Logikk er læra om lovene og reglane som gjer tenking, resonnement og argumentasjon gyldig («logisk»).
Den klassiske logikken går tilbake til Aristoteles si syllogismelære. Heilt sidan den gong har logikken vore ein av hovuddisiplinane i filosofien.
Den moderne logikken kan sporast tilbake til 1800-talet. Det var på denne tida at mellom andre George Boole, Augustus De Morgan og Gottlob Frege gjorde dei første forsøka på gi logikken ei matematisk framstilling (sjå boolsk algebra og formal logikk). Den mest grunnleggjande greina i moderne logikk er setningslogikken. Andre greiner er predikat-, klasse- og relasjonslogikk.
I løpet av 1900-talet blei logikken utvida til å gi rom for uvisse og sannsyn. Dette resulterte i utviklinga av mellom anna fleirverdi-, fuzzy- og kvantelogikk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Logikk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.