Det Hev Ei Rosa Sprunge

«Det hev ei rosa sprunge» er det nynorske namnet på den folkelege tyske julesongen «Es ist ein Ros entsprungen» frå kring 1587.

Teksten tek utgangspunkt i Jesaja 11,1: Ein kvist skal skyta opp frå Isais stubbe, og eit skot skal spira fram frå hans røter.

Det Hev Ei Rosa Sprunge
Jesusbarnet med roser. Austerriksk glasmåleri frå 1800-talet.

Den mest utbreidde tonen er opphavleg ei tysk vise frå 1400-talet som vart arrangert som firstemmig korsats av Michael Praetorius i 1609. Denne korsatsen dannar grunnlaget for harmoniseringa som er brukt i Norsk Koralbok

Den omsetjinga som er oftast nytta i Noreg vart gjort av Peter Hognestad i 1919 og 1921. Hognestad omsette dei to fyrste versa av teksten frå 1587, og eitt vers av ein annan tekst, skriven av Friedrich Layriz frå 1844. I Norsk Salmebok står «Det hev ei rose sprunge» på nummer 38.

Nynorskversjonen av songen er mest brukt i Noreg. På bokmål heiter han «En rose er utsprungen». Det engelske namnet er «Lo, how a rose e’er blooming».

Første verset av songen

Nynorskversjon frå 1919 Tysk versjon frå 1599
    Det hev ei rosa sprunge
    ut av ei rot so grann.
    Som federne hev sunge:
    Av Jesse rot ho rann,
    og var ein blome blid
    midt i den kalde vinter
    ved myrke midnattstid.
    Es ist ein Ros entsprungen
    aus einer Wurzel zart,
    wie uns die Alten sungen,
    von Jesse kam die Art
    und hat ein Blümlein bracht
    mitten im kalten Winter,
    wohl zu der halben Nacht.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

1587JulesongNynorskTysk litteratur

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Washington, D.C.Jolly ColaCRomandieMickey RaphaelAmerikanske urfolkspråkIntellektuellHundre års ensomhetSkandinaviaHallgeir BrendenHurtigrutaTalordVince GillMonogamiO helga nattKristningFurlongFinskMalawiLen i Sverige2. aprilPolenInternettLundefuglURLTolvfingertarmBergenAbkhasiaOnsdagThe Star-Spangled BannerOttomanAsbjørnsen og MoeHollandSunnhordlandske ord og vendingarVerdas landPippi LangstrømpeErna SolbergHovudsideFilmjølkDanica PatrickVonDet nederlandske koloniriketGrunnstoffliste etter namnSkjærtorsdagHerjedalenBodø kommuneDen afghansk-sovjetiske krigenRayleePåskehareMånenIsland2000ShetlandsøyaneWillie NelsonMS «Venus» (1931)PolhavetUllevaal StadionJonas Strand GravliAsker kommuneWiktionaryVaktlarGjermund EggenInnsjøar i SverigeDet tyske herrelandslaget i fotballNummererte småplanetar/1–1000Lindisfarne klosterNetflix20212024GaukSigurd NesdalRusslandGenève🡆 More