Hav: Stor saltvasslekam

Hav er store, samanhengande massar av saltvatn, som dekker om lag tre fjerdedelar (71%) av jordoverflata.

Dei er svært viktige for oss menneske, både når det gjeld handel, næring og klima.

Hav: Oseanografi, Klima, Transport
Atlanterhavet sett frå Jamaica.
Hav: Oseanografi, Klima, Transport
Satellittbilde av Sørkinahavet, eit randhav av Stillehavet.

Dei største ubrotne havfelta vert kalla verdshav, og inneheld eller grensar til ei rekke mindre hav. Ved kantane møter verdshava ofte øygrupper og landmassar som skapar randhav og innhav. Mindre delar av hava vert kalla sjøar, sund, stred, bukter, viker og fjordar. Menneskeskapte kanalar er òg blitt del av hava.

Dei offisielle grensene mellom dei ulike hava vert sette av det internasjonale hydrografi-laget, International Hydrographic Organization.

Oseanografi

Mengda vatn på jorda er konstant: 1,3 · 109 km3. Denne hydrosfæra er eit lukka system: vatn forsvinn ikkje, og nytt vatn har ikkje vorte danna på dei siste 3,8 milliardar åra. 97 % av alt vatnet finst i hava. Dei tre største av desse er Stillehavet med 51,6 % av havvatnet, Atlanterhavet med 23,6% og Indiahavet med 21,2%. Alle andre hav utgjer til saman berre 3,6 % av saltvatnet på jorda.

Snittdjupna på hava er 3,86 km. Stillehavet er i snitt 300 m djupare enn Atlanteren og Indiahavet. Det djupaste punktet i havet er Marianegropa i Stillehavet, som på det djupaste er 10 924 meter. Dette punktet vert kalla Challenger-djupet etter det britiske marinefartøyet Challenger II som først utforska Marianegropa i 1951.

Havyta ligg noko lågare på austsida av hava enn på vestsida, på grunn av jordrotasjonen. I Stillehavet er denne skilnaden omtrent ein halv meter.

Hav: Oseanografi, Klima, Transport 
Skjematisk framstilling av havbotnen i Nordishavet.

Menneske byrja å utforska havet først i 1872, med det britiske marinefartøyet HMS Challenger, som sigla rundt i tre og eit halvt år og tok prøver og målingar frå nesten 70 000 sjømil med hav. Det var denne ekspedisjonen, arrangert av British Museum og the Royal Society i samarbeid med den bristiske regjeringa, som oppdaga den undersjøiske Atlanterhavsryggen. Ekspedisjonen samla dessutan inn m.a. over 4 700 nye artar av havskapningar.

Vi veit foreløpig svært lite om korleis havbotnen ser ut. Det finst ingen gode, offentleg tilgjengelege kart over han. Vi har langt betre kart over månen og Mars enn over vår eigen havbotn. Dette skuldast dels at slike kart er dyre å laga og stort sett har vore rekna for lite nyttige, dels at dei karta som finst, er laga med militære føremål og vert haldne skjult for framande makter.

Hav: Oseanografi, Klima, Transport 
Aktinoform sky danna over Stillehavet.

Klima

Hava har stor innverknad på klimaet på jorda. Vatn held på temperaturar lenger enn luft gjer, slik at kystområde som regel har jamnare temperatur enn innlandsområde. Dette kallar me kystklima.

Havstraumar fører vatn med ulike temperaturar til fjerne strøk, noko som gjer desse områda varmare eller kaldare enn dei skulle vera etter breiddegraden sin.

Det er også over havet at syklonar oppstår. Dei kan òg stå for store og øydeleggjande flodbølgjer og flaumar.

Hav: Oseanografi, Klima, Transport 
Fleire kulturar har utvikla havgåande fartøy, som den maoriske wakaen og det europeiske segslkipet. Måleri av Louis John Steele frå 1889.

Transport

Ein har brukt havet som framkomstveg i uminnelege tider. Skipsfart er framleis den billegaste måten å frakta store laster på, sjølv om passasjerfart, særleg over lange strekningar, er gått kraftig ned etter at flytrafikken vart opna for alle.

I nyare tid har ein òg reist nedover i havet med hjelp av u-båtar og djuphavsfarkostar (batysfærer).

Hav: Oseanografi, Klima, Transport 
Pelagisk soneinndeling av havet.

Livet i havet

Livet oppstod i havet, og det er ikkje uventa heimen til eit vell av ulike livsformer. Her finn ein alt frå mikroskopiske vesen som mikroalger og cyanobakterier til dei største dyra som finst; kvalane. Ettersom menneska har byrja å gjera meir og meir bruk av havet, vert fleire av desse artane truga. Forureining, for mykje fangst og fiske og ein aukande skipsfart er nokre av dei største plagene til livet i havet.

Hav på andre planetar

Hav: Oseanografi, Klima, Transport 
Jorda frå Apollo 17.

Sett frå verdsrommet ser jorda blå ut på grunn av dei store havflatene, og har fått tilnamnet «den blå planeten». Me kjenner ingen andre planetar med flytande vatn på overflata, sjølv om det er mogleg at planeten Mars ein gong hadde det.

Ein trur likevel at det finst vatn under overflata på nokre av månane i solsystemet. Europa er den mest tenkjelege til å ha flytande vatn, medan Triton og andre frosne månar kan ha hatt havområde tidlegare. Det er og mogeleg at planetane Uranus og Neptun har flytande vatn under den tjukke atmosfæra si om dei har ei hard kjerne. Ein kjenner lite til desse planetane sin interne struktur.

Bakgrunnsstoff

Hav: Oseanografi, Klima, Transport  Commons har multimedium som gjeld: Hav

Tags:

Hav OseanografiHav KlimaHav TransportHav Livet i havetHav på andre planetarHav BakgrunnsstoffHavKlimaSaltvatn

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

PålemakkAnkerløkken VerftVågan kyrkjeLynni TreekremDampmaskinTromsø kommunePippi LangstrømpeBerlinmurenJonas Gahr StøreVardøgerOlivia RodrigoSibirLodi i ItaliaAndreas ScheiLineariseringReligiøse nasjonalsymbolHappy HumanJødedommenCharles DarwinHovudsideKnut HamsunJournalistUnicodeAlligatorarKvadratmeterIP-adresseLinn UllmannNihilismeMMBergen GroupEdderkoppar i kulturenRomartalMellomalderenByen PellaWienerklassisismenStillehavetØrnIf I Were SorryCotangensFIR-filterAtenKlima i AustraliaEdward MordrakeFolgefonnaCarl Fredrik HillBodø kommuneLotka-Volterra-likningPelle og Pysa PiratLokeGiovanni Pierluigi da PalestrinaAnusNORCCISWario Land 3InformasjonsteknologiMolde kommuneKorallUrfolk i USAVaktelThe Legend of ZeldaTrettiårskrigenNatriumFilmserien Harry PotterPikoSunnmøreIkonostasKon-Tiki-ekspedisjonenAlexander RybakTower of PowerVinkelfartNangijalaROBEKAngst🡆 More