Det Norske Alfabetet: A til Å

Det norske alfabetet byggjer på det latinske alfabetet.

Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å

Det finst i hovudsak 29 bokstavar i det norske alfabetet. Alfabetet blir ofte kalla det dansk-norske alfabetet av di alfabetet er likt for språka nynorsk, bokmål og dansk.

Historie

Det Norske Alfabetet: Historie, Namn på bokstavane, Bruksfrekvens 
Relikvieskrin frå Fortun stavkyrkje i Luster frå rundt 1225, med det latinske alfabetet som dekorasjon.
Det Norske Alfabetet: Historie, Namn på bokstavane, Bruksfrekvens 
Framsyning av dei særnorske bokstavane æ, ø og å på ei tavle.

Det latinske alfabetet vart teke i bruk for norsk og dei andre skandinaviske språka samtidig med kristendommen, og tok over for runealfabetet. Dei to alfabeta heldt likevel fram å eksistere side om side i fleire hundre år. Det latinske alfabetet vart brukt av skribentar, der runealfabetet vart brukt til kvardags.

Då det latinske alfabetet vart teke i bruk for norrønt, vart det bruk for bokstavar for lydar som latin ikkje hadde. Ein av dei, þ, var henta frå runealfabetet. Både Þ og ð vart seinare erstatta med t og d. æ og ø vart brukt for fremre versjonar av a og o. I norrønt var vokallengd uavhengig av konsonantlengd og trykk, så kvar vokal hadde ein kort (a, e, o, ...) og ein lang (á, é, ó, ...) variant. I overgangen til mellomnorsk vart kvantitetstilhøva endra, slik at vokalar kunne vere lange berre i trykksterk staving foran kort konsonant. Ein av dei lange vokalane, á, vart endra på slutten av den norrøne perioden, først til [ao] og deretter til [o] (dvs. ein å-lyd). Då norsk vart erstatta med dansk skriftspråk vart denne lyden skrive som aa. Med a-endingar, både i landsmål og etter kvart bokmål vart det problematisk å skrive aa (jf. former som aaa og taaa for åa og tåa), og ved rettskrivingsendringa i 1917 vart å ein del av det norske alfabetet, alfabetisert til slutt i alfabetet. I dansk vart å innført i 1948, og den endelege avgjerda om plasseringa av Å i dansk vart ikkje tatt før i 1955. Det var først foreslått at bokstaven skulle kome først i alfabetet, men det motsette - som i norsk - vart den endelege avgjerda. Aa blir alfabetisert som Å, noko som kan vere problemetisk med finske namn (som t.d. Maarit, Saari) i norske namnelister.

Skilnaden mellom dansk-norsk alfabet og det svenske alfabetet er at ein i Sverige nyttar Ä i staden for Æ og Ö i staden for Ø. Bokstavrekkefølgja er òg ulik på svensk, Å, Ä, Ö medan norsk nyttar Æ, Ø, Å, i og med at å er eldre i svensk.

Namn på bokstavane

Bokstavane som står for vokalar har namn etter korleis dei representerer lange lydar. Namna på O og U er med andre ord [u:] og [ʉ:], som i god og gul, ikkje som i godt og dum. Bokstavar for nasalar, rullelydar og lateralar har namn med kort e (eller æ) foran seg, altså [em, en, el, ær, es, ef, eks]. Bokstavar for andre konsonantar har lang e: etter seg, altså [be:, se:, de:, ge:, je:, te:, ve:] for bcdgjtv. Bokstavane h, k har namn med å, dvs. [ho:, ko:]. To bokstavar har namn utanfor dette systemet, W og Z: dobbelt-ve, sett.

Bruksfrekvens

I nynorsk tekst fordeler bokstavane i det norske alfabetet seg slik, i prosent for kvar bokstav (prosentfordelinga baserer seg på teksten i nynorsk Wikipedia):

e (12.9), a (9.01), r (8.64), n (7.61), t (7.55), i (7.14), s (6.31), o (5.19), l (4.95), d (4.40), k (3.90), g (3.54), m (3.44), v (2.53), u (1.91), f (1.83), p (1.71), b (1.37), h (1.33), å (1.25), j (1.16), y (0.90), ø (0.77), c (0.29), æ (0.14), w (0.10), z (0.07), x (0.03), q (0.03).

Bokstavane sine lydverdiar

Dei bokstavane som blir brukt for det opprinneleg norske ordforrådet representerer grovt sett same lydverdiar som for dei fleste andre språk som bruker det latinske alfabetet (t.d. tysk og italiensk, dette gjeld a, b, d, e, f, g, h, j, k, l, m, n, p, r, s, t, v. Der norsk skil seg frå andre språk er lydverdine for o, u, y. I og med at lang a: vart til o: etter år 1200 (båt, mål), vart lydverdien for lang O til u: (god), lang U til ʉ: (gul) og lang Y frå ʉ: til y:.

Det norske alfabetet i teiknsettstandardar

Det norske alfabetet er representert i Unicode, og i den tidlegare åttebitsstandarden ISO 8859-1. Alfabetet var også representert i tidlegare standardar: DS 2089 (dansk) og NS 4551-1 (norsk), seinare den internasjonale standarden ISO 646), og IBMs kodetabell 865.

Tags:

Det Norske Alfabetet HistorieDet Norske Alfabetet Namn på bokstavaneDet Norske Alfabetet BruksfrekvensDet Norske Alfabetet Bokstavane sine lydverdiarDet Norske Alfabetet Det norske alfabetet i teiknsettstandardarDet Norske AlfabetetBokmålDanskDet latinske alfabetetNynorsk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Grete Ingeborg NykkelmoSamleieBagdadLittle WalterHistorieUltramafittSpinningKapitalismeSerena WilliamsJonsokKirgisistanKirunaDélta i ThessaloníkiNew Super Mario Bros. UCarl Fredrik HillMaiSkotsk musikkBelgicafjellaSørkoreansk wonPeter SeebergAmbelókipi-MeneméniFrankrikeBBC PrimeEyvind JohnsonPotetmjølØrtugCristiano RonaldoReligiøse nasjonalsymbolSilkehønsJennifer AnistonVólviRimSpeidarrørslaHakkaJantelovenSvastikaGlommaElon MuskDuane AllmanGrunnstoffet tinnNanometerHardy-gutteneNewport Folk FestivalCand.scient.BerlinblokadenArto BryggareApollonIngeborg WaltherFredrik HaslundIndiaSagaen om IsfolketVarmekapasitetMartina HingisAdventure Time-episodarMats SundinTønsberg kommuneTor Åge BringsværdTromsø kommuneApollo 11RundeAbdullah II av JordanMonogamiSamvirkelagPetter HugstedLinköpingVinter-OL 1988KjærleikGunn Margit AndreassenUrfolkHans LøkkenKon-Tiki-ekspedisjonenAfghanistanNederlandKarinSalman av Saudi-Arabia🡆 More