Tsjad

(norsk: Tsjad, tsjadisk)

République du Tchad
جمهورية تشاد (Jumhūriyyat Tshād)

Det tsjadiske flagget Det tsjadiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «La Tchadienne»
Motto Unité - Travail - Progres ('Semje - Arbeid - Framsteg')
Geografisk plassering av Tsjad
Offisielle språk Fransk og arabisk
Hovudstad N'Djamena
Styresett
Leiar for Det militære overgansrådet
Republikk
Mahamat Idriss Déby Itno
Flatevidd
 – Totalt
 
1 284 000 km² (20.)
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
12 075 985 (76.)
9,4 /km²
Sjølvstende
frå Frankrike
11. august 1960
Nasjonaldag 11. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
32 000 mill. USD (122.)
3 000 USD (161.)
Valuta CFA-franc (XOF)
Tidssone UTC +1
Telefonkode +235
Toppnivådomene .td

Republikken Tsjad (fransk Tchad) er ein republikk i Sentral-Afrika. Den nordre delen av Tsjad ligg i Saharaørkenen. Her ligg Tibestifjella, den største fjellkjeda i ørkenen. Landet var tidlegare del av Fransk Ekvatorialguinea, men har fått sitt noverande namn etter Tsjad-sjøen.

Historie

Under mellomalderen vart Tsjad ein møtestad for muslimske handelsfolk og mange subsahariske stammar. Frankrike gjorde landet til koloni i 1891.

Etter sjølvstendet frå Frankrike i 1960 braut det ut ein revolusjon i 1965 i den muslimske nordre delen av landet, forårsaka av høge skattar. Denne borgarkrigen tok ikkje slutt før 1996, då ei ny grunnlov vart vedteken, og den sitjande presidenten Idriss Déby vart gjenvald.

Geografi

Tsjad har ingen kyst mot havet. Landet har fire klimasonar: Store tørre sletter midt i landet, ørken i nord, tørt bergområde i nordvest og eit tropisk lågland i sør. Tsjadsjøen, som er ein veldig grunn sjø, er Afrika sin nest største sjø og ligg vest i landet.

Nabolandet i nord er Libya, i aust ligg Sudan, i sør ligg Den sentralafrikanske republikken og i vest ligg Niger, Nigeria og Kamerun. Det siste landet har felles grense mot Tsjadsjøen, som ligg akkurat på grensa mellom dei to landa.

Tsjad 
Kart over Tsjad

Langsmed den same grensa mot Kamerun ligg òg hovudstaden i landet, N'Djamena.

Tsjad omfattar store delar av Tsjadbekkenet, som er fylt av leire og sandavsettingar frå tertiær og kvartær, og er omgjeve av flate grunnfjellstersklar med høgare platå.

I nordlege Tsjad ligg det vulkanske Tibesti-fjellmassivet som når opp i over 3000 moh. Det høgaste fjellet er Emi Koussi med 3415 moh. Mot sør skiftar landskapet mellom fjellørken, grusørken og eit bølgjande hav av sandørken.

Sentralt i landet ligg Bodele-senkinga, ein tidlegare sjøbotn, som i dag er heilt uttørra. Ørkenpartiet (Sahara) går gradvis over i Sudanplatået som strekkjer seg på tvers av kontinentet. Her ligg den avløpslause Tsjadsjøen, som for 5000-10 000 år sidan dekte eit område mange gonger større enn dagens innsjø (Megatsjad). Dei viktigaste tilløpa kjem frå elvane Chari og Logone.

Klima

Den nordlege delen av landet, Saharaørkenen får praktisk talt ingen nedbør, og klimaet er varmt året rundt med mykje sol. Den sørlege halvdelen av landet, om lag sør for 15 ºN, er ein del av Sahelområdet med regntid frå mai til september. N'Djamena i dette området har ein årleg nedbørsnormal på 754 mm.

Økonomi

Økonomien i landet er jordbruksbasert, og lite utvikla. 80 % av befolkninga lever av primitivt jordbruk og på fedrift.

Eit konsortium leia av to amerikanske føretak byrja i 2000 å bygge ut eit stort oljefelt, og til og med byggje ein røyrleidning til omverda. Det vert beregna at Tsjad har oljereservar på cirka 1 milliard tønner.

Folkesetnad

Det finst meir enn 200 etniske grupper i landet. I nord og aust er ein hovudsakleg muslimar, i sør kristne eller animistar. Ved sida av fransk og arabisk vert det snakka om lag 100 stammespråk i landet. Den gjennomsnittlege levealderen ligg på 49 år. 48 % av befolkninga er lesekyndige.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tsjad  Commons har multimedium som gjeld: Tsjad

Tags:

Tsjad HistorieTsjad GeografiTsjad KlimaTsjad ØkonomiTsjad FolkesetnadTsjad KjelderTsjad BakgrunnsstoffTsjad

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HenningsværbrueneAkslaArne Alsåker SpildeKristningStrilamålYoichiro Nambu1922Telemark fylkeHollandAbkhasiaBronkiektasiSteingardar i NoregNobelprisen i litteraturJonsokGhoulLill LindforsBruttonasjonalproduktVevelstad kommuneTidslinje over norsk historieNotoddenFredrik II av PreussenHeilage NikolasDag IngebrigtsenShagnasty IslandEinar FørdeUkrainaIsbjørnInternasjonal telefonkodeNonLitauenStord kommuneSlaget ved SvolderLønnRegionar i ItaliaVietnamkrigenSandsøya i SandeKoptisk kristendomInformasjonskapselNike, Inc.Harald EiaNynorskVulkanar i ItaliaPanamakanalenE85Waffen-SSOrvar-OddOrientråkeAktiv galaksekjerneDen afghansk-sovjetiske krigenNederlandskNordaustpassasjenArnold SchwarzeneggerProfessor emeritusAlaskaDonauWe Can't DanceLibanonHepatitt C-virusAllahu akbarJiddischAfghanistanMinar-e-PakistanT-banen i Oslo14. septemberSnøskuterThoriumkraftverkNorrøntAtle HamarErna SolbergVärmlandNiEinar SagenVerdscupen i skiskyting 2024🡆 More