Golden Retriever

Golden retriever er ein hunderase av retrievertype.

Han er ein stor hund med tjukk, gyllen pels og hengande øyre. Golden retriever oppstod som ein fuglehund i Storbritannia på 1800-talet. Han er mykje brukt både som brukshund og kjæledyr.

Golden Retriever
Golden retriever-tispe
Golden Retriever
Golden retriever-valp.

Skildring

Pelsen er lettkjenneleg gjennom sin gylne farge, i sjatteringar frå djup gyllen til fløytefarga, og kan vera glatt eller lett bølgja. Han har brei skalle, kraftig snute og hengande øyre. Hannhundar har ei mankehøgd på ca. 56–61 cm medan tisper ligg på ca. 51–56 cm. Vekta ligg på ca. 30–43 kg hjå hannane og 25–35 kg hjå tispene, men vekt er ikkje nemnd i rasestandarden.

Golden retriever er kjend som ein stødig, sjølvsikker og vennleg hund. Hundane har høgt aktivitetsnivå og treng mykje mosjon. Dei er rekna som særs intelligente og trenbare, og kan lett lærast opp til jaktapport, agility, dressur, som blindehund og lavinehund. Golden retriever har også gode symjeevne. Dei er også særs barnevennlege, og er populære familiehundar.

Golden Retriever 
Golden retriever-hann

Historie

Golden retriever blei avla fram av lord Tweedmouth på landeigedommen hans i Skottland. Det som skulle bli ein god apporthund, tilpassa storskala fuglejakt med moderne skytevåpen, blei til gjennom kryssingar av wavy-coated retriever (no flatcoated retriever) og ein spanieltype som ikkje finst lenger, tweed water spaniel. I avlsarbeidet blei det også nytta irsk setter, blodhund og St. John's water dog frå Newfoundland.

Helse

Golden retrieveren blir omtalt av Norsk Retrieveklubb som ein sunn hunderase. Nokre dyr får hoftedysplasi og albuedysplasi, men det er ikkje noko stort problem. Gjennomsnittsalderen er over 12 år.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Golden Retriever  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Golden retriever

Tags:

Golden Retriever SkildringGolden Retriever HistorieGolden Retriever HelseGolden Retriever KjelderGolden Retriever BakgrunnsstoffGolden RetrieverHundKjæledyr

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BjørnDinglavatnetSnåsa kommuneGuden RaInga frå VarteigUkrainaHønsehaukHeinoSlaveYosef Wolde-MariamElvar i RomaniaKrysotilEkstremvêret KristinCharles DarwinKjempeviseslåttenBanefartOddCountryPer HenriksenZinédine ZidaneSamisk kulturVulkanar i ItaliaSkei i JølsterFargespekterLene Westgaard-HalleAlf-Inge HålandLeireEmma WatsonSur nedbørPauKolmuleInnlandJantelovenDesiKvartalFrode GryttenBook of KellsIráklia i SérresSovjetunionenKon-Tiki-ekspedisjonenBioteknologiStaffan stalledrängSlaget om StalingradPakistanOperasjon BarbarossaBergen kommuneNikolaus KopernikusMari MaurstadHenri av LuxembourgCristiano RonaldoOperatunnelenAn-MagrittStalinismeJ.K. RowlingErteblomfamilienDurraFader vårISO 4217Norges BondelagMarius UrzicăDompapLFriesland i NederlandBjørnøyaBerlinblokadenCarl I. HagenRusslandStavanger kommunePetter NorthugCyanAndre verdskrigenNasjonaldyrJohannes BarstadVladimir PutinMM🡆 More