ikkje var velkomne. Andre stader i Europa kunne ein ha liknande skikkar knytte til andre årstidsfeiringar, som jul.

Ofte kunne vitjarane bruka uthola grønsaker som lanterner, ofte med utskorne groteske fjes. Desse var vanlege i delar av Irland og Dei skotske høglanda til 1800-talet. Dei var også kjende frå Somerset i England, der ein feira Punkie Night. På 1900-talet spreidde dei seg til andre delar av England og blei kjende som jack-o'-lanterns.

Kristen påverknad

Ein reknar også med at halloweenskikkar er blitt påverka av kristen lære og praksis. Sidan oldkyrkja har kristne markert viktige høgtider (som påske, jul og pinse) med vigilier kvelden før. Dette gjaldt også allehelgensdag. På dei tre dagane allehelgensaftan, allehelgensdag og allesjelersdag kunne ein be for sjelene til alle dei avdøde. Det blei nødvendig med ein felles dag for helgenar etterkvart som det blei fleire av dei, særleg etter kristenforfølgingane under keisar Diokletian. Fleire kyrkjer heldt minnedagar for alle helgenar på ulike datoar, som regel om våren. I 609 ominnvigde pave Bonifatius IV Pantheon i Roma til «Maria og alle martyrane» den 13. mai. Dette var same dato som lemuria, ei romersk høgtid for dei døde, og den same datoen ein minna alle helgenane i Edessa på tida til Efrem syraren.

Feiringa kring allehelgensdagen i den vestlege kyrkja kan førast tilbake til pave Gregor III (731–741), som fekk bygd eit oratorium i den gamle Peterskyrkja for relikviane til apostlane og alle helgenane, martyrane og vedkjennarane I 835 blei allehelgensdag offisielt flytta til 1. november, same dato som samhain, under pave Gregor IV. Det finst teoriar om at dette var knytt til keltisk påverknad, medan det i andre skal vera ein germansk ide. Både germanske og keltiske folk skal ha minna dei avdøde ved byrjinga av vinteren. Dei kan ha rekna dette som den mest passande tida, knytt til at naturen «døydde» av. Ei anna grunngjeving for endringa var at ho hadde praktiske årsaker, som at Roma ikkje kunne ta imot det store talet pillgrimar som kom dit om sommaren, og kanskje også av helsemessige grunnar knytt til såkalla romersk feber, eller malaria, som ein kunne pådra seg i området sommarstid.

På halloween kan kristne i nokre delar av verda vitja kyrkjegardar for å be og leggja blomar og lys på gravene til dei avdøde. Det øvste bildet viser kristne i Bangladesh som tenner lys ved gravsteinen til ein slektning, medan det nedste viserkristne i Sverige som ber og tenner lys ved ein stor kross i kyrkjegarden.

Ved slutten av 1100-talet var dagen blitt ei obligatorisk høgtid, og omfatta skikkar som å ringa med kyrkjeklokker for sjeler i skjærselden. Ein utropar kledd i svart kunne også gå gatelangs og ringa med ei bjølle medan han oppfordra kristne om å minnast dei stakkars sjelene. Nokre stader bakte og delte ein ut sjelekaker, soul cakes, for alle døypte sjeler, og skikken med å be om slike er blitt føreslått som eit opphav til trick-or-treating. Skikken går minst tilbake til 1400-talet, og var utbreidd i delar av England, Flandern, Tyskland og Austerrike. Grupper av fattige, ofte barn, gjekk frå hus til hus under allehelgenstida og tok imot sjelekaker i bytte mot å be for dei døde, særleg for avdøde vener og slektningar av gjevarane. Ein kunne også gje sjelekaker til sjelene sjølv å eta, eller sjele-vitjarane kunne opptre på vegner av dei. Som med hot cross buns frå fastetida blei sjelekaker ofte merka med ein kross som indikerte at dei var laga for å vera almisser. Shakespeare nemner skikken i komedien sin The Two Gentlemen of Verona (1593).

