Kaliyuga

Kaliyuga (devanāgarī कली युग; 'Kali-tida') er, i følgje hinduskrifter, den siste av dei fire utviklingsfasene verda går gjennom som ein del av yuga-syklusen.

Dei andre tidsaldrane er dvaparayuga, tretayuga og satyayuga. Ved slutten av kaliyuga går verda under.

Kaliyuga
Ein mann vernar kua mot demonen Kali. Frå Ravi Varma Press (1897).

Kaliyuga skal vera den tidsalderen der menneska blir andeleg svekka. I hinduisme blir moral eller dharma ofte representert som ein okse. I Satya Yuga, den første tidsalderen, har oksen fire bein, men i kvar tidsalder blir talet på bein redusert. I Kali er moralen så svekka at oksen berre har ein fot å stå på.

Demonen Kali herskar over denne tidsalderen. Han er erkefienden til Kalki, den tiande og siste avataren til Vishnu. Ifølgje Vishnu Purana er Kali ein negativ manifestasjon som verker for å forårsaka slutten (eller i røynda fornyinga) av universet. Kali er også ei antagonistisk kraft i Kalki Purana. Det blir sagt at mot sutten av tidsalderen vil Kalki koma attende ridande på ein kvit hest og kjempa mot Kali og styrkane hans. Verda vil gå gjennom ein kataklysme som øydelegg alt det vonde, og Shiva vil øyedeleggja universet. Brahma vil så skapa eit nytt univers, og ein ny yugasyklus vil ta til.

I følgje Surya Siddhanta, ei astronomisk avhandling som er utgangspunktet for alle hindu- og buddhist-kalenderar, tok tidsalderen Kali Yuga til ved midnatt (00:00) den 23. januar 3102 f.Kr. i den gregorianske kalenderen. Same tidspunkt blir òg rekna av mange hinduar for å vere då Krishna forlét lekamen sin.

Kali Yuga skal vare i 432 000 år. Dei fleste tolkarar av hindu-skrifter meiner verda for tida er i kaliyuga. Nokre meiner òg at vi er i starten på dwaparayuga.

Kjelder

Tags:

DevanāgarīHinduskrifter

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

EselSymbolPortugisiskNaturbrukThorolf HolmboeAristotelesNasjonaldagEngland og WalesSkigardsviseDet skeive tårnet i PisaAdolf HitlerSnikkarRundeDompapFylkesveg 751LangeKapitalismeInkarikets fallSvastikaInformasjonskapselLuganoMicky MoodyWehrmachtKappløpet om AfrikaMitoseReligiøse debattar om Harry Potter-serienSteinBærum SportsklubbStore norske leksikonJoe BidenFuglarWilliam OrpenAnita O'DayMegawattTwitterIgoumenítsaFrankrikeObtestGrønlandJordskorpeplateAndreas RombergAntropomorfismeIngvild KjerkolJerry ReedApatosaurusIslandFA-cupfinalen i fotball 2001SiderGrodagenDesta Marie BeederIsUngkarSlaveMrs. RobinsonSpaniaAnatolij FirsovPRISMPetter NorthugSverigeRaudstrupeNile RodgersLonely and Blue15. januarSkandinaviaRepublikkSudanVestleg kampkunstJørn Lier HorstKravområde i AntarktisKronografNihilisme🡆 More