Elektroniske mottiltak (engelsk electronic countermeasures, ECM) eller meir moderne elektronisk angrep (engelsk electronic attack, EA) er elektroniske signal som vert sende ut for å forstyrra eller totalt blokkera til dømes radar, sonar, infraraude instrument eller laser.
EMT er ein del av det som vert kalla elektronisk krigføring.
EMT kan delast opp i tre undergrupper:
Jamming av samband går ut på å overdøyva ein radiomottakar med eit sterkare signal enn det signalet som mottakaren prøver å motta. Sambandet mellom sendar og mottakar kan med dette brytast, og ein veikjer høva til fienden til å leia styrkane sine.
Fenomenet kan òg oppstå tilfeldig ved at to radiosendarar sender på same frekvens i eit område der ein mottakar er i stand til å høyra begge sendestasjonene. Dette skjer særleg i frekvensband der radiobølgjene følgjer jordkrumninga - frå dei lågaste radiofrekvensane opp til 30 Megahertz. Frekvensar høgare enn 30 MHz rekkjer vanlegvis berre innan synsvidde, slik at jammesenderen må vera i same område som den jamma radiomottakaren.
Jamming av radar har til føremål å blinda radaren slik at den ikkje kan motta ekko av eigne pulsar skikkeleg. Det er òg mogleg å skapa falske mål ved å bruka ein metode kalla «Digital Radio Frequency Memory» som digitaliserer den mottekne radarpulsen for å senda han tilbake til radarmottakaren litt forseinka slik at det vert skapt eit falskt mål bak det eigenlege målet.
Jamming av navigasjonssystem som GPS og GLONASS fører ofte til mindre nøyaktig navigasjon.
Jamming eller villeiing av nærleiksbrannrør fører til at ladninga i granaten eller missilet eksploderar før den når målet, eller ikkje eksploderar i det heile.
Elektronisk villeiing eller skinnutsending omfattar ei rekkje metodar som må vurderast ut frå den taktiske situasjonen på slagmarka. Blant dei meste brukte metodane for elektronisk villeiing er: Manipulativ elektronisk villeiing - ei metode der ein fangar opp fienden sin utsendelsar på sambandet for seinare avspeling i redigert form. Simulativ elektronisk villeiing tyder at ein narrar fienden ved å setja opp eigne elektroniske ressursar slik at ein skapar eit falskt bilete av situasjonen. Eit døme kan vera å simulera eit typisk bataljonssamband der ein vil at fienden skal tru at ein bataljon av eigne styrkar er deployert.
Elektromagnetisk puls (EMP) var tidlegare eit biprodukt ved detonasjon av eit kjernefysisk våpen, men er per 2016 lagt inn under elektronisk krigføring fordi det er mogleg å produsera reine elektromagnetisk bomber utan kjernefysisk detonasjon. Ein EMP kan øydeleggja alt elektronisk utstyr inne i ein bygning, eit køyretøy, fly eller skip som ikkje er sikra mot dette. Andre mål for EMP kan vera radaranlegg, sambandsentralar eller overvåkningsanlegg.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Elektroniske mottiltak, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.