Skikken med å kle seg ut til denne høgtida kan førast tilbake til Frankrike på 1300- eller 1400-talet, der ein kunne framstilla dødsdansen (Dance Macabre) med folk frå alle stender på allesjelersdag. På Kontinentet, særleg i Frankrike, var det ei utbreidd tru at døde reiste seg frå kyrkjegardane på allehelgensaftan og heldt ein vill dans. Dette er eit motiv som går igjen i kyrkjekunst. Danse macabre kunne også framstillast ved landsbyførestillingar og ved maskespel, der deltakarar kledde seg ut som lik av folk frå ulike samfunnslag, og dette er ein mogleg forløpar for moderne utkledingsskikkar i samband med halloween. Kyrkjer som ikkje hadde heilage relikviar til å stilla ut ved allehelgenstida kunne også erstatta desse med utkledde soknefolk som framstilte martyrar, englar og djevlar. Skikken har halde fram til moderne tider blant nokre kristne. Ein kan også knyta bruken av masker i lag med vitjingsskikken med det å gøyma identiteten sin frå sjeler som kunne heimsøka folk på jakt etter hemn.

Lys var også viktige i den kristne høgtida. Ifølgje nokre teoriar skal lyktene laga av uthola grønsaker, jack-o'-lanterns, representera sjelene til dei døde. I mellomalderen kunne ein tenna eld både for å visa veg for sjeler som vende heim til familiane sine, og for å skremma demonar frå å heimsøkja kristenfolk. Hushald i Austerrike, England og Irland hadde ofte levande lys i kvart rom, såkalla sjelelys, under høgtida. Ein kunne også bera lys i prosesjonar, og tenna lys ved graver. Ofte vitjar ein kyrkjegarden etter ein vigilie-gudsteneste allehelgensaftan. I Finland blir slike kyrkjegardar med mange tende lys kalla valomeri, eller 'lyssjøar'.

I delar av Storbritannia blei mange av desse skikkane kritiserte under reformasjonen. Mange protestantar, som nonkonformistar, forkasta ideen om skjærselden som uforeinleg med deira idé om predestinasjon. Utan doktrinen om skjærselden kunne ikkje sjelene vera på veg frå denne staden til himmelen, som katolikkane trudde. I staden var det snakk om vonde ånder som truga dei levande. Andre protestantar heldt på trua om eit mellombels tilvære etter døden, kjend som Hades (Bosom of Abraham), og fortsette å halda på dei gamle skikkane, særleg sjelekakevitjing, lysprosesjonar og ringing med kyrkjeklokker til minne om dei døde. På 1800-talet kunne folk på landsbygda i England samla seg på åsar på allehelgensaftan. Ein av dei heldt opp brennande høy på ein høygaffel medan resten knelte rundt i ein sirkel og bad for sjelene til vener og slektningar heilt til elden sløkkte. Dette blei kalla teen'lay. Andre skikkar ein kjenner til var tindle fires i Derbyshire og vakenetter med bål i Hertfordshire der ein bad for dei døde. Aukande popularitet for Guy Fawkes Night (5. november) frå 1605 av gjorde at mange halloween-skikkar blei flytte til denne feiringa i staden. Halloween blei mindre vanleg å feira i det meste av Storbritannia, bortsett frå i Skottland. Der og på Irland hadde dei feira samhain og halloween sidan minst tidleg mellomalder, og kyrkja i Skottland hadde eit meir pragmatisk syn på halloween. Her blei høgtida rekna som ein viktig del av livssyklusen, og fortsette å leva blant folket.

I Frankrike kunne nokre kristne familiar be ved gravene til sine avdøde på allehelgensaftan, og leggja att skåler med mjølk til dei. I Italia kunne ein setja ut eit stort måltid for skrømt etter familiemedlemmer før ein gjekk i kyrkja. I Spania laga ein særskilde bakverk kalla 'beina til dei heilage' (Huesos de Santo) og la dei på graver i kyrkjegarden, ein skikk som har fortsett til våre dagar. I Polen kunne folk be høgt medan dei gjekk gjennom skogen for å gje støtte til dei avdøde sine sjeler.

Mange stader har det vore skikk å halda kjøtfaste denne dagen, og til dømes eta pannekaker eller, i irsk tradisjon, kål- og potetretten colcannon. I tillegg til fasting kan kristne førebu seg på dei komande høgtidsdagane gjennom bøn.

Utvikling i Nord-Amerika

Halloween 
Vanleg pynt ved halloween er hekser, skjelett, skrømt, gravsteinar og spindelvev.
Halloween 
Halloween-pynta hus i Weatherly i Pennsylvania.

