Breda er ein kommune og by i Nederland i provinsen Noord-Brabant sør i landet.
Namnet Breda kjem frå «Brede Aa» og refererer til staden der elvane Mark og Aa renn i saman. Breda er den niande største byen i Nederland med om lag 170 000 innbyggjarar.
Breda | |||||
---|---|---|---|---|---|
Grote Kerk i Breda | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Provinsar | Nederland Noord-Brabant | ||||
Borgarmeister | Peter van der Velden | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By - Land - Vatn | 129,15 km² 126,87 km² 2,28 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik | 171 004 1 348/km² | ||||
Koordinatar | 51°35′N 4°47′E / 51.583°N 4.783°E | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Nettstad: www.breda.nl |
Breda var ein festningsby og strategisk viktig. På 1000-talet var Breda eit len direkte under keisaren i Det tysk-romerske riket og den første kjende lensherren var Henrik av Brunesheim (1080 - 1125).
I 1327 vart Breda seld frå Adelheid av Gaveren til hertug Johan III av Brabant. I 1350 vart lenet seld vidare til Johan II av Wassenaar (d. 1377). I 1403 gifta arvingen hans, Johanna av Polanen (1392 - 1445) seg med Engelbert I av Nassau (1370 - 1442). Frå den tid var byen under huset Nassau og kom til slutt til Vilhelm I av Orange (1533 - 1584), den første stadthaldaren av Nederland. Dermed var baronen av Breda òg greve i Nassau, Tyskland, fyrste av Orange og stadthaldar av Dei sameinte Nederlanda (frå 1572-1650, 1672-1702, 1747-1795). Breda var verande ein del av baroniet Breda fram til det vart avskaffa av franske revolusjonsstyrkar i 1795.
Breda fekk byrettar i 1252 og bygde så bymurar og nye gater i romersk stil. På 1400-talet vart byen raskt velståande. Det vart bygd ei stor kyrkja i brabantinsk-gotisk stil med eit 97 meter høgt tårn kalla Grote Kerk. I 1534 vart festningsverka forsterka av Henrik III av Nassau-Breda. I same periode vart Breda ein kongeleg by og trekte til seg mange adelsmenn som bygde store residensar i gamlebyen. Det mest imponerande palasset vart bygd av den italienske arkitekten Thomas Vincidor de Bologna - det første renessansebygget bygd nord for Alpane. Det vart ein stad der dei første nederlandske fyrstane residerte.
I 1534 vart Breda òg råka av ein storbrann som øydela om lag 1 300 hus, kyrkjer, kapell og rådhuset. Berre 150 hus og den nye kyrkja stod att etter brannen.
Under åttiårskrigen vart Breda erobra av spanjolane i 1581, men i 1590 kom han tilbake til Maurice av Nassau då 68 utvalde menn klarte å kome seg inn i byen gøymd under torva på ein torvbåt, ein listig plan planlagt av Adriaen van Bergen.
Breda overgav seg til spanjolane i 1625 etter ei ti månader lang omleiring. I 1637 vart Breda gjenerobra av Fredrik Henrik av Orange etter ei fire månader lang omleiring, og i 1648 vart han til slutt avstått til Dei sameinte Nederlanda med freden i Westfalen.
Karl II av England var stort sett i Breda då han var i eskil under Cromwellperioden i England. Systera hans, Maria av Oranien var enka etter fyrst William II av Oranien. Bredaerklæringa til Karl II gjorde det kjend at han aksepterte krona av England som han fekk tilbake i 1660.
Bredatraktaten vart signert i byen 31. juli 1667 og gjorde slutt på den andre engelsk-nederlandske krigen der nederlendingane møtte Karl II som tidlegare hadde vore gjesten deira.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Breda, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.