Harry Potter er ein britisk-amerikansk filmserie basert på dei sju bøkene om Harry Potter skrivne av J.K.
Rowling. Serien er distribuert av Warner Bros. og består av åtte fantasy-filmar som byrjar med Harry Potter og de vises stein (2001) og endar med Harry Potter og Dødstalismanene del 2 (2011). Serien er den mest innbringande filmserien nokon gong i inflasjons-ujusterte dollar, med 7,7 milliardar dollar i heile verda. Kvar av filmane er i dei 35 høgaste innteninga nokon gong.
Filmane handlar om Harry Potter som på elleveårsdagen sin finn ut at han er trollmann. Han reiser til trollmannskulen Galtvort for å få opplæring i trolldomskunst. Der forstår han at andre i trollmannsverda skjønar kven han er når dei ser arret hans. Det fekk han av den vonde trollmannen Fyrst Voldemort då han var spedbarn. Etterkvart finn Harry ut meir om fortida si, møter på mange utfordringar og må prøve å overvinne Voldemort. Serien blei produsert av David Heyman med skodespelarane Daniel Radcliffe, Rupert Grint og Emma Watson i hovudrollene som Harry Potter, Ronny Wiltersen og Hermine Grang. Fire regissørar jobba på serien: Chris Columbus, Alfonso Cuarón, Mike Newell og David Yates. Filmmusikken blei hovudsakleg skriven av John Williams, Patrick Doyle, Nicholas Hooper og Alexandre Desplat.
Mykje av filminga fann stad i Warner Bros. Studios, Leavesden i Hertfordshire i England, som i 2012 opna guida turar for skodelystne. Nokre scener blei spelte inn på ulike stader i Storbritannia, som King's Cross stasjon i London, Glenfinnan i Skottland, Alnwick Castle, domkyrkja i Durham og domkyrkja i Gloucester. Moher-klippene på Irland var den einaste staden utanfor Storbritannia som blei bruka.
Harry Potter og Dødstalismanene, den sjuande og siste romanen i serien, er delt inn i to delar. Del 1 blei gitt ut i november 2010 og del 2 kom 15. juli 2011. Ein spin off-serie i J. K. Rowling's Wizarding World, sett i tida før Harry Potter-soga finn stad, byrja med Fantastic Beasts and Where to Find Them (2016).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Filmserien Harry Potter, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.