Shaka Samvat

Sjaka-kalenderen (sanskrit, også kalla Shaka Samvat eller Saka Samvat) eller Salivahana-kalenderen er ei tidsrekning frå Sør-Asia som i dag har offisiell status som indisk nasjonalkalender.

Ei moderne form av kalenderen har offisielt vore i bruk i India sidan 1957. Kalenderen er ein av fleire hindukalendrar.

Året då kalenderen byrjar svarer til år 78 i den vestlege (gregorianske) kalenderen. Byrjinga av året ligg i månaden tsjaitra, dagen etter vårjamdøgn. Dette svarer til 22. mars i den vestlege kalenderen. Eit år i kalenderen har 365 dagar, 366 ved skotår. Den første månaden (tsjaitra) har normalt 30 dagar, 31 ved skotår. Dei neste fem månadane har 31 dagar kvar, dei andre har 30.

Skotår samsvarer med dei i den gregorianske kalenderen.

Bruk

Kalenderen har vore i bruk på mange gamle inskripsjonar i Sør- og Søraust-Asia. I dag blir han brukt av The Gazette of India, All India Radio og kalendrar og utsegner frå dei indiske styresmaktene, saman med den gregorianske kalenderen.

Kalenderen er også i bruk blant hinduar på Java og Bali. Den stille dagen, nyepi, er ei balinesisk nyttårsmarkering etter denne kalenderen. Nepal bruker ein avleidd kalender, Nepal Sambat.

Opphav

Kalenderen har eksistert i ulike former, både som ein månekalender og som ein lunisolar kalender. I nord starta ein ny månad ved fullmåne og i sør ved nymåne.

Utgangspunktet til kalenderen er omdiskutert. Mange kronologiar plasserer byrjinga med tidspunktet då kong Tsjasktana kom på trona i Gujarat, i år 78. Ein har funne innskrifter gjort under han, datert til år 11 og 52, i Andhau i Kutch. Desse årstala blir tolka som sjakakalenderåra 11 (89 e.Kr.) og 52 (130 e.Kr.).

Andre moglege utgangspunkt for kalenderen er regjeringstida til kong Kanisjka eller faren hans Vima Kadphises av Kusjanriket, kong Sjalivahana av Satavahanariket, Vonones II av Partia eller av Nahapana av Veststaprane.

Kjelder

Tags:

HindukalendrarSør-Asia

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Byar i NederlandDet tyske herrelandslaget i fotballStålkamerateneSamisk språkhistoriePetter ThoresenFilmmanusBiologisk systematikkOlivia RodrigoBlåmannFascismeRudolf BlodstrupmoenParagrafPolenFirehundreårsnattaMellomalderenKnut Marius DjupvikCharlène av MonacoSekulærIngvild KjerkolKredittkortDet russiske alfabetetNynorskResettOverflatisk veneJantelovenGalenosYL-gruppeTjeldKerkíni i SérresNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973Lotta i BråkmakergataDen julianske kalenderenAsbjørnsen og MoeMusikkBonitetErling SteinveggSt Patrick's Cathedral i DublinKopplamPellucid marginal degenerasjonSunnhordlandske ord og vendingarTorinoKristian ØdegårdKelvinTandemboggiDanmarkSur nedbørMeter per sekundGuden RaLagerthaMS «Vega» (1938)DesiRoland BrücknerRaudstrupeOboBieOslo rådhusBergenKvalsundskipetArs Moriendi, eller De syv dødsmåterAsle Madssen StrandBjørnCarl I. HagenRosenborg BallklubMatSaltMarie AntoinetteLovInnlandNorskTokyoKjell Kristian RikeByggPrositPiezometerAlf-Inge HålandPetter NorthugBermuda🡆 More