(norsk: Brunei, bruneisk)
Negara Brunei Darussalam برني دارالسلام | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Allah Peliharakan Sultan» | ||||||
Motto | Alltid i teneste, med Guds hjelp | ||||||
Offisielle språk | Malayisk | ||||||
Hovudstad | Bandar Seri Begawan | ||||||
Styresett | Monarki (Sultanat) Hassanal Bolkiah | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn | 5 765 km² (166.) 8,6 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik | 443 593 (170.) 76,9 /km² (107.) | ||||||
Sjølvstende - Dato | Frå Storbritannia 1. januar 1984 | ||||||
Nasjonaldag | 23. februar | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar | 32 900 mill. USD (120.) 85 700 USD (5.) | ||||||
Valuta | Bruneisk dollar | ||||||
Tidssone | UTC +8 | ||||||
Telefonkode | +673¹ | ||||||
Toppnivådomene | .bn | ||||||
¹ 080 frå Singapore |
Brunei, òg kalla Brunei Darussalam, er eit sultanat som ligg på øya Borneo i Søraust-Asia. Sett vekk frå kystlinja mot Sørkinahavet er landet heilt omgjeve av det austlege Malaysia. Brunei har store petroleumsressursar, og økonomien til landet er i stor grad avhengig av desse.
Brunei har eit tropisk klima som endrar seg lite igjennom året. Temperaturane held seg stort sett rundt 30-32 °C midt på dagen og rundt 22-25 °C om natta. Nedbøren er stort sett jamt for delt gjennom året, men med ei lita auke i overgangsperiodane til monsunen i april-mai og oktober-november. I det store og heile kjem det ei regn- eller torebyge om lag annakvar dag. Den årlege nedbørsnormalen er om lag 3500 mm.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Brunei, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.