Fransk (le français ) er eit indoeuropeisk språk på den romanske greina.
Det vert mellom anna tala i Frankrike, i Vallonia i Belgia, i Romandie i Sveits og i provinsen Quebec i Canada. Det finst òg ein franskspråkleg minoritet i Italia. Fransk vert òg framleis nytta i mange av dei tidlegare franske koloniane, særleg i Magreb og Vest- og Sentral-Afrika. I mange av desse landa er ikkje fransk offisielt språk, men vert likevel nytta i statsforvaltninga og høgare utdanning. Fransk er eit av dei offisielle språka til Dei sameinte nasjonane og Den europeiske unionen, og sjølv om engelsk i stort mon har teke over som diplomatspråk, er fransk framleis eit viktig lingua franca i store delar av verda.
Fransk français | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk italiske språk romanske språk galloromanske språk | |
Talarar | Frankspråklege | |
Bruk | ||
Tala i | Frankrike, Belgia, Sveits, Canada og 48 andre land | |
Område | Vest-Europa, Nord-Afrika, Asia, Polynesia, Sør-Amerika og Nord-Amerika | |
Fransktalande i alt | 173 000 000 | |
Rangering | 13 | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Frankrike, Belgia, Sveits, Canada, Elfenbeinskysten og 30 andre land | |
Normert av | Académie française | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | fr | |
ISO 639-2 | fre (B)/fra (T) | |
ISO 639-3 | fra | |
Wiki på fransk |
Fransk skil seg frå andre romanske språk gjennom eit vokalsystem som omfattar fleire nasaliserte vokalar (an, en /ɑ̃/ som i enfant [ɑ̃ˈfɑ̃] («barn»), on /ɔ̃/ som i maison [mɛˈzɔ̃] («hus»), in /ɛ̃/ som i cinq /sɛ̃k/ («fem») og un /œ̃/ som i brun [bʁœ̃] («brun»), ein labialisert u /y/ som i rue [ʁy] («gate»), skarre-r /ʁ/ som i Paris [paˈʁi] og schwa /ə/ som i cheval [ʃəˈval] («hest»).
Språket skil ikkje mellom betona og ubetona stavingar, slik at alle stavingar har nokså jamnt trykk. Stavingar med såkalla «ustabil e» eller schwa kan ha mindre betoning medan stavingar sist i ei rytmegrupper har sterkare. Når mange ord blir uttalte etter kvarandre (altså i vanleg tale) er stavings- og rytmegruppene viktige, slik at ord kan gli over i kvarandre og ein stum konsonant kan bli uttalt ved byrjinga av neste ord om det byrjar med vokal (liaison).
Fransk er offisielt språk i desse landa og territoria:
Land | Infødde talarar | Folketal |
---|---|---|
(omtrentleg tal) | (juli 2003) | |
Frankrike | 51 949 900 | 60 180 600 |
Kongo-Kinshasa | 702 400 | 55 225 478 |
Libanon | 1 500 000 | 3 826 018 |
Canada | 7 535 600 | 32 207 000 |
Elfenbeinskysten | 1 614 500 | 16 962 500 |
Kamerun | 643 900 | 15 746 200 |
Burkina Faso | 140 300 | 13 228 500 |
Mali | 140 800 | 11 626 300 |
Senegal | 88 100 | 10 580 400 |
Belgia | 3 807 000 | 10 290 000 |
Rwanda | 153 600 | 7 810 100 |
Haiti | 141 200 | 7 527 800 |
Sveits | 1 515 700 | 7 318 638 |
Burundi | 63 900 | 6 096 156 |
Togo | 141 500 | 5 429 300 |
Den sentralafrikanske republikken | 36 700 | 3 683 600 |
Kongo-Brazzaville | 267 300 | 2 954 300 |
Gabon | 109 200 | 1 321 500 |
Komorane | 15 300 | 632 948 |
Djibouti | 11 400 | 457 130 |
Luxembourg | 21 600 | 454 157 |
Guadeloupe | 110 400 | 442 200 |
Martinique | 144 600 | 390 200 |
Vanuatu | 2 900 | 200 000 |
Benin | 191 200 | 7 862 944 |
Guinea | 178 700 | 9 690 222 |
Réunion | 170 600 | 787 584 |
Fransk Polynesia | 142 900 | 274 578 |
Ny-Kaledonia | 127 800 | 219 246 |
Niger | 85 400 | 12 525 094 |
Tsjad | 85 400 | 9 944 201 |
Fransk Guyana | 39 900 | 199 509 |
Mauretania | 21 000 | 3 177 388 |
Monaco | 15 400 | 32 543 |
Mayotte | 14 900 | 201 234 |
Saint-Pierre og Miquelon | 6 700 | 7 026 |
Saint Martin | 3 500 | 35 000 |
Saint-Barthélemy | 3 200 | 7 000 |
Wallis- og Futunaøyane | 1 300 | 16 025 |
Ekvatorialguinea | 200 | 540 109 |
Seychellane | 1 500 | 80 469 |
Madagaskar | - | 16 979 900 |
I visse land har språket ingen offisiell status, men er andrespråk for store delar av innbyggjarane:
land | folketal |
---|---|
(juli 2003) | |
Algerie | 32 810 500 |
Marokko | 31 689 600 |
Mauritius | 1 210 500 |
Tunisia | 9 924 800 |
Det finst også fransktalande grupper i Guinea-Bissau, Kambodsja, Egypt, India (Puducherry), Italia ( Aostadalen), Laos, Storbritannia (Kanaløyane), Israel (jødar med franske og nordafrikanske røter), USA (særleg Louisiana og New England) og Vietnam.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fransk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.