Halloween blei først utbreidd som høgtid i Nord-Amerika etter masseinnvandring frå Skottland og Irland på 1800-talet. Ho blei først berre feira i innvandrarsamfunna deira, men frå midten av 1800-talet blei ho gradvis spreidd til resten av samfunnet. Ved byrjinga av 1900-talet kunne halloween feirast over heile verdsdelen av folk frå alle samfunnsklassar, uavhengig av etnisk og religiøs bakgrunn. I 1910-åra blei det rapportert om fleire barn som vitja folk i utkleding, og skikken blei kjend som trick-or-treating på 1930-talet. Halloween blei også utbreidd i populærkulturen, og frå slutten av 1900-talet kom feiringa tilbake til Europa i amerikanisert form.

Symbol

Symbol og utstyr for halloween har utvikla seg over tid. Moderne halloweensymbol kjem frå ei rekkje kjelder, som førestillingar knytte til død, overjordiske og den kristne endetida, nasjonale skikkar, verk frå gotisk og skrekk-litteratur og filmar. Ein kan også nytta motiv knytte til haust, vonde krefter og monster. Fargar som ofte er knytte til høgtida er svart, oransje og tidvis også lilla.

Jack-o'-lantern, typisk eit oransje graskar med utskore fjes og lys inni, er eit utbreidd halloweensymbol. Utskorne grønsaklykter blei brukte av vandrarar mellom hus som vern mot vonde ånder. Skikken stammar truleg frå Irland, der ein kunne bruka nepe, kålrot eller fôrbete til å laga lykt. Graskar var meir vanlege i USA, og er både større og lettare å skjera ut. Etterkvart blei oransje graskar med utskorne fjes og lys inni eit utbreidd halloweensymbol.

Skjelett, bein og liknande kan også brukast som dekorasjon for å minna om døden. Ein skalle og krosslagde bein er eit gammalt døds- eller gravplassymbol som er utbreidd i memento mori og vanitas-framstillingar. Halloween har med sitt liknande tema blitt knytte til desse symbola. Bakveggen i kyrkjer har tradisjonelt ofte framstilt dommedag, der graver opner seg og dei daude reiser seg frå dei, medan ein syner englar i himmelen og djevlar i helvete. Dette er igjen eit tema knytt til den tre dagar lange markeringa.

Markeringa av halloween har også henta inspirasjon frå bøker som Frankenstein og Dracula og klassiske skrekkfilmar som Frankenstein og The Mummy. . I tillegg til monster, mumiar og vampyrar er hekser vanlege innslag. Visse dyr knytte til det skumle blir også brukte, som svarte kattar, flaggermus og edderkoppar. Elles kan ein bruka haustsymbol, som graskar, mais og fugleskremsel som dekorasjonar.

Skikkar

Halloween 
Greenwich Village Halloween Parade på Manhattan.

Gjennom tidene har ulike skikkar med utkleding, opptreden, vitjing og beding om gåver vore knytte til høgtida. Skikken med å be om sjelekaker (engelsk souling) er nemnd tidlegare. På Filippinane er skikken kjend som pangangaluwa, og blir utført av barn på landsbygda som kler seg i kvitt for å representera sjeler. Dei vitjar ulike hus der dei syng i bytte mot bøner og godteri.

Det finst også gamle tradisjonar for å framføra folkelege skodespel eller mumming plays i utkleding i samband med alle kyrkelege høgtider. I Cheshire i England var tradisjonen særleg knytt til allehelgensaftan, og har vart ved til våre dagar.

Trick-or-treat

Trick-or-treat er ein utbreidd julebukkliknande skikk for barn på halloween. Utkledde barn går frå hus til hus og ber om godteri, eller av og til pengar. Vanlegvis bruker dei helsinga «Trick or treat?», der ordet «trick» er ein meir eller mindre seriøs trugsel om å gjera peik mot huseigarane om dei ikkje gjev frå seg noko godt («treat»).

I Skottland og Irland gjekk utkledde barn tradisjonelt frå hus til hus på halloween og bad om mat eller pengar. Ei nedteikning frå Skottland i 1895 fortel til dømes om maskekledde vitjarar med lykter av uthola neper som fekk kaker, frukt og pengar. Skikken er først nedteikna i Nord-Amerika i 1911, då ei avis i Kingston i Ontario i Canada skreiv om barn som gjekk «guising» i nabolaget. Ein annan referanse til rituell tigging på halloween omtaler ein ukjend stad i 1915, medan ein tredje viser til skikken i Chicago i 1920.

