Rekkje er ein kategori nytta i den biologiske systematikken.
Ei rekkje kan omfatte ein eller fleire nærskylde klassar, og ei eller fleire nærskylde rekkjer kan samanfattast som rike. I botanikken blir rekkjer av og til omtala som avdelingar eller divisjonar. Av og til blir og fylum (etter den latinske omgrepet for rekkje, phylum) brukt.
I likskap med andre biologiske taksa (med mogleg unnatak av arten) er det eit rent skjønsspørsmål kva gruppe ein vel å kalle rekkje. Innanfor dagens systematikk er ein derfor meir opptatt av slektskapen mellom organismane eller stamtre enn av kategoriar.
I botanikken blir det vitskapelege namnet for ei rekkje danna ved at rota av namnet på typusslekta får endinga -phyta (for alger og landplantar) eller -mycota (for soppar). Dei tilsvarande endingane for underrekkjer er -phytina og -mycotina.
Artikkelen er omsett frå Wikipedia på riksmål/bokmål
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Biologisk rekkje, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.