Mat

Mat (norrønt matr) er alt det ein kan eta.

Mat er viktig for å få i seg næringsstoffa ein treng, men smak, lukt, utsjånad, tekstur og kulturell tyding kan likevel vera like viktig som nytteverdien til maten. Ulike område har derfor utvikla sine eigne, heilt forskjellige former for kokekunst.

Mat
Den vietnamesiske matretten phở med kylling.

Ein skil som regel mat frå drikke, sjølv om dei har mykje av dei same funksjonane. Mat kan finnast i like flytande form som drikke, men ein seier som regel at ein et mat (også flytande, som suppe) medan ein drikk drikke.

Historisk utvikling

Menneske i tidlegare tider brukte mykje av kreftene sine på å skaffa mat, enten ved å sanka, jakta, eller dyrka jorda. Ettersom landbruket er blitt meir og meir effektivt treng ikkje folk bruka så mykje tid eller pengar på å skaffa seg maten ein treng. I staden er det blitt eit problem at ein del får for mykje eller feil næring, noko som kan føra til livsstilsjukdommar som overvekt og eventuelt hjarte- og karsjukdommar eller kreft. Andre, derimot, får for lite eller feil næring, anten fordi dei er fattige eller fordi dei har eteforstyrringar. Dette kan føra til mangelsjukdommar, ufullstendig utvikling, eller i verste fall til at dei døyr av svolt.

Mat som symbol

Mat 
Massá er ein viktig del av jødisk pesah-feiring.

Mennesket er rekna som altetande, det vil seia at me kan ta til oss næring frå mange ulike kjelder, både frå dyr og plantar. Det finst likevel mange kulturelle grenser for kva ein meiner er bra å eta. Religionar som islam, jødedom, hinduisme og buddhisme har til dels kompliserte reglar for kva som er lovleg mat og kva som ikkje er det. Andre kulturar har grenser som er mindre uttalte. Dei fleste nordmenn vil til dømes unngå å eta larvar eller maur fordi dei tykkjer det er ekkelt.

Mat blir brukt til å markera høgtider, anten ved at ein lager ein særskild rett eller ved at ein avstår frå ein viss type mat. I svært mange kulturar er det òg vanleg å ofra mat til gudar eller ånder, anten dagleg eller på spesielle dagar.

Ulike mattypar

Animalsk mat

Frå pattedyr: Kjøt, mjølkeprodukt, blodmat o.a.
Frå fugl: Kjøt av fjørfe og villfugl, egg
Frå havet: Fisk, skaldyr og blautdyr
Plantebasert mat
Annan organisk mat
Uorganisk mat

Kjelder

Tags:

Mat Historisk utviklingMat som symbolMat Ulike mattyparMat KjelderMatKokekunstNæringsstoffSmak

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Øyvind AlsakerBruno CoutinhoNihilismeKevlarKjønnscelleSilvevLitauenSentral-MakedoníaSverigeBuddhisttempelRye i East SussexStorfuglJean CocteauKrigKaptein SabeltannCanon EOS 250DHelena BrodtkorbCristiano RonaldoKvam heradAbrogeraLønnEllen DeGeneresMariann Vestbøstad Marthinsen15. januarAlbert GleizesIggy PopVulvaHaikuFree Fallin'Pilt-OlaKommunikasjonssatellittAfghanistanIndonesiaSagaen om IsfolketWorld Wide Fund for NatureIsBunadCupheadWilliam ShakespeareGrønlandAddress Resolution ProtocolPat MastelottoUrinsyregiktVerdas landDyre VaaCreative CommonsAstrid LindgrenForelskingEiffeltårnetHochalmspitzeHannah MontanaH.C. AndersenNazismeOuverture i fransk stilKristiansund BallklubbAnita O'DaySamleieVM i skiskyting 1999I'm Still StandingUSABjørkefinkEddadiktEli Kari GjengedalROBEKSekretær som møbelTrekanthandelDampmaskinÍpirosDei fem K-ane i sikhismenAndreas RombergAcanthisGrunnstoffliste etter atomnummerOrbitalTrykkHenrik WergelandEmma Watson🡆 More