Den eldste nedteikninga av helsinga «trick or treat» opptrer 1927, i Blackie Herald frå Blackie i Alberta i Canada. Den første kjende bruken av termen i USA er frå 1934, og den første bruken i eit riksdekkande blad fann stad i 1939. På norsk er helsinga blitt omsett til «knask eller knep», «godteri eller fanteri», «snask eller snusk», «digg eller deng» og «grøss eller godteri». «Knask eller knep» stammar frå ei Donald Duck-omsetjing frå 1990-talet av ei historie av Carl Barks, «Trick or Treat».

Ein variant av trick-or-treating er kjend som «trunk-or-treating» (eller «Halloween tailgating»). Her oppsøker ungar parkerte bilar på parkeringsplassen til ei kyrkje eller ein skule. Bagasjeromma til kvar bil er dekorerte med ulike tema, som barnelitteratur, filmar, bibelske motiv eller yrke. Denne nyare skikken blir oppfatta som tryggare enn å oppsøka ulike hus, og gjev eit meir kompakt alternativ til folk som bur grisgrendt.

Matleikar og spådommar

Halloween 
Bilde frå Book of Hallowe'en (1919) som viser ulike halloweenaktivitetar.

Ein tradisjonell leik knytt til halloween er apple bobbing (eller dooking på skotsk), dukking etter eple i vatn. Ein let eple flyta i eit kar med vatn og det er om å gjera å plukka dei opp med tennene. I ein variant kan ein halda ein gaffel i munne og forsøka å driva han inn i eit eple. I ein annan utbreidd leik heng ein opp sirupsdekte scones i hyssing som skal etast utan å bruka hendene. Ein leik som tidlegare var vanleg innebar å henga ein trestav frå taket i hovudhøgd med eit eple i ein ende og eit tend lys i den andre. Ein skulle prøva å fanga eplet med tennene medan staven spann rundt.

Mange tradisjonar knytte til halloween er knytte til spådommar, til dømes om kven ein kjem til å gifta seg med. Ein metode gjekk til dømes ut på å skrella eit eple i ei lang enkeltremse og kasta henne over skuldra. Remsa skulle danna den første bokstaven i namnet til den framtidige partnaren. Ein kunne også plassera to nøtter nær elden, ei kalla opp etter den som la dei der og ein etter personen dei likte. Dersom nøttene spratt bort frå elden var det eit dårleg teikn, men om dei steikte utan problem spådde dette om eit godt framtidig samliv.

Ein kunne baka ein salta havre-bannock og eta han i tre bitar. Den som åt han skulle så gå til sengs utan å seia noko og utan å drikka noko. Dei skulle så drøyma om at den framtidige partnaren deira gav dei noko å drikka mot tørsten. Ugifte kvinner kunne sitja i eit mørkt rom og kikka i ein spegel. Fjeset til den framtidige ektemannen deira skulle då dukka opp i spegelen. I irsk og skotsk tradisjon kunne ein gøyma ting i mat (som kaker, barmbrack, cranachan, champ eller colcannon) som ein delte ut tilfeldige bitar av. Det ein fann skulle spå om framtida, slik at til dømes ein ring kunne spå om ekteskap eller ein mynt om rikdom.

Fram til 1800-talet brukte ein også halloweenbål til spådommar i delar av Skottland, Wales og Bretagne. Etter at flammane døydde ut kunne ein leggja ein ring av steinar i oska, ein for kvar person. Dersom ein av steinane hadde flytta seg dagen etter blei det sagt at personen han representerte ikkje kom til å leva ut året.

Festar og attraksjonar

Halloween 
Halloween (1915) av Howard Chandler Christy.

I samband med halloween kan ein halda utkledingsselskap og liknande. Tradisjonelt har ein kledd seg ut til halloween som skumle figurar som monster, vampyrar, skrømt, skjelett, hekser og djevlar. Over tid har ein utvida utvalet til å inkludera mindre mørke figurar som kjendisar, oppdikta figurar, piratar og prinsesser. I Noreg har til dømes HalloVenn blitt innført som eit meir koseleg eller positivt alternativ til halloween.

Heimsøkte attraksjonar som spøkjelseshus eller andre attraksjonar med overnaturlege eller skremmande tema er utbreidde rundt halloweentida. Ein del fundamentalistiske eller evangelisk kristne kan laga helvetehus (Hell house) i staden for heimsøkte hus for å visa det helvetet som følgjer synd.

