Ein planet er ein lekam som går i bane rundt ei stjerne under påverknad av gravitasjonskrafta hennar.
Planetar må ha ein viss storleik for å kunna kallast planetar, og derfor reknar me som regel ikkje asteroidar eller kometar som verkelege planetar.
Planetane ein kjenner best er dei som krinsar rundt sola, men det finst òg planetar rundt andre stjerner. Astronomar oppdaga dei første slike planetane i 1990-åra, og i 2004 klarte dei å fotografere éin av dei for første gong.
I vårt solsystem reknar ein med åtte planetar (ikkje medrekna Sedna og Pluto). Dei er, i rekkjefølgje frå inst til ytst:
Astronomar har funne over 180 planetar i andre solsystem enn vårt eige. Som regel har ein funne desse planetane ved å sjå på korleis dei påverkar morstjerna, men i april 2004 skjedde den første direkte observasjonen av ein lekam som truleg er ein planet. Med hjelp av det store teleskopet (Very Big Telescope) i Chile såg ein lekamen på infraraude bølgjelengder.
Planetkandidaten går rundt stjerna 2MASSWJ 1207334-393254, forkorta til 1207. Han er fem gonger så stor som Jupiter, og stjerna hans er ein brun dverg, ei lita og lyssvak stjerne. Han ligg òg 7,5 milliardar kilometer vekke frå dvergen, endå lenger enn Pluto er frå vår sol. Alt dette gjer det enklare for observatørar på jorda å sjå den moglege planeten.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Planet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.