B (b) er den andre bokstaven i det latinske alfabetet.
Til liks med dei kyrilliske bokstavane be (Б) og ve (В) har han opphav i den greske bokstaven beta (Β).
B | |||
| |||
Bruk | |||
---|---|---|---|
Skriftsystem | Latinsk skrift | ||
Type | Alfabet | ||
Opphavsspråk | Latin | ||
Fonetisk bruk | [b] | ||
Unicode | U+0042, U+0062 | ||
Plass i alfabetet | Talverdi: 2 | ||
Historie | |||
Utvikling | |||
Etterkomarar | ♭ | ||
Slektningar | Б | ||
Anna | |||
Vanleg tilknytte bokstavar | bv bh bp bm bf | ||
Tilknytte tal | 2 | ||
Skriveretning | Venstre til høgre |
B er ein leppelyd. Det semittiske namnet på bokstaven tyder 'hus' (hebraisk beth, jamfør Betlehem som tyder 'brødhus'). I den opphavlege biletskrifta har teiknet vore eit riss av eit hus. Grekarane omdanna namnet til betâ. Etruskarane og etter dei romarane kalla bokstaven be. I fleire språk (spansk, russisk, nygresk) kan bokstaven vise til anten ein bilabial (b) eller ein labiodental (ein mellomting mellom norsk b og v). I den eldre runerekka var B det 18. teiknet. I den yngre runerekka var B det 13. Den greske bokstaven beta har saman med den føregåande alfa gjeve namn til alfabetet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article B, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.