Eit årleg opptog i Greenwich Village i New York blei starta av dokkeføraren og maskemakaren Ralph Lee i 1974. Det er verdas største halloweenopptog og det einaste store kveldsopptoget i USA, med over 60 000 utkledde deltakarar og to millionar tilskodarar.

Galleri

Halloween i kulturen

Ein tidleg litterær omtale av halloween er frå diktet «Hallow-e’en» av den skotske diktaren John Mayne frå 1780, som nemner peik: «What fearfu' pranks ensue!», og dei overnaturlege assosiasjonane til kvelden: «Bogies» (spøkjelse). Diktet påverka Robert Burns sitt «Halloween» frå (1785). Burns nemner også halloween som ei tid då skiljet mellom den verkelege verda og den til dei underjordiske er uklart i sin versjon av «Tam Lin» frå 1792.

Spøkelsesforteljingar og skrekkfilmar er knytte til høgtida. Dei kan visast eller forteljast i samband med halloweenfestar, eller blir sende på fjernsyn i denne tida. Ein kan laga spesialutgåver av TV-seriar med halloween-tema, eller sleppa nye skrekkfilmar i samband med halloween. Utkleding og pynt til halloween hentar ofte inspirasjon frå slike filmar.

Forteljingar som Frankenstein, Dracula og «The Legend of Sleepy Hollow» har gjeve inspirasjon til halloweenmotiv og underhaldning. I Disney si filmatisering av Sleepy Hollow frå 1949 går til dømes mykje av handlinga føre seg under ein halloweenfest, og skrømtet i forteljinga kastar ein flammande jack o'lantern. Handlinga i The Nightmare Before Christmas frå 1993 skildrar ein kollisjon mellom skikkar og figurarar frå halloween og jul.

Mat

Halloween 
Candy apple

Historisk har ein del kristne halde kjøtfaste på allehelgensaftan. Denne skikken er reflektert i at vegetariske matretter er knytte til høgtida, som eple, nøtter, potetpannekaker og ulike bakverk.

Ettersom høgtida fell like etter eplehausten på den nordlege halvkula kan ein bruka eple til candy eller toffee apple, der eple blir dekte med sirup eller karamell og eventuelt rulla i nøtter. Slike eple var vanlege å gje til ungar som gjekk trick-or-treat, men skikken gjekk kraftig tilbake etter rykte om at nokre individ skulle ha stukke nåler eller barberblad i dei i USA.

Andre typar mat som er knytte til halloween:

  • Barmbrack (Irland)
  • Bonfire toffee (Great Britain)
  • Candy apple/toffee apple, caramel apple
  • Godteri, særleg variantar som candy corn, candy pumpkin og godteri i form av halloweensymbol som skallar, flaggermus, makkar, graskar o.l. (USA)
  • Sjokolade
  • Jordnøtter (peanøtter i skala sine; Irland og Skottland)
  • Caramel corn, maiskorn dekte i karamell
  • Colcannon (Irland)
  • Halloweenkake
  • Rista graskarfrø
  • Bakt maiskolbe
  • Soul cake

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Halloween  Commons har multimedium som gjeld: Halloween

Tags:

Halloween OrdsogeHalloween HistorieHalloween SymbolHalloween SkikkarHalloween i kulturenHalloween KjelderHalloween BakgrunnsstoffHalloweenAllehelgensdagCanadaEngelskIrlandNew ZealandStorbritanniaUSA

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ÅttringISBNOmanInternasjonal telefonkode1986Det norske alfabetetWikimediaAserbajdsjanHepatitt C-virusLitauenTidlegare kommunevåpen i NoregPurreFrode GrodåsTurn under Sommar-OL 1980Torstein FlakneErna SolbergDr. JohnTatraMelhusUnileverDale-GudbrandAnders Kristiansen (1990- )Jacob ObrechtRoald ØyenTredje påskedagHilde Louise AsbjørnsenAureErik AndersenSkipshellerenStyresettBeer AjamOkraMilliEngerdal kommuneDanderydAtacamaØystein SundeGoogle ChromeLydopptakAddis AbebaPåskekyllingMusculus deltoideusNato-alfabetetDifferensialdiagnoseIltalehtiMelhus kommuneMartine LundeLondon Borough of Hillingdon2015Det nederlandske koloniriketAkslaGran ColombiaUllevaal StadionYPortugisiskFin Gnatt-stanPåskeVindErik ByeAarne-Thompson-systemetRanavik-SkjersholmaneSeglvikGurdvaraTutankhamonErik FollestadSamleieP🡆 More