(norsk: Georgia, georgisk)
საქართველო Sakartvelo | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Dideba zetsit kurtheuls» | ||||||
Motto | Georgisk: ძალა ერთობაშია (Krafta ligg i eining) | ||||||
Offisielle språk | Georgisk | ||||||
Hovudstad | Tblisi | ||||||
Styresett | Republikk Giorgi Margvelasjvili Irakli Garibasjvili | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn | 69 700 km² (120.) 0 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik | 4 926 330 (120.) 70,7 /km² (111.) | ||||||
Sjølvstende - Dato | Frå Sovjetunionen 9. april 1991 | ||||||
Nasjonaldag | 26. mai | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar | 35 370 mill. USD (117.) 10 200 USD (111.) | ||||||
Valuta | Lari | ||||||
Tidssone | UTC +3 | ||||||
Telefonkode | +995 | ||||||
Toppnivådomene | .ge |
Georgia (georgisk: საქართველო Sakartvelo) er eit land i Kaukasus, som tidlegare var ein del av Sovjetunionen. Hovudstaden heiter Tbilisi. Landet grensar til Tyrkia, Russland, Aserbajdsjan og Armenia. Dei to områda Abkhasia og Sør-Ossetia lausreiv seg tidleg på nittitalet og har sidan vore de facto sjølvstendige statar, sjølv om berre få land godkjenner sjølvstendet deira. Russland har plassert styrkar i begge områda og kallar dei fredstryggjande, men desse styrkane vert rekna som okkupasjonsstyrkar av Georgia.
Georgia er delt inn i ni regionar (georgisk მხარე, mtsjare), ein by (k'alak'i) og to autonome republikkar:
Fjella dominerer landskapet i Georgia. Fjellkjeda Likhi deler landet i ein austleg og ein vestleg halvdel. Historisk var dei vestlege områda av Georgia kjend som Colchis, medan dei austlege delane vart kalla Iberia. Dei nordlege fjellområda i Svaneti er òg isolert frå resten av landet.
Store Kaukasus går langs grensa mellom Georgia og Russland, medan Litle Kaukasus går langs grensa til Tyrkia i sør. Store Kaukasus er derimot mykje større og inneheld dei høgaste fjella i Europa (så lenge desse områda vert rekna som europeiske) med fleire toppar over 5 000 meter.
Det høgaste fjellet i Georgia er Sjkhara med ei høgd på 5 201 meter (sjølve toppen ligg i Russland), og det nest høgaste er Janga (Jangi-Tau) med 5 051 meter over havet. Andre fjelltoppar som utmerker seg er Kazbek med 5 047 meter, Tetnuldi (4 974 m), Sjota Rustaveli (4 960 m), Usjba (4 710 m) og Ailama (4 525 m). Av fjella som her er nemnd har berre Kasbek vulkansk opphav. Området mellom Kazbek og Sjkhara (eit stykke på om lag 200 km) er dominert av mange isbrear. Litle Kaukasus er meir variert og ikkje så høg, og ingen toppar er høgare enn 3 400 meter. Av fjell i dette området finn ein vulkanplatået Javakheti i tillegg til mange innsjøar som Tabatskuri og Paravani, i tillegg til mineralvatn og varmekjelder.
Voronjagrotta er den djupaste kjende grotta i verda. Ho ligg i Arabika-massivet i fjellkjeda Gagra i Abkhasia. Høgdeskilnaden i grotta er heile 2 140 meter.
Av store elvar i Georgia finn ein Rioni og Mtkvari (Kura).
Klimaet i dette fjellandet på austkysten av Svartehavet er nesten tropisk om sommaren, medan vintrane er varmare enn dei milde sørlege områda av Russland i nord. Ein har derimot kuldebølgjer om vinteren over store delar av landet. Dei vestlege områda er ganske våte året rundt. Tbilsi har ein årleg nedbørsnormal på 462 mm. Dei lågareliggande områda langs kysten av Svartehavet har forholdsvis milde vintrar og ganske varme somrar. Ein kan derimot ha ein del vind i fjella, særleg i Transkaukasusdalen. I K'ut'aisi kan ein få vind opp i orkan styrke minst ein gong i året.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Georgia, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.